Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 28.11.2024:
Spørsmål og svar kommunestyret 28. november 2024
Per Harald Havnen Löfgren Johansen, Ap Spørsmål om kvartsutvinning i Kvinnherad v/Nordic Mining I seinare tid har ein kunne lesa at gruveselskapet Nordic Mining har inngått grunneigaravtalar, intensjonsavtale om utbygging med eit multinasjonalt selskap samt har fått tillating frå Direktoratet for mineralforvaltning til å setja i gang eit undersøkingsarbeid for kvartsutvinning i Kvinnherad. Nærare bestemt på lokasjonen Nesodden, mellom Svoldalen og Lyngstranda opp mot Nordlifjell. Selskapet gjennomførde prøveboring og lagde analysar av førekomsten i 2015. Desse analysane visar at kvartsen er av svært høg kvalitet og kan brukast til høgteknologiske produkt innom elektronikk, solceller og lignande. Det er estimert at førekomsten er på vel 4 millionar tonn kvarts og har ein berekna verdi på fleire titals milliardar kroner. Dette er eit prosjekt som utan tvil er interessant. Den vestlege verda treng tilgang på mineral, kommunen treng tilgang på arbeidsplassar og det vil vera gode økonomiske ringverknadar i lokalsamfunna. Samstundes veit vi at gruvedrift kan ha stor negativ konsekvens på kringliggjande natur og miljø. Området opp mot Nordlifjell er eit område som i liten grad er påverka av menneskeleg aktivitet og vi veit at Nordic Mining dei siste åra har hatt store konfliktar tilknytt sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden. Dersom eit gruveprosjekt skal vera aktuelt i Kvinnherad, er det av avgjerande betydning at dette vert gjort på ein berekraftig måte med minst mogleg miljøavtrykk. Då er det viktig at Kvinnherad kommune sett seg i førarsetet, er framoverlent og allereie i ein tidleg fase har dialog med gruveselskapet, som tek føre seg både forventningar, utfordringar og moglege løysingar ved eventuell gruvedrift i området.
1. Er Kvinnherad kommune orientert om prosjektet, framdriftsplan og vidare prosess frå Nordic Mining?
Ordførar svarar:
Kvinnherad Kommune er orientert om prosjektet som er i ein veldig tidleg fase, det har blitt gjort prøveboringar som har blitt gjort kjent i media. Slik me har forstått det ønsker Nordic Mining å sende produkt til moglege kundar/partnarar for kvalitetstesting. Dei ønsker å kvalitetssikre at dei har eit produkt som det er interesse for før det blir gjort meir omfattande undersøkingar av førekomsten. Det har vore ein del spørsmål kring prøveboring og tilkomst til område noko kommunen har svara ut etter kvart.
2. Har Kvinnherad kommune oppretta kontakt med Nordic Mining? Ordførar svarar:
Ordførar tok kontakt med Nordic Mining sin leiar, Iver Fossum, i fjor på denne tida, etter ei børsnotering som kom fram i media. Ordførar blei så kontakta i vår angående eit møte med Nordic mining i kombinasjon med at dei skulle på synfaring i terrenget. Der møtte ordførar og fleire frå administrasjonen, tre personar frå Nordic Mining, ein person frå Elkem og ein person frå Norges geologiske underskelse (NGU). Det var eit godt møte, og i ettertid har det også vore dialog med selskapet og administrasjon v/kommuneplanansvarleg, angåande innspel til arealplanen. Eg vil og legga til at administrasjonen og forskjellige ordførarar har hatt kontakt med selskapet sporadisk dei siste 10-12 åra.
3. Har det blitt gjennomført, eller føreligg konkrete planar, om møte mellom Nordic Mining og Kvinnherad kommune? Ordførar svarar:
Sjå svar over. Dialogen er oppretta og ordførar og administrasjonen vil halde kontakten vidare, for å bli orientert om den vidare gangen i prosjektet.
4. Ber vidare om at Nordic Mining vert invitert for å halde ei orientering for Kommunestyret om prosjektet, dersom selskapet finn resultata frå undersøkingsarbeidet tilfredsstillande og ønskjer å gå vidare i prosessen. Ordførar svarar:
Ordførar vil ta med seg ønsket, og trur det vil være naturleg med ei orientering til kommunestyret, dersom dette spennande prosjektet blir vurdert til å være realistisk og gjennomførbart i framtida.
