Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Omsorgsbustadar Heradstun - Finansiering

Sak 39/2024 · Kommunestyret 21. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

1.Kvinnherad kommune fullfinansierer bygging av Heradstun med omsorgsbustader og personalbase. Total kostnadsramme kr. 55,5 millionar eks. mva. 2.Frådrag:

Innskot bebuarar – Investeringstilskot - Mva refusjon: Totalt kr. 28,4 millionar eks. mva.

3.Kommunal restdel kr 27,1 millionar eks. mva må dekkast inn med a)Kr. 35 millionar eks mva i revidert budsjett 2024 b)Kr. 20,5 millionar eks mva i 2025 Midlane i 2025 er forskotering innskot frå bebuarar og investeringstilskot, ref. punkt 2.

Det vert sett ned eit utval som skal evaluere og synleggjere korleis kostnadsbiletet har utvikla seg i prosjektet Heradstun. Administrasjonen legg fram sak om dette så snart det let seg gjere.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 21.03.2024:

NYTT FRAMSETT TILLEGGSFORSLAG FRÅ BJØRN OLAV TVEIT, AP:

Det vert sett ned eit utval som skal evaluere og synleggjere korleis kostnadsbiletet har utvikla seg i prosjektet Heradstun. Administrasjonen legg fram sak om dette så snart det let seg gjere.

Habilitetsvurdering:

Kristoffer Tufta, H, ba kommunestyret vurdera sin habilitet i denne saka då har styreleiarverv i eit selskap som eig 25% av Byggservice og nær familie har eigarprosent i same selskap. Tufta gjekk frå møtet under habilitetsvurderinga. Kommunedirektør si vurdering:

Grunnlag: Lovavdelinga i Justis – og beredskapsdepartementet har i fleire uttalar oppstilt som hovudregel at ein person vert inhabil etter forvaltingslova § 6 andre avsnitt dersom han eller nær familie har eigardelar i eit selskap som er part eller har sterke reelle interesser i saka. Ein er likevel ikkje inhabil dersom det dreier seg om ein beskjeden aksjepost både i verdi og i forhold til tal aksjar i selskapet. Konklusjon: Kommunedirektør meiner på dette grunnlaget at representanten Tufta sitt styreleiarverv i eit selskap som eig 25% av Byggservice, i kombinasjon med nær familie sin eigarprosent, klart utgjer «særegne forhold egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet», og at representanten Tufta dermed er inhabil etter forvaltningslova § 6 andre avsnitt. Det vart røysta over habilitetsforslaget, forslaget frå Kommunedirektør vart einstemmig vedteke. Tufta vart dermed inhabil i saka og var vekke frå møtet under behandlinga.

Spørsmål:

Per Harald Havnen Løvgren Johansen, AP: Er tomtekostnadar inkludert i den presenterte kostnaden på prosjektet? Svar frå Einingsleiar Prosjekt og utbygging Erlend Bøyum: Tomtekostnad ikkje er inkludert.

Knut Johannes Helvik, H; Kva er status for dei inntil 20 bustadane etter leige/eige modellen som og var tenkt å byggja på tomta. Svar frå Einingsleiar Prosjekt og utbygging Erlend Bøyum: Vi har teikna inn plassering av 3 hus med inntil 18 leilighetar på tomta, men at vi treng føringar frå kommunestyret på desse husa. Kva målgruppe er det tenkt at det skal byggjast for ? Er det tenkt av kommunen sjølv skal stå for utbygging av desse, eller skal vi stilla tomta til rådighet for private utbyggjarar ?

Avrøysting:

Innstillinga frå Kommunedirektør og tilleggsforslaget frå Bjørn Olav Tveit, AP, vart einstemmig vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.