Kommunene · Kvinnherad · Saker
Uttale - Grendaskulen AS - Privat skule
Vedtak
Saka vert teken til orientering og sendt vidare til Utdanningsdirektoratet som kommunen sin uttale i saka.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:
Nytt forslag til høyringsuttale framlagt av Tove Lill Lakselv, FrP
I Kvinnherad kommune er det frå før berre ein privat skule som tilbyr alternativ pedagogikk. Kommunen har ikkje skular som er etablerte i forhold til livssyn. Det vil vere positivt for kommunen å ha eit slikt alternativ, det vil auka mangfaldet. Ein liten skule med 40 elevar, fordelt på alle trinna, kan ha ein positiv og inkluderande effekt. Dette kan vere med å trygge elevane og auke den mellommenneskelege forståelsen. Ikkje alle elevar har nytte av eit stort sosialt miljø. Skulestrukturen vil ikkje bli endra som ein konsekvens av dette, då dette er ein liten skule. Private skular kan vera nyttige supplement til kommunale skular. Dei kan ha eit anna og nytt fokus, som gjev auka mangfald og læring mellom skulane. At foreldre og elevar kan velje andre skular enn dei offentlege kan verke positivt, og det er ein rett dei har. Det er difor viktig at kommunen legg til rette for at dette er mogleg. Kvinnherad kommune vil difor rå til at Grendaskulen AS får etablera seg i Kvinnherad. Nytt framsett forslag frå Inger-Elin Nesheim, KrF:
Kvinnherad kommune stiller seg positiv til etablering av Grendaskulen As.
Innstillinga frå Levekårsutvalet vart sett opp mot dei 2 framsette forslaga og vart vedteke med 27 røyster. Desse røysta mot: Inger-Elin Nesheim, KrF, Alf Jarle Langeland, KrF, Ove Lemicka, FrP, Tove Lill Lakselv, FrP, Per Svindland, FrP, Jostein Rødland, INP, Heidi Bolette Jakobsen INP og Kjell Åge Ekeland, INP
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.