Kommunene · Kvinnherad · Saker
Interpellasjon
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 15.02.2024:
Interpellasjon frå Julie H. Askeland, Sp:
Tilrettelagt opplæring og førebygging av fråfall I dagens samfunn står me ovanfor ulike utfordringar, mellom anna i retning av tilrettelagt opplæring og fråfall i grunnskulen. Det vert meld ei uro og bekymring for elevar som fell utanfor det ordinære, og som i dag ikkje har tilknyting til noko fellesskap. Som skuleeigar har me ikkje råd til at elevar fell frå i grunnskulen, og alle skal få høve til å bli sett som den dei er, og få eit opplæringstilbod ut frå eleven sine føresetnader, i tråd med lovverket. I dagens opplæringslov §5-1, Rett til spesialundervisning, kjem det fram at elevar som ikkje har eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære tilbodet, har rett til spesialundervisning. Samstundes må me ta inn over oss at ny opplæringslov trer i kraft 01.08 med tydeleggjeringar og krav innan same fagfelt, og med skjerpa regeletterleving. Ut frå samtalar og tilbakemeldingar frå elevar, foreldre, føresette og fagpersonar ynskjer eg å rette søkelys på om elevar i grunnskulen i Kvinnherad, får eit opplæringstilbod i tråd med innhaldet i opplæringslova, jf. §5-1. Det gjeld hovudsakleg måten ein organiserer undervisninga på, og særskilt med tanke på elevgruppa som ikkje finn seg til rette i grunnskulen, innafor skulen sine «fire vegger», der skulevegring framstår som eit hinder, eller der elevar på ungdomskuletrinn får innvilga fritak for vurdering med karakter i ulike fag. Det vert meld ei bekymring for korleis ein legg til rette for elevar som treng tilrettelagt opplæring. Og i denne samanheng snakkar me om elevar som ikkje er ein del av eit fellesskap, og som ikkje kjem seg ut av heimen grunna ulike årsaker. På bakgrunn av det vert det ytra ein uro om t.d. fråfall i ungdomskulen, som me må ta på alvor. Der elevane sjølve mellom anna omtalar seg som skuletaparar, eller opplever å bli sett på som dum og evneveike. Me i Kvinnherad SP har gått til val på kvalitet i skulen, og tenker tida er kome for å tenke nytt. Born og ungdom i kommunen vår er den største ressursen me forvaltar, sjølv om det ikkje kan målast i kroner og øre. Me har ikkje råd til at nokon fell frå og ut av skule og opplæring. Tenk berre på dei samfunnsøkonomiske kostnadane, og ikkje minst livskvaliteten og meistringskjensla hjå det einskilde born eller ungdom. Desse er framtida vår, og alle skal føle seg inkludert og ivaretatt og ha eit tilbod ut frå føresetnader, sjølv med ulikt innhald i ryggsekken. Som politikarar har me og kommunen eit ansvar for alle, og denne elevgruppa kan hende «fell litt mellom to stolar». Eg har vore i dialog med både ordførar og sektorleiar, som er positive til at saka vert fremja, og me ynskjer å samarbeide for å ivareta alle sine interesser i saka. Me må omsetje innhaldet i førebyggjande plan til handling, og me må våge å tenke nytt. Me treng å utgreie moglegheita for å opprette eit tilbod, der elevane har ein stad å kome til, der ein får opplæringa ein har krav på, og der elevane blir sett som den dei er, og der opplæringa vert tilpassa den einskilde sine behov. Ein treng gjerne ein skjerma stad, der elevane får undervisning i mindre grupper og tett oppfølging, med fokus på relasjonsbygging og trygging, og ein stad det er greitt å vera litt annleis. Ein kunne her bygd opp eit team med ressurspersonar i "laget rundt eleven" og med «teamet rundt læraren», slik at ressursane vert forvalta klokt og i tråd med krava. Og der ein i kombinasjon kunne hatt eit oppsøkande tverrfagleg team, som igjen kan generere til tidleg innsats. I ein slik prosess må ein samstundes sikre gode overgangar slik at eleven og får høve til å kome tilbake til eit læringsmiljø i eit inkluderande fellesskap, når og dersom eleven er klar for dette. Eit slikt opplæringstilbod kan gjerne kombinerast med allereie eksisterande tilbod som t.d. Pålatunet eller Ersland-gard. Me har god erfaring med desse tilboda i dag, men tilboda åleine passar kanskje ikkje for alle. Eit viktig spørsmål som bør vere førande i prosessen er korleis ein kan famne elevgruppa som fell utanfor det ordinære, og bringe dei tilbake til eit fagleg og sosialt fellesskap. Spørsmål til ordførar:
1. I kva grad imøtekjem Kvinnherad kommune elevane sin rett i grunnskolen når elevar har utfordring med skulevegring, og der elevar ikkje finn sin plass innanfor det ordinære skuleløpet og innanfor skulen sine "fire vegger"?
2. Kva er dagens ramme og korleis legg ein til rette i grunnskulen slik at desse elevane får ei opplæring både fagleg og sosialt, i tråd med innhaldet i læreplanen?
3. Kva kompetanse vert lagt vekt på i samhandling med elevar som fell utanfor det ordinære opplæringstilbodet?
4. Korleis jobbar kommunen med kompetanseheving på det spesialpedagogiske feltet, og korleis vert prioriteringane gjort?
5. Korleis legg kommunen til rette for å førebu seg til ny opplæringslov, som trer i kraft 01.08? Forslag til vedtak:
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut, og sjå på alternativ for å imøtekome denne elevgruppa sine behov og interesser, i tråd med lovverket. Ber om at administrasjonen legg fram ein framtidsplan på arbeidet innan april -24
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.