Kommunene · Kvinnherad · Saker
Nye etiske retningsliner for tilsette i Kvinnherad kommune - 2.gongs handsaming
Vedtak
Kommunestyret vedtar Etiske retningsliner for tilsette i Kvinnherad kommune med dei endringar som er vedteke i kommunestyremøte 25.04.23.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 25.04.2024:
Nytt framsett forslag frå repr. Tveit (Ap):
Under avsnittet om lojalitet: Føreslår å stryke siste avsnitt:
Kommunedirektøren har personalansvar for kommunalt tilsette. Ved utøving av arbeidet skal ein halde seg til meldingar frå sin næraste leiar og endelege politiske vedtak, ikkje meldingar frå enkeltståande politikarar. Under avsnittet om identifikasjon: Føreslår å stryke siste avsnitt:
I situasjonar der ein opptrer på vegne av kommunen – til dømes på arbeidsreise og sosiale arrangement knytt til arbeidet - må ein visa god og lovlydig oppførsel. Dette inneber at ein i tillegg til å avstå frå ulovlege handlingar, må unngå inntak av rusmiddel som fører til endring av åtferd.
Kommunedirektøren si innstilling, og nytt framsett forslag frå repr. Tveit vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.