Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Gjennomgang av selskap der Kvinnherad kommune er eigar/ medlem

Sak 120/2024 · Kommunestyret 31. oktober 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Det vert vedteke at Kvinnherad kommune seier opp medlemsskapet i: - Maritime CleanTech . I tillegg sel vi aksjar i følgande selskap: Åkrafjorden oppleving AS Cruise Norway AS Fjord Norge AS Norsk Bane AS

2. Kvinnherad kommune skal fortsatt vera medlem av Visit Hardangefjord AS.

3. Kvinnherad kommune skal fortsatt vera medlem av Nettverk for fjord og kystkommunar.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 31.10.2024:

Industrikommunane:

Kvinnherad kommune er ein av dei store industrikommunane i Noreg. Nettverket Industrikommunane er eit nettverk som fremjer interessene for medlemskommunane i Noreg. På same måte som vi er knytt til LVK for saker innom kraftspørsmål og Nettverk for fjord og kystkommunar innom Havbruksspørsmål, er det viktig at Kvinnherad kommune er tilknytt nettverket Industrikommunane, både for å fremje og sikra rammevilkåra for industrien vår, og for å ha tilgang på rådgjeving og ressursar dersom dette er naudsynt. Visit Hardangerfjord AS:

Mykje av kommunen si marknadsføring mot turistar er bygd opp rundt den tekniske plattforma til Visit Hardangerfjord. Det er viktig for både turistnæringa, for Hardangerregionen og for Kvinnherad, at vi opprettheld stabile samarbeid på tvers av kommunane. Forutsigbarhet og langsiktige strategiar er avgjerande for å lykkast. Kvinnherad AP ønskjer derfor å gje tydelege signal om at Kvinnherad kommune fortsatt skal vera medlem av Visit Hardangerfjord. Nettverk for fjord og kystkommunar Nettverk for fjord og kystkommunar er det viktigaste nettverket innom Havbruksspørsmål. For å sikra tilgang på rådgjeving og ressursar ved viktige spørsmål for mellom anna havbruk, bør det presiserast at Kvinnherad kommune også i framtida skal vera medlem av dette nettverket.

1. Det vert vedteke at Kvinnherad kommune seier opp medlemsskapet i: - Maritime CleanTech I tillegg sel vi aksjar i følgande selskap: Åkrafjorden oppleving AS Cruise Norway AS Fjord Norge AS Norsk Bane AS

2. Kvinnherad kommune skal fortsatt vera medlem av Visit Hardangefjord AS

3. Kvinnherad kommune skal fortsatt vera medlem av Nettverk for fjord og kystkommunar Å behalda aksjen har ikkje kostnader. Arbeidet med å realisere èin högfartsbane mellom aust og vest vil vera viktig for framtida.

1. Aksjane i Norsk bane må behaldast. Per Harald H.L Johansen sitt framsette forslag fekk 18 røyster og vart vedteke mot 17 røyster. Dei som røysta FOR var: Bjørn Olav Tveit (AP), Monica Lindseth (AP), Per Harald H.L. Johansen (AP), Synnøve Solbakken (AP), Varaordfører Thea Vaage (AP), Øyvind Hardeland (AP), Ove Lemicka (FrP), Sigmund Nordfonn (FrP), Knut Johannes Helvik (H), Elise Marie Stava Vangdal (SP), Ingve Lunde Hesjedal (SP), Jarle Andresen (SP), Julie Holmedal Askeland (SP), Veronica Thorkildsen Thorsen (SP), Hildegunn Hanstvedt Tofte (SV), Silje Nordveit Olsen (SV), Wermund Vetrhus (SV), Maren Elise Skogseth (V). Jostein Saghaug sitt framsette forslag fekk 28 røyster og vart vedteke mot 7 røyster. Dei som røysta mot var: Per Harald H.L. Johansen (AP), Synnøve Solbakken (AP), Ove Lemicka (FrP), Per Svindland (FrP), Erling Niclasen (H), Hanne Kristensen (H), Jarle Andresen (SP)

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.