Kommunene · Kvinnherad · Saker
Årsrapport 2023 - Kraftfondet
Vedtak
Årsrapporten for kraftfondet vert teken til orientering med eit ekstrapunkt.
1. Etter tilråding frå kommunedirektøren vert 28.2 millionar av avkastinga for 2023 satt av til å auka bufferfondet for kraftfondet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 21.03.2024:
NYTT FRAMSETT TILLEGGSFORSLAG FRÅ SILJE NORDTVEIT OLSEN, SV:
Årsrapporten for kraftfondet vert teken til orientering med to ekstrapunkt.
1. Etter tilråding frå kommunedirektøren vert 28.2 millionar av avkastinga for 2023 satt av til å auka bufferfondet for kraftfondet.
2. Kraftfondet skal ikkje nyttast til investeringar i selskap som omfattar handel med varer som er produsert i okkuperte områder.
Spørsmål frå Bjørn Olav Tveit, AP:
1. Gjer Kvinnherad kommune investeringar som, direkte eller indirekte, bidreg til å oppretthalde ulovlege israelske busetnader?
2. Gjer Kvinnherad kommune investeringar som, direkte eller indirekte, bidreg til Israel si krigføring og moglege folkemord på Gaza?
Svar frå økonomisjef Niels Jakob Erlingsson:
Kommunen har etterlyst svar frå alle forvaltarar i Kraftfondet for deira svar på spørsmålet. Desse forvaltarane er:
Storebrand Holberg Fondsfinans Kapitalforvaltning Pareto Landkreditt Alle forvaltarar kan stadfeste at Kvinnherad kommunen har ikkje investeringar som bidrar til okkupasjonen eller krigføringa i Gaza. Forvaltarane beskriv ulike metodar for korleis dei unngår dette. Alle av Kraftfondet sine fond er p.d.d aktivt forvalta fond. I eit aktivt forvalta fond er investeringane håndplukka av forvaltarane. Tal fond i eit aktivt forvalta fond er i dei fleste tilfelle også betydeleg færre enn i eit indeksfond. Dette mogleggjer forvaltarane i å ha betre oversikt og kontroll over sine investeringar. Alle forvaltarane beskriv at dei følgjer råda frå Etikkrådet i Statens Pensjonsfond Utland og standardar frå FNs Global Compact. Forvaltarane beskriv også at dei gjer ytterlegare arbeid gjennom screening og liknande for å unngå at investeringane bryt retningslinjene for ansvarleg og berekraftig forvalting. Blant anna beskriv Storebrand korleis dei sidan 2009 har gjort eigne undersøkingar og screening av selskapa for å måle om og eventuelt i kva grad selskapa er involvert eller bidreg til konflikten. Dette har resultert i ein ytterlegare eksklusjon av over 20 selskap. Holberg opplyser om at dei screener portefølja mot sanksjonslistene til USA, EU, OFAC og FN. Fondsfinans beskriv at dei i tillegg til råda frå Statens Pensjonsfond Utland og FNs Global Compact går innanfor nokon områder lengre i å ekskludere selskap som ikkje er samfunnstenlege. Dette bidreg til å utelukke selskap som:
• Produserer våpen som ved normal anvendelse bryt med grunnleggande humanitære prinsipper
• Selskaper som selger militært utstyr til sanksjonerte regimer
• Selskaper som medvirker til grov eller systematisk krenking av arbeids- og menneskerettigheter (herunder barnearbeid eller annen utnytting av barn) Røysting:
Avrøysting punktvis etter tilleggsforslaget frå Silje Nordtveit Olsen, SV:
1. Tilleggsforslaget vart sett opp mot Kommunedirektøren si innstilling og vart einstemmig vedteke.
2. Tilleggsforslaget vart sett opp mot Kommunedirektøren si innstilling og fall med 18 mot 17 røyster (AP, V, MDG, SV, SP og Kristoffer Tufta, H)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.