Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

2097 - Helsehus Husnes

Sak 77/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:

Utsetjingsforslag frå Silvia Tofte, H, på vegne av Sp, INP, MDG, FrP, KrF og H Ein ser at saka framleis krev betydelege investeringar og me ynskjer å sende denne saka tilbake til administrasjonen. Dette for å sjå på eit alternativ 2 kor ein får private aktørar som har erfaring frå denne typen bygg til å leggje fram sine forslag til løysning og som kan komme med ein estimert pris kor mykje dette kan koste. Det må også vera ein estimert kostnad på kva det vil koste ekstra med å ha moglegheit til å ha parkering i kjellaren og moglegheit for påbygg i høgda.. Ein vil orientere om saka i Formannskapet i september og helsehuset skal behandlast igjen i kommunestyremøtet i september. Ein må samstundes i prosessen ha ein tett dialog med framtidige leigetakarar.

Habilitetsvurdering vart gjort i forkant av Synnøve Solbakken, AP, som har vore vald politikar i arbeidsgruppe. Ut i frå dei opplysningane som var oppgitt fell ikkje politisk deltaking i arbeidsgruppe inn under verken fvl. § 6 eller kommunelova § 11.10. Utsetjingsforslaget vart behandla først. Utsetjingsforslaget vart vedteke med 28 mot 7 røyster: Thea Vaage, AP, Synnøve Solbakken, AP, Lars Røyrvik, AP, Maren Skogseth, V, Silje Nordtveit Olsen, SV, Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV og Wermund Vetrhus, SV.

VEDTAK til utsetjing:

Ein ser at saka framleis krev betydelege investeringar og me ynskjer å sende denne saka tilbake til administrasjonen. Dette for å sjå på eit alternativ 2 kor ein får private aktørar som har erfaring frå denne typen bygg til å leggje fram sine forslag til løysning og som kan komme med ein estimert pris kor mykje dette kan koste. Det må også vera ein estimert kostnad på kva det vil koste ekstra med å ha moglegheit til å ha parkering i kjellaren og moglegheit for påbygg i høgda.. Ein vil orientere om saka i Formannskapet i september og helsehuset skal behandlast igjen i kommunestyremøtet i september. Ein må samstundes i prosessen ha ein tett dialog med framtidige leigetakarar.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.