Kommunene · Kvinnherad · Saker
Båtruter - Båtanbod Hordland 2026-2028
Vedtak
• Båtruta frå Rosendal til Bergen(hardangerfjordekspressen) skal minimum ha same tidstabell og avgangar som dagens rutetilbod. Avgangane skal gå frå Rosendal med endestad Bergen og skal gå via Flesland. Denne båtruta er av stor betydning for heile regionen, både med tanke på dagleg arbeidspendling, helgependling og turisme. Ruta er mellom anna raskaste reisemåte frå store delar av Kvinnherad, Ullensvang og Tysnes til Flesland flyplass. Vidare må anbodsfristen for ruta setjast før 01.01.2025, slik at begge anboda vert handsama samstundes og det blir eit føreseieleg rutetilbod i Kvinnherad. Det kan ikkje vera slik at eit vellukka kollektivtilbod i distriktet blir sett i spel og evt. ofra. Kvinnherad kommune vil vidare presisera at ei rute med endestad på Os, ikkje er eit alternativ, då dette sterkt vil forringe verdien av snøggbåttilbodet både for fastbuande, studentar og turistar.
• Vi er positive til ei oppdeling av Sunnhordlandsruta, men som vi tidlegare har spelt inn til Skyss burde ruta bli delt opp i ei rute for ytre og indre leia(direkte frå Leirvik/Sunde mot Bergen) slik at ein får hurtigare korrespondanse frå Sunde til Bergen. Det må ikkje vere slik at ulempene er størst for dei som bur lengst vekke. Total reisetid må inn i vurderingane, ei vurdering kun ut frå båtrutene er for snevert.
• Eit betre kollektivtilbod mellom Leirvik og Husnes på kvelds- og nattestid er svært viktig med omsyn til arbeidspendling og moglegheiter for deltaking i kultur-og lagsliv, samt sjukehustilbod i dei to kommunane.
• Betra korrespondanse mellom buss, snøggbåt og ferje må få stor vekt i arbeidet med framtidig ruteopplegg
• Ein tur/retur billett på båtrutene slik at ein kan reise eine vegen frå Rosendal og retur til Sunde og omvendt.
• Kommunen ber om at fylkeskommunen snarleg får på plass løysingar som kan opna for å kombinera snøggbåt og ferje mellom Stord og Kvinnherad
• Studentrabatt utan alderskrav må også gjelde desse rutene som det gjer for andre båtruter i sonesystemet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 15.02.2024:
Nytt framsett forslag frå Per H. H. L. Johansen (Ap):
• Båtruta frå Rosendal til Bergen(hardangerfjordekspressen) skal minimum ha same tidstabell og avgangar som dagens rutetilbod. Avgangane skal gå frå Rosendal med endestad Bergen og skal gå via Flesland. Denne båtruta er av stor betydning for heile regionen, både med tanke på dagleg arbeidspendling, helgependling og turisme. Ruta er mellom anna raskaste reisemåte frå store delar av Kvinnherad, Ullensvang og Tysnes til Flesland flyplass. Vidare må anbodsfristen for ruta setjast før 01.01.2025, slik at begge anboda vert handsama samstundes og det blir eit føreseieleg rutetilbod i Kvinnherad. Det kan ikkje vera slik at eit vellukka kollektivtilbod i distriktet blir sett i spel og evt. ofra. Kvinnherad kommune vil vidare presisera at ei rute med endestad på Os, ikkje er eit alternativ, då dette sterkt vil forringe verdien av snøggbåttilbodet både for fastbuande, studentar og turistar.
• Vi er positive til ei oppdeling av Sunnhordlandsruta, men som vi tidlegare har spelt inn til Skyss burde ruta bli delt opp i ei rute for ytre og indre leia(direkte frå Leirvik/Sunde mot Bergen) slik at ein får hurtigare korrespondanse frå Sunde til Bergen. Det må ikkje vere slik at ulempene er størst for dei som bur lengst vekke. Total reisetid må inn i vurderingane, ei vurdering kun ut frå båtrutene er for snevert.
• Eit betre kollektivtilbod mellom Leirvik og Husnes på kvelds- og nattestid er svært viktig med omsyn til arbeidspendling og moglegheiter for deltaking i kultur- og lagsliv, samt sjukehustilbod i dei to kommunane.
• Betra korrespondanse mellom buss, snøggbåt og ferje må få stor vekt i arbeidet med framtidig ruteopplegg
• Ein tur/retur billett på båtrutene slik at ein kan reise eine vegen frå Rosendal og retur til Sunde og omvendt.
• Kommunen ber om at fylkeskommunen snarleg får på plass løysingar som kan opna for å kombinera snøggbåt og ferje mellom Stord og Kvinnherad
• Studentrabatt utan alderskrav må også gjelde desse rutene som det gjer for andre båtruter i sonesystemet. Nytt framsett forslag frå Johansen m.fl. vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.