Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Bustadutvikling 2024 - framlegg til stimuleringstiltak

Sak 75/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:

Utsetjingsforslag fremja av Silvia Tofte, H:

Skal me få vekst så er det viktig å stimulere til aktivitet og bustadbygging, men Høgre ynskjer at denne saka skal bli meir utgreidd før me får den til behandling i kommunestyret. Det er ynskjeleg at ein går i dialog med bygg- og anleggsbransjen og høyrer kva dei meiner vil vera gode tiltak for å stimulera til bustadutvikling. Og om dei kjem fram til andre tiltak ynskjer me å sjå på dette også under denne saka, samt at me ynskjer ei større konkretisering på korleis ein skal organisera ein søknadsprosess og kva kriteria ein eventuelt skal vurdere søknader etter om ein går vidare med bustadstimulering slik det ligg føre seg i saka.

Utsetjingsforslaget vart behandla først. 26 røysta for utsetjingsforslaget og saka vart utsett. 9 røysta mot: Jostein Saghaug, MDG, Wermund Vetrhus, SP, Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV, Silje Nordtveit Olsen, SV, Svein Åge Vangdal, SP, Julie Holmedal Askeland, SP, Elise Marie Stava Vangdal, SP, Stein Olav Ølvestveit, SP og Veroniva T Thorsen, SP

VEDTAK til utsetjing:

Skal me få vekst så er det viktig å stimulere til aktivitet og bustadbygging, men Høgre ynskjer at denne saka skal bli meir utgreidd før me får den til behandling i kommunestyret. Det er ynskjeleg at ein går i dialog med bygg- og anleggsbransjen og høyrer kva dei meiner vil vera gode tiltak for å stimulera til bustadutvikling. Og om dei kjem fram til andre tiltak ynskjer me å sjå på dette også under denne saka, samt at me ynskjer ei større konkretisering på korleis ein skal organisera ein søknadsprosess og kva kriteria ein eventuelt skal vurdere søknader etter om ein går vidare med bustadstimulering slik det ligg føre seg i saka.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.