Kommunene · Kvinnherad · Saker
Kvinnherad Energi Strategi
Vedtak
Kvinnherad kommunestyre tek Kvinnherad Energi AS sin strategiplan til vitande. Kvinnherad kommunestyre vil samstundes minna om gjeldande kommunestyrevedtak om at det ikkje skal byggjast ut vindkraft i Kvinnherad kommune. Utbygging av solkraft på kommunale bygningar. Kommunestyret ber Kvinnherad Energi AS utarbeida forslag til ein eventuell plan for bygging av solkraftproduksjon på kommunale bygningar. Planen bør skissera mogleg produksjon og eventuell organisering av utbygging i regi av Kvinnherad Energi AS, samt forslag til naudsynt avtaleverk m.m. i høve Kvinnherad kommune.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 28.11.2024:
NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ PER HARALD H.L. JOHANSEN, AP:
Kvinnherad kommunestyre tek Kvinnherad Energi AS sin strategiplan til vitande. Kvinnherad kommunestyre vil samstundes minna om gjeldande kommunestyrevedtak om at det ikkje skal byggjast ut vindkraft i Kvinnherad kommune. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ OVE LEMICKA, FRP:
Pkt 7. Tillegg til teksten som står i innstillinga: Kvinnherad Energi AS skal ikkje delta i kartlegging eller utgreiing av vindkraft.
Pkt. 8. Tillegg til teksten som står i innstillinga:
Pådriverrolle gjeld ikkje for etablering av vindkraftprosjekt. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ WERMUND VETRHUS, SV:
Kvinnherad kommunestyre nyttar høvet til å senda eigarsignal om at Kvinnherad Energi sin strategiplan er eit godt fagleg utarbeidd dokument, og oppmodar om å justera følgande punkt:
5. Blir tatt ut
7. [...], men ikkje kartleggja potensialet for vindkraft eller kjernekraft
8. [...], men ikkje vera pådrivar for vindkraft eller kjernekraft. NYTT FRAMSETT TILLEGGSFORSLAG FRÅ OVE LEMICKA, FRP:
Datalagring. Det har over tid vore stor etterspurnad etter eigna stader for datalagring. Kvinnherad kommune har ei særstilling i regionen då det er einaste kommunen som har tilgjengeleg kraft, som t.d. Matre (Blåfalli). Frå tidlegare har det vore dialog om å etablera datasenter i den nedlagte kraftstasjonen i Matre (Blåfalli I). Her er det ein relativt romsleg fjellhall med god tilgang på kraft og kjøling. Det er utført eit arbeid med reguleringsplan rundt administrasjonsbygget til SKL i Matre, også tiltenkt datalagring. Kommunestyret ber Kvinnherad energi arbeide vidare med å utreie denne moglegheiten.
NYTT FRAMSETT TILLEGGSFORSLAG FRÅ OVE LEMICKA, FRP:
Utbygging av solkraft på kommunale bygningar. Kommunestyret ber Kvinnherad Energi AS utarbeida forslag til ein eventuell plan for bygging av solkraftproduksjon på kommunale bygningar. Planen bør skissera mogleg produksjon og eventuell organisering av utbygging i regi av Kvinnherad Energi AS, samt forslag til naudsynt avtaleverk m.m. i høve Kvinnherad kommune.
Det vart røysta over alle forslaga. Ove Lemicka sitt forslag fall med 7 for og 27 mot. Desse stemde for forslaget: Ove Lemicka (FrP), Per Svindland (FrP), Tove Lill Lakselv (FrP), Eirik Kvåle (IND), Heidi Bolette Jakobsen (IND), Jostein Rødland (IND), Kjell Aage Ekeland (IND)
Wermund Vetrhus, SV, sitt forslag fall med 4 for og 30 mot. Desse stemde for forslaget: Jostein Saghaug (MDG), Hildegunn Hanstvedt Tofte (SV), Silje Nordveit Olsen (SV), Wermund Vetrhus (SV)
Tilleggsforslaget frå Ove Lemicka, Frp, om datalagring fall med 26 mot 8 røyster. Desse stemde for: Ove Lemicka (FrP), Per Svindland (FrP), Tove Lill Lakselv (FrP), Helge Tangerås (H), Eirik Kvåle (IND), Heidi Bolette Jakobsen (IND), Jostein Rødland (IND), Kjell Aage Ekeland (IND)
Tilleggsforslaget frå Ove Lemicka, Frp, om utbygging av solkraft på kommunale bygningar vart vedteke med 25 mot 9 røyster. Desse stemde mot: Bjørn Olav Tveit (AP), Per Harald H.L. Johansen (AP), Synnøve Solbakken (AP), Øyvind Hardeland (AP), Knut Johannes Helvik (H), Stine Hatteberg (H), Vegard Bjørnevik (H), Inger-Elin Nesheim (KrF), Svein Åge Vangdal (SP)
Forslaget frå Per Harald H.L.Johansen, AP, vart einstemmig vedteke.
Kommunedirektøren si innstilling fall med 0 mot 34 røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.