Kommunene · Kvinnherad · Saker
Eigarskapsmelding Kvinnherad kommune
Vedtak
I samsvar med kommunelova § 26-1 vert eigarskapsmeldinga for Kvinnherad kommune for 2024- 2028 vedteken slik den ligg føre. Eigarskapsutvalget ber kommunedirektøren gjere konkrete vurderingar av kommunens eigarskap i dei aksjeselskapa der kommunen ikkje er aktivt involvert, med moglegheit for vurdering av vidare eigarskapet i desse selskapa. Vurderingane skal gje eit beslutningsgrunnlag til budsjettprosessen. · Eigarskapsutvalget ber kommunedirektøren gjere konkrete vurderingar av støtta til følgjande spesifikke selskap, med tanke på å avhende støtta eller eventuelt forhandle ned støtta. Vurderingane skal gje eit beslutningsgrunnlag til budsjettprosessen.
- Visit Hardangefjord AS
- E 134 Haukeligvegen AS
- Fjord Norge AS
- Kommunekraft AS
- Cruise Norway AS
- Norsk Bane as
- Åkrafjorden Oppleving AS
- Maritime CleanTech FLI
- Nettverk for fjord og kystkommunar
- Stiftinga Kystkultur · Eigarskapsutvalget gir kommunedriektør fullmakt til å gjera mindre redaksjonelle endringar i eigarskapsmeldinga fram mot endeleg handsaming i formannskapet, Kommunedirektøren si vurdering skal tilbake til kommunestyret for endeleg handsaming.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.09.2024:
Næringssjef Grete Solheim orienterte før behandling av saka. Jarle Andresen (Sp) sette fram forslag om tilleggspunkt:
Kommunedirektøren si vurdering skal tilbake til kommunestyret for endeleg handsaming. RØYSTING:
Formannskapet si innstilling - samrøystes for Till.punkt frå J.Andresen - 22 røysta for (Sv, Ap, Sp, H, Mdg, Krf) og dette vart vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.