Kommunene · Kvinnherad · Saker
Overordna Beredskapsplan 2024 -2028
Vedtak
Saka vert sendt attende til Kommunedirektøren og justert i tråd med innspel frå Kommunestyret.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 28.11.2024:
NYTT FRAMSETT ENDRINGSFORSLAG FRÅ VERONICA THORKILDSEN THORSEN, SP:
Side 3 punkt 1.2 andre avsnitt: Ressursar til disposisjon Forslag til vedtak: Ressursar kan vere...og frivillige organisasjonar... Side 4 punkt 1.4 Kommunedirektøren sitt beredskapsråd. Forslag til vedtak: I 2024 vil rådet bli utvida med medlem frå frivilligsentralen... Side 5 punkt 2.0 Beredskapsplanen Oversikt over lister; Forslag til vedtak: Tillegg på punkt 3. Oversikta skal også syne kva beredskapsressursar frivillige organisasjonar har i kommunen.
Side 6 punkt 2.1 Kommunen si beredskapsleiing Tillegg på punkt 2.1 ....Avhengig av situasjonen, kan andre nøkkelpersonar verta innkalla til å delta i beredskapsleiinga. Frivillige organisasjonar kan også verta innkalla etter behov. Dette vert vurdert og avgjort i kvar enkelt hending. ….Det er frivilligsentralen som som organiserer dei frivillige og har utøvande kontakt med desse. Side 9 punkt 3.0 Øvingar, opplæring og evaluering Forslag til vedtak: Naudetatar og frivillige organisasjonar skal bli invitert med på minst ein beredskapsøving i året. Dette er viktig for å ha ei heilhetleg og oppdatert oversikt over kva ressursar og kompetanse kommunen har på beredskap. NYTT FRAMSETT OVERENDINGSFORSLAG FRÅ PER HARALD H.L. JOHANSEN, AP:
Ber om at det vert oppretta ei eiga liste over interne kommunale ressursar. NYTT FRAMSETT TILBAKESENDINGSFORSLAG FRÅ JØRN OLAV TVEIT, AP:
Saka vert sendt attende til Kommunedirektøren og justert i tråd med innspel frå Kommunestyret.
Tilbakesendingsforslaget frå Bjørn Olav Tveit, AP, vart behandla først. Det vart vedteke med 27 mot 7 røyster. Desse stemde mot: Ove Lemicka (FrP), Tove Lill Lakselv (FrP), Vegard Bjørnevik (H), Jostein Rødland (IND), Alf Jarle Langeland (KrF), Inger-Elin Nesheim (KrF), Jostein Saghaug (MDG)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.