Kommunene · Kvinnherad · Saker
Saksframlegg - Samlokalisering Skarveland - Valen skular
Vedtak
1. Punkt 2 i vedtak i Kommunestyret 24.03.2022 som seier: «Skulen på Skarveland vert oppretthalden til ny skule på Valen står ferdig seinast 27/28» vert oppheva.
2. Skulane Skarveland og Valen blir samlokalisert på Valen frå hausten 2025. Krinsgrensene blir endra i tråd med dette.
3. Skulane skal inneverande år byrja arbeidet med å leggja til rette for best mogleg overgang for elevar og tilsette i samlokaliseringa. Byggtekniske tiltak må òg sjåast på i samanslåingsfasen.
4. Hausten 2024 må kommunen starta opp ein molegheitsstudie for å kartlegge moglegheitene for rehabilitering av skulebygget på Valen, eventuelt nybygg for å husa elevane i krinsane Utåker, Sandvoll og Valen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:
Nytt framsett forslag av Inger-Elin Nesheim, KrF på vegne av H, SP, KrF
1. Punkt 2 i vedtak i Kommunestyret 24.03.2022 som seier: «Skulen på Skarveland vert oppretthalden til ny skule på Valen står ferdig seinast 27/28» vert oppheva.
2. Skulane Skarveland og Valen blir samlokalisert på Valen frå hausten 2025. Krinsgrensene blir endra i tråd med dette.
3. Skulane skal inneverande år byrja arbeidet med å leggja til rette for best mogleg overgang for elevar og tilsette i samlokaliseringa. Byggtekniske tiltak må òg sjåast på i samanslåingsfasen.
4. Hausten 2024 må kommunen starta opp ein molegheitsstudie for å kartlegge moglegheitene for rehabilitering av skulebygget på Valen, eventuelt nybygg for å husa elevane i krinsane Utåker, Sandvoll og Valen. Nytt framsett forslag av Ove Lemicka, FrP:
Kvinnherad kommunestyre vedtek at Skarveland Skule skal oppretthaldast.
Først røysta kommunestyret over Ove Lemicka, FrP, sitt forslag. Dette fall med 3 mot 32 røyster. Ove Lemicka, FrP, Tove-Lilla Lakselv, FrP og Per Svindland, FrP, røysta for forlsaget. Deretter vart det punktvis avrøysting i forslaget til Inger-Elin Nesheim, KrF på vegne av H, SP og KrF:
1. Einstemmig
2. Einstemmig
3. Einstemmig
4. 28 røysta for – 7 mot: Thea Vaage, AP, Synnøve Solbakken, AP, Per Harald HL Johansen, AP, Lars Røyrvik, AP, Øyvind Hardeland, AP, Monika Lindseth, AP og Maren Skogseth, V.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.