Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Spørsmål og svar

Spørsmål 29/2024 · Kommunestyret 21. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 21.03.2024:

SPØRSMÅL FRÅ GUNNAR HELLELAND, INP - FRAMSETT AV HEIDI BOLETT JAKOBSEN, INP, I HANS FRÅVÆR:

Gang og sykkelsti over Lundsbakkane i Omvikdal.

1. Kva skjer med planane for gang og sykkelsti frå Best / Dimmelsvik bil over Lundsbakkane og til Fet i Omvikdal?

2. Kva tid kan vi i Omvikdal og resten av kvinnheringane forventa at dette prosjektet vert realisert? SVAR FRÅ ORDFØRAR VEGARD BJØRNEVIK:

1. Det er utarbeidd eit forprosjekt for tiltaket, og ny reguleringsplan, som byggjer på dette, er under utarbeiding.

2. Konsulenten Norconsult nærmar seg eit ferdig planforslag til politisk behandling og påfølgjande offentleg ettersyn.

3. Tiltaket er meldt inn for ev. tildeling av RTP – midlar (regional transportplan i fylket), då dette er eit fylkesvegtiltak.

4. Per i dag er det ikkje sett av utbyggingsmidlar, men vi har god dialog med fylket om prosjektet, og med tanke på å ev. få midlar, vil det vera ein føremon å ha ny vedteken reguleringsplan.

Vindkraft i Kvinnherad.

Kvinnherad INP er kjent med at det er stort press på mange kommunar Noreg for å få bygga ut

vindkraft på land. Nabokommunen Bømlo er ein av dei. Kvinnherad kommune var ein av 13 kommunar som var igjen i «Samlaplan» i 2018. INP har difor fylgjande spørsmål til ordføraren:

1. Har Kvinnherad kommune fått muntlig eller skriftlige henvendelsar om mulig møte frå selskap som vil bygge ut vindkraft på land i Kvinnherad?

2. Om ja. Kva vart svaret frå kommunen, og kven svarar på slike mulige spørsmål i Kvinnherad kommune?

3. Viss kommunen har fått forespørsel, kva selskap snakkar vi om?

SVAR FRÅ ORDFØRAR VEGARD BJØRNEVIK:

1. I min periode som ordførar kjenner eg bare til ein førespurnad som gjeld vindkraft, det var eit selskap som ville etablere seg med sol- og vindenergi i vår kommune. Eg registrerte at dette var ein førespurnad som gjekk til mangen kommunar, det har ikkje vore noko vidare dialog med dei.

2. Kvinnherad kommune har gjennom tidlegare vedtak vore negative til utbygging av vindkraft, og me har kommunestyrevedtak på det. Så dette vert ikkje teke vidare. Ordføraren er tiltakssjef og skal involverast i slike saker, og har og ansvar for kva saker som skal vidare til politisk behandling.

3. svart ut i spørsmål 1.

SPØRSMÅL FRÅ HANNE KRISTENSEN, H:

Spørsmål 1:

Pårørande informerer om at pasientar vart liggande på overliggedøgn på sjukehus, pårørande informerer også om at det er ventetid på avlastingopphald og langtidsplassar. Korleis håndterar kommunen dette? SVAR FRÅ SEKTORLEIAR OMSORG, HELSE OG SOSIAL, ÅSLAUG BRÆNDE:

Når kommunen ikkje har kapasitet og personell til å gje nødvendige og forsvarlege tenester i heimen eller på institusjon må pasientar nokre gonger verta liggjande på overliggjedøgn på sjukehus til dess kommunen har fått på plass det som trengs for å ivareta nye pasientar. Kvinnherad kommune har lite overliggjedøgn samanlikna med andre kommunar. I 2023 utgjorde det mindre en 10 døgn. Overliggjedøgn så langt i år skuldast kapasitetsproblem i tenestene. Det har ikkje vore tilstrekkeleg personell i heimetenesta, og ikkje fått skrive ut pasientar som er på korttidsopphald i institusjon. Då må pasientar vera lengre på sjukehus før dei kan returnera til kommunen, pasientar blir liggjande lengre på sjukeheim før dei kan heim att, og heimebuande kan få utsett innreise på korttid eller langtidsopphald. Pasientane må då få hjelp der dei er, sjølv om dei ideelt sett skulle ha vore på ein anna stad i omsorgstrappa.

