Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028

Sak 81/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Vedlagt Alkoholpolitisk handlingsplan for Kvinnherad kommune 2024-2028 vert vedtatt.

• Alle som skal vere i arbeid ved ein skjenkestad med faste skjenkeløyve må ha naudsynt opplæring vedrørande dei oppgåver dei skal utføre.

• Ber om at “fysisk” vert fjerna i kulepunkt; krav om at alle alkoholkjøp eller utleveringar må kontrollerast fysisk av personale

• Lokala skal som hovudregel oppfylla krav om universell utforming. Unntak frå kravet kan bli gitt dersom slik tilrettelegging vil bli urimeleg kostnadskrevjande eller andre særeigne tilhøve gjer seg gjeldande.

• Stryk følgjande punkt i planen: -Det skal vera minimum 18-årsgrense for skjenkeområder etter klokka 22.00. Unntak frå regelen kan bli gitt dersom arrangør kan godtgjera at mindreårige har ei sæskilt interesse i å opphalda seg der, typisk ved konsertar/show med store artistar. Unntak krev verjeordning på følgjande vilkår: verje må ver fylt 18 år og edru, og kan ha ansvar for inntil 2 mindreårige.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 20.06.2024:

Nytt framsett tilleggsforslag frå Jostein Saghaug, MDG:

4.1 Fast skjenkeløyve Ved tildeling av nye skjenkeløyve må det stillast krav om universell utforming. I verneverdige bygg kan det søkjast om dispensasjon.

Nytt framsett endringsforslag frå Maren Elise Skogseth, V og Heidi Bolette Jakobsen, INP:

Ber om at “fysisk” vert fjerna i kulepunkt; krav om at alle alkoholkjøp eller utleveringar må kontrollerast fysisk av personale Nytt framsett forslag av Alf Jarle Langeland, KrF :

Ber om at punktet blir oppretthalde (etter vedtak i Levekårsutvalet):

«Det skal vera minimum 18-årsgrense for skjenkeområder etter klokka 22.00. Unntak frå regelen kan bli gitt dersom arrangør kan godtgjera at mindreårige har ei særskilt interesse i å opphalda seg der, typisk ved konsertar/show med store artistar. Unntak krev verjeordning på følgjande vilkår: verje må vera fylt 25 år og edru, og kan ha ansvar for inntil 2 mindreårige.»

Nytt framsett endringsforslag framsett av Vegard Bjørnevik,H:

Lokala skal som hovudregel oppfylla krav om universell utforming. Unntak frå kravet kan bli gitt dersom slik tilrettelegging vil bli urimeleg kostnadskrevjande eller andre særeigne tilhøve gjer seg gjeldande.

Alle framsette tilleggsforslag, endringsforslag og forslag vart stemt over kvar for seg. Jostein Saghaug, MDG, sitt tilleggsforslag om universell utforming fall med 31 mot 4 røyster: Jostein Saghaug, MDG, Wermund Vetrhus, SV, Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV og Silje Nordtveit Olsen, SV Maren Elise Skogseth, V, og Heidi Bolette Jankobsen INP, sitt forslag om å stryka "fysisk" i kulepunkt: krav om at alle alkoholkjøp eller utleveringar må kontrollerast fysisk av personale vart vedteke med 30 mot 5 røyster; Thea Vaage, AP, Synnøve Solbakken, AP, Lars Røyrvik, AP, Alf-Jarle Langeland, KrF og Inger-Elin Nesheim, KrF Alf-Jarle Langeland sitt forslag om å oppretthalda Levekårsutvalet sitt vedtak om minimum 18- årsgrense for skjenkeområder etter klokka 22.00 fall med 27 mot 8 røyster: Thea Vaage, AP, Synnøve Solbakken, AP, Lars Røyrvik, AP. Monika Lindseth, AP, Alf-Jarle Langeland, KrF, Inger-Elin Nesheim, KrF, Per Svindland, FrP og Tove Lill Lakselv, FrP Vegard Bjørnevik sitt endringsforslag om universell utforming vart einstemmig vedteke. Resten av innstillinga frå Formannskapet vart einstemmig vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.