Kommunene · Kvinnherad · Saker
Tilvisingsavtale - grunnlag for prosess
Vedtak
1.Kommunen kan nytta tilvisingsavtalar til å skaffa fleire eigna utleigebustadar i samarbeid med private utbyggjarar og Husbanken. 2.Målgruppe er personar og familiar som ikkje har moglegheit å skaffe seg ein tilfredsstillande bustad på eiga hand. 3.Kommunen inviterer utbyggjarar til å byggja bustader ved å lysa ut behovet for slikt utleige med tilvisingsavtale i lokalpresse og på kommunen si heimeside. 4.Bustadane skal ha god standard, funksjonalitet og lokalisering skal passa til målgruppa sine behov.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 25.04.2024:
Nytt framsett forslag frå Wermund Vetrhus (Sv):
Nytt pkt. 5:
Prosjekt skal vera forankra i bustadsosial handlingsplan. Prosjekt ut over desse skal opp til einskild politisk handsaming.
INHABILITET:
Silvia Tofte, Oddbjørn Kroka, og Ove Lemicka ville ha sin habilitet vurdert. Tofte er styreleiar i Halsnøy Trelast som er privat utbyggjar, Kroka har byggeprosjekt i Uskedalen som kan vere aktuelt her og Lemicka for utleige av boligar. Etter ei vurdering (Forv.lova §6 1.ledd e2) vart dei alle erklært habile til å behandle saka. Utsetjingsforslag frå SV:
SV vil utsetje saka slik at den vert sett saman med kva bustadar vi allereie har, kva stand dei er i og leigekostnader for bustadane. Dette er det som er bedt om i husleigesaka. Vi vil få utgreidd kva behovet er for nye bustadar og storleiken på bustadane. Saka må innehalda korleis saka vert forankra i bustadsosial handlingsplan og korleis prosjekt utan forankring i saka skal handsamast politisk. Røysting over utsetjingsforslaget: 13 røysta for - 22 mot, og dette fall. Nytt framsett forslag frå Vetrhus fekk 17 røyster og fall. (Ap, Krf, Inp, Mdg, V, Sv)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.