Spørsmål 2:

Kommunen stengde 10 institusjonsplassar ved Husnestunet i haust grunna oppussing. Når tek dette arbeidet til? SVAR FRÅ SEKTORLEIAR OMSORG, HELSE OG SOSIAL, ÅSLAUG BRÆNDE:

Kommunen har rom på Husnestunet som ikkje er godkjent (etter tilsyn i 2017) frå miljøretta helsevern. Det har og vist seg at det har vore tomgang på institusjonsplassane, Talet på institusjonsplassar har då vore justert. Det har ikkje vore kommunisert at romma er stengt for oppgradering. Det som er kommunisert frå sektoren er at det er store utbetringar som må til, dersom institusjonen skal dekke dagens krav til institusjonsrom. Det er lagt inn 75 millionar i 2029 og 75 millionar i 2030 i kommunen sin investeringsplan til ombygging og oppjusteringar for Husnestunet.

Spørsmål 3: Korleis riggar kommunen seg til å kunna gjennomføra ferieavvikling i denne sektoren? SVAR FRÅ SEKTORLEIAR OMSORG, HELSE OG SOSIAL, ÅSLAUG BRÆNDE:

Alle tilsette har rett på fem vekers ferie, + ei sjette ferieveke for dei over 60 år. Sektoren lyser ut ferievikariatstillingar i desember/januar. Med ein sektor på om lag 800 tilsette er det eit omfattende arbeid å få avvikla dei tilsette sin lovfesta rett til ferie og samtidig ivareta nødvendige helse og omsorgstenester. Det er behov for om lag 200 vikarar om sommeren. Pr. i dag har kommunen om lag 150 ferievikarar på lista. Desse vil få felles opplæring og introduksjonsdag i juni før dei startar i engasjementet, der dei også vil ha opplæringsvaktar. Det er marginalt i sommar med vikarar og fagdekning. Det er stor overvekt av unge søkjarar, heilt ned til 16 år. Nokre har fått avslag grunna lav alder. Det er nokre studentar som jobbar helg i sektoren og som mottar stipend under utdanning. Desse er kjent i tenesteområdet og jobbar minimum fem veker i sommarmånadene. Det er innført fleire årsturnusar i sektoren, og i fjor vart det rapportert om at sommaren gjekk betre med ein planlagt årsturnus. Kommunen har og eit godt samarbeid med NAV som vil bistå med meir rekruttering inn mot sommaravviklinga. Kommunen ynskjer fortsatt søkjarar til sommarjobb velkomne, og utlysing ligg ute på heimesidene våre.

SPØRSMÅL FRÅ SYNNØVE SOLBAKKEN, AP:

• Kva er status og kor står planarbeidet for vegen Podlen- Porsvik?

SVAR FRÅ ORDFØRAR VEGARD BJØRNEVIK:

Reknar med at det er meint Opsanger - Podlen:

Tiltak 6 i «Kvinnheradpakken» gjeld delvis vegutbetring og bygging av gang- sykkelveg på strekkja Porsvik – Reset – Opsanger (FV 548 og FV 500). Før utbygging, skal det utarbeidast reguleringsplan, og dette arbeidet er no starta opp, i VLFK sin regi. Det blir arrangert informasjonsmøte i konsertsalen på kultursenteret på Husnes 11. april kl. 18 - for særskilt interesserte. Den fylkeskommunale tannklinikken i Rosendal er det mange som ventar på,den hadde stor fokus både før- og i valkampen i haust både lokale( eg og)+ fylkespolitikarar snakka godt for å oppretthalda klinikken som måtte ut av lokala for nytt bygg skulle komma. Seinare har lite skjedd.Undertegna kan ikkje sjå tannklinikken er vedteke nedlagt politisk i Vestland fylkeskommune. Spørsmål er:

•Kor blei det av den fylkeskommunale tannklinikken i Rosendal? •Kva dialog har Kvinnherad kommune med fylkeskommunen for å få på plass igjen tannklinikken?

• Blir det arbeida med å finna egna lokale til tannklinikken?

SVAR FRÅ ORDFØRAR VEGARD BJØRNEVIK:

Dette var òg eit spørsmål i formannskapsmøtet i februar, og me er ikkje komne lengre enn det svare me fekk då. Det som er utfordringa er at kommunen ikkje får tilbakemelding på kva arealbehov me skal sjå etter. Etter påske vil eg sjølv prøva å få svar, for svar må me få for å komma vidare. Det er sendt purring, men kommunen får ikkje svar. Dette er status, men me gir oss ikkje!

