Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Lån til Fjelbergsambandet AS

Sak 76/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kvinnherad kommune gjev eit avdragsfritt lån til Fjelbergsambandet AS på 3.200.000 kroner for å kunne betene påløpte plankostnader. Lånet har ein løpetid til 31.12.2024 og ein rentesats på 7,0 % p.a.

Lånet skal konverterast til aksjekapital i selskapet gjennom emisjon av nye aksjar i selskapet. Emisjonen skal skje i løpet av 2024. Lånet vert finansiert gjennom disposisjonsfondet og skal innarbeidast i ein budsjettrevisjon i 2. kvartalsrapport 2024. Avsette investeringsmidlar til framtidige kostnader til planarbeid vert auka frå 3,0 til 3,5 millionar kroner. Auken vert finansiert av allereie avsette midlar til investeringsprosjektet «Grunnkjøp/tilrettelegging». Eventuelle overskridingar ut over denne auken skal handsamast av kommunestyret i eiga sak. Selskapet og kommunen må fordele attståande arbeid med reguleringsplanen og kostnadar som følgje av planarbeidet etter kvart som oppgåvene vert fordelt mellom partane. 3. Kommunestyret har tidlegare vedteke at Fjelberg-prosjektet skal ha høgst prioritet i plansamanheng. Dette må føljast opp slik at ferdig planforslag vert lagt fram til handsaming i kommunestyret i løpet av hausten 2024. 4. Alle utlegg til planarbeidet som kommunen har hatt er å sjå på som ei forskottering, som selskapet skal krevje attende gjennom dei utbetalingar ferjeavløysingsordninga gir etter gjennomføring av prosjektet.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:

Tilleggsforslag framsett av Stig Arild Fosse på vegne av Høgre:

Nytt tileggspunkt: Høgre 3. Kommunestyret har tidlegare vedteke at Fjelberg-prosjektet skal ha høgst prioritet i plansamanheng. Dette må føljast opp slik at ferdig planforslag vert lagt fram til handsaming i kommunestyret i løpet av hausten 2024. 4. Alle utlegg til planarbeidet som kommunen har hatt er å sjå på som ei forskottering, som selskapet skal krevje attende gjennom dei utbetalingar ferjeavløysingsordninga gir etter gjennomføring av prosjektet.

Habilitetsvurdering:

Synnøve Solbakken, AP, Ove Lemicka, FrP og Silvia Tofte, H, er styremedlemer i Fjelbergsambandet AS og bad om å få vurdert habilitet. Dei er vurdert inhabile etter forvaltningslova § 6 første ledd bokstav e. Desse tre gjekk vekk frå møtet under behandlinga. Som vara for Ove Lemicka kom Sigmund Nordfonn, FrP inn i møtet. Dermed var det var 33 representantar i møtet. Avrøysting:

Kommunedirektøren si innstilling vart einstemmig vedteken. Punkt 3 i tilleggsforslaget fekk 17 røyster og vart vedteke med røystene frå H (8), FrP, (3), SP (5) og Inger-Elin Nesheim, KrF. Desse 16 røysta mot: SV (3), AP (5), V (1), INP (5), MDG (1) og Alf Jarle Langeland, KrF. Punkt 4 i tilleggsforslaget vart einstemmig vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.