Kommunene · Kvinnherad · Saker
Årsmelding 2023
Vedtak
1.Årsmelding og rekneskap for 2023 vert godkjent slik det ligg føre med eit netto driftsresultat på 132.170.196 kroner. 2.Mindreforbruk på 112.992.572 kroner vert disponert som følgjer:
Avsetning til disposisjonsfond jamfør oversikt § 5-9 112 992 572 Kommunedirektør sitt forslag til disponering:
Avsetning til kapitalfond 2 564 933
Avsetning til bundne driftsfond 2 900 691
Avsetning til bufferfond Kraftfondet 28 200 000
Avsetning til disposisjonsfond premieavvik 79 326 948
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 23.05.2024:
Økonomisjef Niels Jakob Erlingsson orienterte før behandling av saka. Nytt framsett forslag frå Åge Aakre, Inp:
Kvinnherad kommune har i 2023 hatt eit overskot på 132 millioner kroner. Dette skyldes bl.a auka inntekter frå skatteinntekter, god avkasting frå kraftfondet stort premieavvik frå pensjonsmidlar og høgare utbetaling frå havbruksfondet enn det som var budsjettert. Det er foreslått fra kommunedirektøren å sette av:
80 millioner til disposisjonsfond premieavvik. 2,5 millioner til kapitalfond 2,9 millioner til bundne driftsfond. De resterende 28 millionene er foreslått avsett til kraftfondet. INP har et annet forslag som vi meiner vil komme innbyggjarane i kommunen direkte til gode. Kvinnherad kommune har 1 milliard kroner i kraftfondet. Det har Kvinnherad kommune fått til gjennom smarte valg og investeringer siden kraftfondet ble oppretta. Vi veit at det kommer store investeringer innen vatn og avløp dei kommande åra, vatn og avløp skal være til selvkost, å èin veit at endel av overskuddet til kommunen er pga auka inntekter på konsesjonskraft som innbyggjarar og bedrifter har måtta betale. Vi politikara har godkjent èin kraftig auke i kommunale gebyr dei neste åra til alle innbyggjarane i kommunen. Alle veit at levekostnadane allereie har auka kraftig og fleire har større utfordringar økonomisk no enn tidligare. Vi ynskjer å øremerke dei 28 millionane som var tenkt å sette inn i kraftfondet til utbygging av vatn og kloakk anleggene i kommunen dei neste åra, dette for å begrense auken i dei kommunale gebyra i framtida. Vi i INP setter derfor fram nytt forslag som følger:
Dei 28,2 millionene som var foreslått sett av til kraftfondet i kommunedirektørens forslag, settes av til oppgradering, utbygging og vedlikehald av vann og avløps anleggene i Kvinnherad. Nytt framsett forslag frå Ove Lemicka, Frp:
Pkt 2.
Avsetning til disposisjonsfond merka premieavvik Kr 49.326.948,-
Avsetting til disposisjonsfond merka kvinnheradpakken Kr 50.000.000,-
Nytt framsett forslag frå Per H. L.Johansen, Ap:
Stryka oversendingsforslaget frå FRP:
Oversendingsforslag frå Ove Lemicka - FRP:
Administrasjonen blir oppmoda om å sjå på kva handlingsrom kommunen har m.o.t. å organisera pensjonsordninga til kommunen på ein meir hensiktsmessig måte enn i dag, utan at dei tilsette sine pensjonsrettar vert endra. Aktuelle alternativ til dagens ordning kan vera avtale med pensjonforsikringsselskap etter anbodskonkurranse eller etablering av eigen pensjonskasse. RØYSTING:
Nytt framsett forslag frå Å.Aakre (Inp) : fekk 5 røyster (Inp) og fall. Nytt framsett forslag frå O.Lemicka (Frp): fekk 3 røyster (Lakselv og Lemicka (FRP) og Tangerås (H) og fall. Nytt framsett forslag frå P.H.Johansen (Ap): fekk 22 røyster (Ap, Sv, Mdg, Sp, V og H v/Bjørnevik, Hatteberg, Tofte, Flatland, Kristensen, Kroka) Innstilling frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.