SPØRSMÅL FRÅ PER HARALD HL JOHANSEN, AP:

Kvart år sender Regjeringa ut ei rekke viktige NOU-ar (Norsk Offentleg Utredning), retningsliner og lovforslag ut på høyring. Desse tek føre seg alt frå framtidas havbruk, utforming av inntektssystemet og energiutvikling i Noreg – til utvikling av berekraftige omsorgstenester, arealbruk og barnehagelova med forskrifter. Nokre av desse høyringane har svært høg kommunal interesse, då desse omhandlar tema som direkte eller indirekte påverkar drift og forvaltning av kommunen vår. Diverre er det ei rekke eksempel frå dei siste åra, der Kvinnherad kommune glimrar med sitt fråvær og ikkje har sendt inn høyringssvar. Nylege eksempel:

Høring av NOU 2023: 23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdiskaping Høring - NOU 2023: 9 Generalistkommunesystemet Høring - NOU 2023: 4 Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste Det skal riktignok poengterast at det òg er mange eksempel på gode, gjennomarbeida høyringssvar, men det verkar som om det er noko tilfeldig kva det vert gjeve høyringsvar på og ikkje. Eg ønskjer derfor å stille følgjande spørsmål:

1. Har Kvinnherad kommune rutinar med tydeleg fordelt oppfølgingsansvar for å fange opp og aktivt vurdera statlege og fylkeskommunale høyringar?

2. Kva tiltak blir gjennomført for å sikra at Kvinnherad Kommune i framtida gjev høyringssvar på områder av høg kommunal interesse? Kommentar/spørsmål 3: Eg vil avslutningsvis oppfordra til at høyringssvar i størst mogleg grad bør gå via Kommunestyret.

SVAR FRÅ KONST.KOMMUNEDIREKTØR GUNN BERIT S FOSSE:

1. Ja kommunen har rutinar på å fanga opp høyringar. Alle høyringar vert registrert i ei samlesak i vårt sak/arkiv system og kjem på restanseliste til vedkomande tenesteområde og til kommunedirektør. Leiargruppa til kommunedirektør drøftar kva høyringar som skal prioriterast i dei tilfella høyringane er omfattande og krev mykje ressursar.

2. Det er det fagområdet som NOU en høyrer til som gjev eit høyringssvar. Ein NOU er ofte svært godt gjennomarbeida av ei relevant faggruppe. I ein travel kvardag fører dette nokre gonger til at kommunen ikkje har merknadar til ein NOU. Ein NOU på fleire hundre sider krev mykje ressursar for å gje eit gjennomarbeida høyringssvar. Desse blir i praksis ikkje alltid prioritert lokalt i kommunen. Men kommunane støttar seg ofte til KS som er kommunesektoren sin organisasjon, og geografisk gjerne til Sunnhordlandsrådet. Desse eksterne partane har også ved høve gitt høyringssvar på vegne av kommunane. (sjå link under) Ein gong i året vert kommunane utfordra til å melda inn saker til politisk nivå i Oslo, og kommunedirektørar og ordførarar reiser dit frå Sunnhordland i regi av Sunnhordlandsrådet. Her møter ein sentrale politikarar og tek opp aktuelle saker frå distrikta, døme eigedomsskatt i 2023. Kommunen har meir erfaring med å gje høyringssvar på mindre dokument. T.d. den høyringssaka som var oppe i kommunestyret 21/3 om «forskrift om tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg» eller kommunen går saman med Landsforeningen for Vasskraftkommunar (LVK) og støttar deira høyringssvar som t.d. denne: «Forslag til endringer i forskrift om konsekvensutredninger (endringer i krav om meldeplikt for kraftledninger og solkraftverk)» Det siste døme gjekk ikkje gjennom kommunestyret. I 2023 fekk kommunen inn 246 høyringar, 34 vart svara ut, 29 av desse via kommunestyret eller anna politisk utval.

3. Dei fleste høyringssvara går gjennom kommunestyret som referert skriv (RS). Dei politisk e utvala etterspør også høyringar, og det bør gjennomførast så ofte som råd, knytt til dei ulike fristane som finst i høyringane.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.