Kommunene · Kvinnherad · Saker
Ny handsaming - Evaluering av husleigesatsar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:
Utsetjingsforslag frå Jostein Saghaug, MDG:
Ber om at saka blir sendt tilbake til administrasjonen for bedre saksutgreiing. Det må forklarast korleis ein får eit negativt bidrag på 3,2 mill, når ein samstundes seier at husleiga blir nytta til å finansiere andre bygg. Saksutgreiinga skal syna korleis bustadskontret kan driftast ved reduserte husleiger. Kommunen skal ikkje tena penger på dei som har minst frå før. Det er ynskjeleg med innsyn i postane lønnskostnad og driftskostnad samt andel rentekostnad for ulike større bufellesskap. Nytt utsetjingsforslag frå Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV:
Saka vert sendt attende til administrasjonen for å greie ut følgjande punkt:
1. kva vert den økonomiske konsekvensane av å avvikla kommunal bustønad?
2. kva vert konsekvensen av å setta ned prisen på husleiga og få faste husleigesatser basert på standard og soverom?
Utsetjingsforslaget til Jostein Saghaug, MDG, vart først behandla og fall med 32 mot 4 røyster: Jostein Saghaug, MDG, Wermund Vetrhus, SV, Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV og Silje Nordtveit Olsen, SV. Deretter vart utsetjingsforslaget til Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV behandla. Dette vart vedteke med 27 mot 7 røyster; Vegard Bjørnevik, H, Thea Vaage, AP, Knut Johannes Helvik, H, Øyvind Hardeland, AP, Lars Røyrvik, AP, Alf Jarle Langeland, KrF, Inger-Elin Nesheim, KrF
VEDTAK til utsetjing:
Saka vert sendt attende til administrasjonen for å greie ut følgjande punkt:
1. kva vert den økonomiske konsekvensane av å avvikla kommunal bustønad?
2. kva vert konsekvensen av å setta ned prisen på husleiga og få faste husleigesatser basert på standard og soverom?
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.