Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Tilleggshøyringsuttale - Mauranger kraftverk

Sak 96/2024 · Kommunestyret 19. september 2024 · Behandlet

Vedtak

Slik saka ligg føre, kan ikkje Kommunestyret sjå at det er proporsjonalitet mellom naturinngrepa, belastninga på lokalsamfunnet og den økonomiske verdiskapinga ved den planlagde utbygginga på den eine sida, og kompensasjonen til lokalsamfunnet og Kvinnherad kommune på den andre sida.

1. Kommunestyret sender tillegg til høyringsuttale som vedlagt.

2. Kvinnherad kommune vil motsetje seg den omsøkte utbygginga, inntil det er oppnådd ein tilstrekkeleg balanse mellom belastning

og kompensasjon for utbygginga.

3. Kommunestyret gjev Ordførar fullmakt til å gjennomføra forhandlingar om avtalevilkår med konsesjonssøkar. Ein evt. avtale

skal godkjennast av Kommunestyret etter naudsynt offentleg

prosess.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 19.09.2024:

Nytt framsett forslag frå Per Harald Havnen Løfgren Johansen:

Slik saka ligg føre, kan ikkje Kommunestyret sjå at det er proporsjonalitet mellom naturinngrepa, belastninga på lokalsamfunnet og den økonomiske verdiskapinga ved den planlagde utbygginga på den eine sida, og kompensasjonen til lokalsamfunnet og Kvinnherad kommune på den andre sida.

1. Kommunestyret sender tillegg til høyringsuttale som vedlagt.

2. Kvinnherad kommune vil motsetje seg den omsøkte utbygginga, inntil det er oppnådd ein tilstrekkeleg balanse mellom belastning og kompensasjon for utbygginga.

3. Kommunestyret gjev Ordførar fullmakt til å gjennomføra forhandlingar om avtalevilkår med konsesjonssøkar. Ein evt. avtale skal godkjennast av Kommunestyret etter naudsynt offentleg prosess.

RØYSTING:

Nytt framsett forslag frå Løfren Johansen vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.