Kommunene · Kvinnherad · Saker
Svar på interpellasjon - tilrettelagt opplæring og førebygging av fråvær i skulen
Vedtak
I samband med den årlege statusrapporten for grunnskulen i Kvinnherad ber kommunestyret at det vert lagd fram ei kartlegging som syner status for ulike grupper av sårbare elevar i Kvinnheradskulen, og effekten av ulike tiltak knytt til:
a. Kor stor andel av elevane manglar karakter i eitt eller fleire fag ut av 10. trinn? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag med andre kommunar?
b. Kor stor andel av elevane har fråvær på over 10, 15 og 20%? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag?
c. Kor stor andel av elevane har skulevegring? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag?
d. Korleis vert utviklinga på feltet fortløpande vurdert? Korleis ser og evaluerer ein om tiltaka har ønska effekt? Me har mange planar, men korleis veit me om dei verkar?
e. Kor mange elevar vert vurdert av skulane til å ha behov for alternativ opplæringsarena? Kva er utviklinga her?
f. Kva er status når det gjeld vald og trugsmål? Kva er utviklinga mtp. antal avvik og kva er graden av alvor i avvika?
g. Korleis skildrar skulane sjølve hovudutfordringane i elevmassen? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag?
h. Korleis opplever skulane at dei får hjelp og støtte frå det kommunale støtteapparatet?
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 25.04.2024:
I samband med den årlege statusrapporten for grunnskulen i Kvinnherad ber kommunestyret at det vert lagd fram ei kartlegging som syner status for ulike grupper av sårbare elevar i Kvinnheradskulen, og effekten av ulike tiltak knytt til:
a. Kor stor andel av elevane manglar karakter i eitt eller fleire fag ut av 10. trinn? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag med andre kommunar?
b. Kor stor andel av elevane har fråvær på over 10, 15 og 20%? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag?
c. Kor stor andel av elevane har skulevegring? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag?
d. Korleis vert utviklinga på feltet fortløpande vurdert? Korleis ser og evaluerer ein om tiltaka har ønska effekt? Me har mange planar, men korleis veit me om dei verkar?
e. Kor mange elevar vert vurdert av skulane til å ha behov for alternativ opplæringsarena? Kva er utviklinga her?
f. Kva er status når det gjeld vald og trugsmål? Kva er utviklinga mtp. antal avvik og kva er graden av alvor i avvika?
g. Korleis skildrar skulane sjølve hovudutfordringane i elevmassen? Korleis har utviklinga vore, og har ein eit samanlikningsgrunnlag?
h. Korleis opplever skulane at dei får hjelp og støtte frå det kommunale støtteapparatet?
Nytt framsett forslag frå repr. Holmedal (Sp) vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.