Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Helsehus Husnes - oppfølging vedtak 20.06

Sak 94/2024 · Kommunestyret 19. september 2024 · Behandlet

Vedtak

1.Kommunestyret vedtar å lysa ut ein anbodskonkurranse med konkurransegrunnlaget som er utarbeidd av Asplan Viak, det vil seia teikningar og overordna spesifikasjonar. 2.Konkurransegrunnlaget skal før utlysing justerast i samsvar med tilbakemeldingar i marknadsdialogen, med føremål om å auka det potensielle talet tilbydarar og redusera kostnaden til prosjektet. 3.I konkurransegrunnlaget vert det lagt inn opsjon på å dimensjonere berekonstruksjonen slik at ein seinare kan bygga på to til tre etasjar. 4.Kommunedirektør får fullmakt til å inngå samspelskontrakt med vinnande entreprenør. 5.Etter samspelsfasen skal saka tilbake til kommunestyret for politisk handsaming, før eventuell signering av totalentreprisekontrakt.

6. Helsehuset er godt eigna som eit privat prosjekt. Det vil redusera låneopptaket og gjelda til kommunen, samstundes som kommunen berre heftar for sin andel av bygget. Parallelt med inhenting av pristilbod, skal det hentast inn tilbod frå privat utbyggar, med same kravspesifikasjon. Dette skal ikkje seinka framdrifta av prosjektet. Det skal haldast takst på tomteverdien, slik at denne vert lagt inn i prosjektet. Dersom kommunal utbygging vert vald, skal eigedomen ved ferdigstilling, lysast ut i eigedomsmarknaden.

7. Det vert å vurdera kostnader med å etablera parkeringsplassar på bakkeplan under helsehuset, med løfting av bygningskroppen.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 19.09.2024:

Prosjektansvarleg Kaia Tjoflåt orienterte om saka før behandling. Økonomisjef Niels Jakob Erlingsson orienterte om det økonomiske her. Framsette forslag frå:

Ove Lemicka, Frp:

Nytt punkt 4; Det vert å vurdera kostnader med å etablera parkeringsplassar på bakkeplan under helsehuset, med løfting av bygningskroppen. Evnt. unntatt ambulansemottaket. Knut Johannes Helvik, H:

Framlegg tilleggspunkt: PKt.6 Helsehuset er godt eigna som eit privat prosjekt. Det vil redusera låneopptaket og gjelda til kommunen, samstundes som kommunen berre heftar for sin andel av bygget. Parallelt med inhenting av pristilbod, skal det hentast inn tilbod frå privat utbyggar, med same kravspesifikasjon. Dette skal ikkje seinka framdrifta av prosjektet. Det skal haldast takst på tomteverdien, slik at denne vert lagt inn i prosjektet. Dersom kommunal utbygging vert vald, skal eigedomen ved ferdigstilling, lysast ut i eigedomsmarknaden. Hildegunn H. Tofte, Sv:

Tilleggspunkt: Halsnøy helsesenter skal vera ein del av helsehuset på Husnes. Jostein Saghaug, Mdg:

Tilleggspunkt: Dersom bygget vert bygd i Husnes sentrum må bygget innehalda mogleghet for parkering under bygget. Andre investeringar må som følge av dett skuvast i tid. Røysting: (33 repr. under avrøysting) Kommunedirektøren si innstilling - samrøystes for Framsett till.punkt frå Ove Lemicka (Frp) - fekk 25 røyster (Frp, Inp, Mdg, Krf, Sp og Sv) og vart vedteke. Framsett till.punkt frå Knut J. Helvik (H) - fekk 20 røyster (H, Inp, Frp, Sp) og vart vedteke. Framsett till.punkt frå Jostein Saghaug (Mdg) - fekk 4 røyster (Sv + Mdg) og fall. Framsett til.punkt frå Hildegunn H. Tofte (Sv) - fekk 4 røyster (Sv + Mdg) og fall.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.