Kommunene · Kvinnherad · Saker
Rydding av balanseførte fond
Vedtak
Saka vert sendt attende til administrasjonen. Det må sikrast at avvikling av fond er forankra hos einingane som blir berørte. Det kan verka som om ikkje alle einingar har vore klar over at fonda skal trekkast inn. Vi ber derfor om at saka blir sendt attende til administrasjonen. Det må sikrast at berørte einingar er underretta, og har hatt sjanse til å uttale seg før evt. avvikling, sånn at ein ikkje ender opp med å avvikla fond som er ein del av planane for dei respektive einingar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 15.02.2024:
Saka blir sendt attende til administrasjonen. Det må sikrast at avvikling av fond er forankra hos einingane som blir berørte. Det kan verka som om ikkje alle einingar har vore klar over at fonda skal trekkast inn. Vi ber derfor om at saka blir sendt attende til administrasjonen. Det må sikrast at berørte einingar er underretta, og har hatt sjanse til å uttale seg før evt. avvikling, sånn at ein ikkje ender opp med å avvikla fond som er ein del av planane for dei respektive einingar.
Habilitet: Veronica T. Thorsen (Sp) sette fram spørsmål om sin habilitet. Ho er dagleg leiar i Frivilligsentralen. Kommunedir gjorde greie for kvifor han meinte ho ikkje var inhabil. Repr. Johansen meinte på si side at ho var inhabil. Røysting over inhabilitet: 8 repr (Johansen, Stava Vangdal, Holmedal Askeland, Lindseth, Hannisdal, Nordtveit Olsen, Wetrhus og Hanstvedt Tofte) røysta for at ho var inhabil og dette fall mot 27 røyster. Thorsen vart dermed erklært habil til og behandle saka.
Framsett forslag frå P.H.H.L Johansen vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.