Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Interpellasjon - Planlagt utslepp frå Equinor v/Johan Castberg i Klosterfjorden

Interpellasjon 2/2024 · Kommunestyret 23. mai 2024 · Behandlet

Vedtak

Kvinnherad kommune klagar på Miljødirektoratet sitt vedtak av 14.05.2024 om løyve til utslepp i samband med Johan Castberg inshore-fase i Klosterfjorden. Klagen gjeld løyve til utslepp av kjemikalium og at det ikkje vert stilt spesifikke krav til utslepp av sanitært avløpsvatn. Kvinnherad kommune har i sin uttale til søknaden forventa at tilstanden til vassmiljøet i fjorden vert nøye vurdert i løyve om utslepp frå produksjon -og lagerskip Johan Castberg. I uttalen til kommunen vert det peikt på at Klosterfjorden i mange år har vorte nytta til liknande aktivitet, og at det er på tide å sjå på heilskapen av ulike påverknadar i fjordsystemet og mogeleg sjå på andre løysingar for slike utslepp. Miljødirektoratet sine vurderingar tek utgangspunkt i Castberg-prosjektet som ei isolert hending. Klosterfjorden har fortrinn som gjer den eigna for inshore-operasjonar og dette fjordstykket har dei seinare åra vore nytta til m.a. demolering av utrangert oljeplattform, vending av havvindmodul og testing av undersjøiske kablar. Klosterfjorden spelar såleis ei rolle i det grøne skiftet og er ein viktig ressurs for industrien i regionen. Erfaring viser at det vil vere etterspurnad etter inshore-lokasjonar av denne typen frametter, og Kvinnherad kommune ynskjer at Klosterfjorden skal kunne nyttast til slike operasjonar i framtida også. Då må løyva til dei einskilde prosjekta vurderast i eit langsiktig og repeterande perspektiv, noko ein ikkje kan sjå har vore vurdert i denne saka. Kvinnherad kommune finn det oppsiktsvekkande at Equinor berre har teke innkomne uttalar til etterretning utan å syne til at det er gjort ei reell vurdering av dei moment høyringsinstansane har lagt fram.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 23.05.2024:

Nytt framsett forslag frå ordførar:

Forslag til vedtak interpellasjon johan castberg Kvinnherad kommune klagar på Miljødirektoratet sitt vedtak av 14.05.2024 om løyve til utslepp i samband med Johan Castberg inshore-fase i Klosterfjorden. Klagen gjeld løyve til utslepp av kjemikalium og at det ikkje vert stilt spesifikke krav til utslepp av sanitært avløpsvatn. Kvinnherad kommune har i sin uttale til søknaden forventa at tilstanden til vassmiljøet i fjorden vert nøye vurdert i løyve om utslepp frå produksjon -og lagerskip Johan Castberg. I uttalen til kommunen vert det peikt på at Klosterfjorden i mange år har vorte nytta til liknande aktivitet, og at det er på tide å sjå på heilskapen av ulike påverknadar i fjordsystemet og mogeleg sjå på andre løysingar for slike utslepp. Miljødirektoratet sine vurderingar tek utgangspunkt i Castberg-prosjektet som ei isolert hending. Klosterfjorden har fortrinn som gjer den eigna for inshore-operasjonar og dette fjordstykket har dei seinare åra vore nytta til m.a. demolering av utrangert oljeplattform, vending av havvindmodul og testing av undersjøiske kablar. Klosterfjorden spelar såleis ei rolle i det grøne skiftet og er ein viktig ressurs for industrien i regionen. Erfaring viser at det vil vere etterspurnad etter inshore-lokasjonar av denne typen frametter, og Kvinnherad kommune ynskjer at Klosterfjorden skal kunne nyttast til slike operasjonar i framtida også. Då må løyva til dei einskilde prosjekta vurderast i eit langsiktig og repeterande perspektiv, noko ein ikkje kan sjå har vore vurdert i denne saka. Kvinnherad kommune finn det oppsiktsvekkande at Equinor berre har teke innkomne uttalar til etterretning utan å syne til at det er gjort ei reell vurdering av dei moment høyringsinstansane har lagt fram. Nytt framsett forslag frå Ove Lemicka, Frp:

Kvinnherad kommunestyre tar vedtak om utslippsløyve som er gitt til Equinor til etterretning. RØYSTING:

Framsett forslag frå Ove Lemicka (Frp) fekk 5 røyster og fall. (Lemicka, Svindland, Lakselv (alle Frp), Kroka og Tangerås (begge H). Framsett forslag frå ordførar vart sett opp mot Løfgren Johansen sitt forslag. Ordførar sitt forslag fekk 19 røyster og vart vedteke. (Bjørnevik, Helleland, Rødland, Hatteberg, Tofte, Helvik, Jakobsen, Aakre, Tangerås, Lemicka, Svindland, Lakselv, Flatland, Kristensen, Kroka, Tufta, Nesheim, Langeland og Solbakken.)

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.