Kommunene · Kvinnherad · Saker
Forvaltningsrevisjon sjukefråvær og bemanning i pleie og omsorg.
Vedtak
1. Kommunestyret viser til tilrådingane i rapporten sjukefråvær og bemanning i pleie og omsorg. 2. På bakgrunn av gjennomført forvaltningsrevisjon, sjukefråvær og bemanning i pleie og omsorg ber kommunestyret kommunedirektøren syte for å:
3.
– utarbeida felles rutinar og kriterium for bruk av vikarar i pleie- og omsorg. 4.
– sikre at alle avdelingar følgjer kommunen sine rutinar for bemanningplanlegging. 5.
– å evaluera opplæringsrutinane og korleis desse blir brukt i praksis med tanke på å identifisera svake punkt i oppfølginga. 6.
– sikre at alle leiarar med personalansvar har tilstrekkeleg kjennskap til rutinar, retningslinjer og regelverk knytt til oppfølginga av sjukemeldte, og deira rolle i oppfølginga. 7.
– å gjennomføre månadlege stikkprøvar av sjukefråværsoppfølginga som eit ledd i kommunen sin internkontroll. 8.
– utarbeide lokale og differensierte mål for sjukefråværet i alle avdelingar. Dette arbeidet skal gjerast saman med plasstilitsvalde og verneombod på kvar avdeling/eining. 9.
– sikre systematisk og målretta arbeid med å førebyggje sjukefråvær både overordna og lokalt, under dette etablere system for å evaluere tiltak i sjukefråværsarbeidet saman med dei tilsette. Dette arbeidet skal også fokusera på rotårsaka til fråværet på den konkrete avdelinga slik at ein kan arbeida målretta med sjukefråværet på kvar avdeling og eining. 10.
– Kommunestyret ber også om at kommunedirektøren laga rein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet i Kvinnherad kommune innan 2.mai 2024 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga. 11.
- Kvinnherad kommune tar snarast kontakt med KVV, for å finne ut korleis èin i felleskap kan gje eit tilbod til dei søkjarane som ikke får plass i dei to klassene som er planlagd. Me ynskjer ei tilbakemelding på dette i neste kommunestyre.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 21.03.2024:
NYTT FRAMSETT TILLEGGSFORSLAG TIL PUNKT 8 OG 9 FRÅ HILDEGUNN HANSTVEDT TOFTE, SV:
1. Kommunestyret viser til tilrådingane i rapporten sjukefråvær og bemanning i pleie og omsorg.
2. På bakgrunn av gjennomført forvaltningsrevisjon, sjukefråvær og bemanning i pleie og omsorg ber kommunestyret kommunedirektøren syte for å:
3. – utarbeida felles rutinar og kriterium for bruk av vikarar i pleie- og omsorg.
4. – sikre at alle avdelingar følgjer kommunen sine rutinar for bemanningplanlegging.
5. – å evaluera opplæringsrutinane og korleis desse blir brukt i praksis med tanke på å identifisera svake punkt i oppfølginga.
6. – sikre at alle leiarar med personalansvar har tilstrekkeleg kjennskap til rutinar, retningslinjer og regelverk knytt til oppfølginga av sjukemeldte, og deira rolle i oppfølginga.
7. – å gjennomføre jamlege stikkprøvar av sjukefråværsoppfølginga som eit ledd i kommunen sin internkontroll.
8. – utarbeide lokale og differensierte mål for sjukefråværet i alle avdelingar. Dette arbeidet skal gjerast saman med plasstilitsvalde og verneombod på kvar avdeling/eining.
9. – sikre systematisk og målretta arbeid med å førebyggje sjukefråvær både overordna og lokalt, under dette etablere system for å evaluere tiltak i sjukefråværsarbeidet saman med dei tilsette. Dette arbeidet skal også fokusera på rotårsaka til fråværet på den konkrete avdelinga slik at ein kan arbeida målretta med sjukefråværet på kvar avdeling og eining.
10. – Kommunestyret ber også om at kommunedirektøren laga rein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet i Kvinnherad kommune innan 2.mai 2024 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga. NYTT ENDRINGSFORSLAG TIL PUNKT 7 FRÅ MAREN ELISE SKOGSETH, V:
Ber om endra formulering i punkt 7 til: månedlig å ha fokus på sykefraværsoppfølginga som ei ledd i kommunen sin internkontroll NYTT FRAMSETT FORSLAG TIL NYTT PUNKT 11 FRÅ STEIN OLAV ØLVESTVEIT, SP:
Punkt11 Kvinnherad kommune tar snarast kontakt med KVV, for å finne ut korleis èin i felleskap kan gje eit tilbod til dei søkjarane som ikke får plass i dei to klassene som er planlagd. Me ynskjer ei tilbakemelding på dette i neste kommunestyre. Annbjørg Ryssdal frå Deloitte orienterte før behandlinga. Kommunestyret røysta punktvis over innstillinga. Kontrollutvalet si instilling punkt 1 til 6 vart først røysta over: Einstemmig vedtke Punkt 7: Kontrollutvalet si innstilling vart sett opp mot nytt endringsforslag frå Maren Elise Skogseth, V: Nytt endringsforslag fekk fleirtal og vart vedteke 31 røysta for nytt endringsforslag, 4 røysta for Kontrollutvalet si innstilling; Jostein Saghaug, MDG, Sigmund Nordfonn, FRP, Per Svindland, FRP og Tove Lill Lakselv, FRP. Punkt 8 og 9: Tilleggsforslaga frå Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV vart einstemmig vedtekne. Punkt 10: Kontrollutvalet si innstilling vart einstemmig vedteke. Nytt punkt 11: Nytt framsett forslag frå Stein Olav Ølvestveit, SP, vart einstemmig vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.