Kommunene · Kvinnherad · Saker
Høyringsuttale - Utviklingsplan for Vestland 2024 - 2028
Vedtak
Det vert vedteke at ordlyden i saksutgreiinga er Kvinnherad kommune sin høyringsuttale til utviklingsplan for Vestland 2024- 2028.
Forslag til ny tekst under avsnittet "Kvinnherad - kva er viktig for oss":
Vi vil også understreke at VLFK spelar ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekstvilkår i Vestland, dette bør få eit større fokus i planen. Eit variert og godt utbygd vidaregåande utdanningstilbod er avgjerande i for å skape attrative oppvekstkår i heile fylket. I motsett fall: ei nedbygging av utdanningstilbodet i distrikta vil føre til lågare attraktivitet, ufrivillig hybelbuing, auka risiko for fråfall og auka risiko for utanforskap og unge uføre.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.09.2024:
Nytt framsett forslag frå Bjørn Olav Tveit, Ap:
Nytt avsnitt:
Forslag til ny tekst under avsnittet "Kvinnherad - kva er viktig for oss":
Vi vil også understreke at VLFK spelar ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekstvilkår i Vestland, dette bør få eit større fokus i planen. Eit variert og godt utbygd vidaregåande utdanningstilbod er avgjerande i for å skape attrative oppvekstkår i heile fylket. I motsett fall: ei nedbygging av utdanningstilbodet i distrikta vil føre til lågare attraktivitet, ufrivillig hybelbuing, auka risiko for fråfall og auka risiko for utanforskap og unge uføre.
Nytt framsett forslag frå Gunnar Helleland, Inp:
Kommentarer til Fylket sin Utviklingsplan for Vestland.
Energi og kraftutbygging:
Energi og kraftutbygging Norske kraftkommunar får ikkje betalt for innsatsen. Kvinnherad står føre store utbyggingar i kraftproduksjon og nett, dette er først og fremst på vegne av storsamfunnet og kysten som treng meir straum. Det er ei stor utfordring at det ikkje er meir kraft og nettkapasitet i Noreg. Som kommune tek vi nasjonalt ansvar, men det ligg lite att i krone og øre. Store inngrep i naturen og nett som skal krysse kommunen nord- sør og aust- vest må kompenserast. Kommunane burde få ein større del av verdiskapinga og næringsutviklinga som følgje av å seie ja til kraftutbygging. Kommentar til planen:
• Under kapittelet om energi og kraftutbygging så burde det vore tatt med at Kvinnherad ikkje set av areal til vindkraftutbygging. Mobilitet:
Hurtigbåtane til og frå kommunen er sjølve livsnerven i lokalsamfunnet. Vegsamband og offentleg kommunikasjon i, til og frå Kvinnherad må forbetrast. Kommentar til planen:
• Det må ikkje tillatast snøggbåtane går med mindre fart enn i dag. Dette vil vera eit stort tilbakesteg for distrikta. Skal det nyttast nye typar drivstoff, så MÅ dette testast ut ein lang periode for å sjå at dette verkar skikkeleg, er sikkert og er stabilt før det vert tatt i bruk. Naturmangfald og areal:
Naturkrisa er sterkt knyta til klimakrisa Kommentar til planen:
• Vanndirektivet er ikkje tatt med her, det burde det vore.
• Ordet krise bør tas vekk frå planen. Dette skremmer både ung og gamal, kanskje spesielt dei unge som les dette.
o (Vestlandet har alltid hatt mykje vær, både fint og dårleg.)
Klima og energi:
I planen under klima og energi så er det eit bilde av eit vindkraft anlegg Kommentar til planen:
• Dette bilde bør fjernast med tanke på at det er mange som får forringa livskvalitet p.g.a. at denne typen industri. Det kan f.eks. erstattast med eit bilete av biokraft anlegg, som faktisk er fornybar energi.
Kapittel 3:
Satningsområde, hovudmål og strategiar Energieffektivsering og tilgang på fornybar energi er avgjerande å redusera klimagassutsleppa i Vestland. Vestland skal stimulera til energioverskot frå fornybare energikjelder og ei robust kraftforsyning. Samspel mellom dei fornybare energikjeldene, effektiv bruk og eit godt utbygd kraftnett sikrar eit robust kraftsystem som bidreg til berekraftig verdiskaping og auka verdiskaping. Kommentar til planen:
• Er dette ei snikinnføring av vindkraft i Vestland fylke sine planar? Her Må kommunen skriva at vi ikkje skal ha vindkraft og set ikkje av areal til dette i Kvinnherad kommune.
RØYSTING:
Nye framsette punkt frå Gunnar Helleland (Inp) fekk 7 røyster (Tove Lill Lakselv og Per Svindland (Frp) og Gunnar Helleland, Kjell Aage Ekeland, Jostein Lønning, Heidi B. Jakobsen og Åge Aakre (alle Inp) og vart ikkje vedteken. Bjørn Olav Tveit (Ap) sitt framsette tilleggsforslag vart samrøystes vedteken. Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.