Per Harald HL Johansen, Ap Spørsmål om høyringssvar for lov om besøksbidrag:
Den 19. november sendte «Nærings- og fiskeridepartementet» og «Justis- og beredskapsdepartementet» ut høyringsnotat om forslag til lov om besøksbidrag, også omtala som turistskatt. Dette lovforslaget tek mellom anna føre seg at kommunane kan innføra ei eiga avgift for overnattingsdøgn i kommunen, etter same modell som mange turistdestinasjonar i Europa allereie har. Kvinnherad kommune er ein stor turistkommune og mykje tyder på at turismen kjem til å vekse i åra framover. På mange måtar kan derfor ein turistskatt vera fornuftig og kan gje midlar for avbøtande tiltak mot avtrykket storturismen gjer på lokalsamfunna våre. Samstundes er det fleire delar av lovforslaget som er problematiske, som mellom anna at lovforslaget ikkje inkluderer overnattingsdøgn på cruiseskip. Høyringsfrist for saka er 3. januar 2025 og det er vidare presisert at grunna vidarehandsaming i saka, vil det ikkje bli gjeven utvida høyringsfrist. Sidan dette er ein lov som kan få betydeleg betydning for Kvinnherad kommune, ber eg om at høyringssvar frå Kvinnherad kommune vert lagt fram til politisk handsaming i Kommunestyret den 12. desember 2024, slik at vi som lokalpolitikarar har anledning til å setja vårt avtrykk på høyringssvaret. Kommunedirektør svarar:
Kommunestyret ga 22. juni 2023 uttale til NOU 2023: 10 «Leve og Oppleve - Reisemål for en bærekraftig fremtid». I NOU-en var det føreslege at fellesgode og liknande skal finansierast gjennom eit besøksbidrag som vert henta inn nasjonalt, men forvalta regionalt og lokalt. Kommunen uttalte mellom anna bekymring for ei søknadsbasert ordning, slik det vart foreslått og at for ei berekraftig reisemålsutvikling vil det vera avgjerande for Kvinnherad kommune å operera med føreseielege inntekter som kan øyremerkast spesielt drift, men også vedlikehald og investeringar. Regjeringa sitt forslag til ordning for besøksbidrag er no sendt på høyring. Saka er interessant for Kvinnherad, og ordføraren har difor bedt kommunedirektøren legge fram sak med framlegg til uttale til kommunestyremøtet 12. desember.
Per Svindland, Frp
1. Har du fått eit bedre tilbud på utvidelsen av venterom på Hatlestrand helsesenter. Opplysningene jeg nå har fått, så har pasient antallet øket med 250 pasienter. Prisen på tilbudet er nå 1 million 350 tusen. Ordførar svarar:
I protokollen til kommunestyret etter sist møte svara kommunedirektør ut spørsmålet frå representanten Svindland, og ordføraren har ikkje fått tilbakemelding på at dette er kome lenger sidan sist kommunestyremøte. Svaret i protokollen var: «I etterkant har ein sett at det er behov for større plass og behov for ombyggingar, og kanskje er det eit tilbygg av helsesenteret som må til. Her må det fyrst avklarast kva det konkrete behovet er, deretter få utarbeidd ein kostnadskalkyle utifrå dette. Dette kartleggingsarbeidet er ikkje starta per no, men administrasjonen har merka seg behovet».
2. Har du tatt opp vurderingen på å flytte fergeleie til Skjelnesodden. Som du sikkert husker, så var førstevalget til Vestland fylkeskommune, å korte inn sambandet med en ferge. Som en opplysning, så er det allerede bevilget ca kr 600 000 fra Varaldsøy Bygdelag til nytt fergeleie i Odden. Ordførar svarar:
Ordførar oppfattar at spørsmålet vart svart ut i kommunestyremøte den 19. september 2024, og ein refererer svaret frå protokollen:
Ordførar har jobba med ferjeutfordringa på Varaldsøy over lenger tid. Kvinnherad kommune har vidare, over ein lengre periode, spelt inn til fylkeskommunen at dei må sjå på nytt ferjestø på Skjelnesodden. Kvinnherad har, som mange er kjent med, føreslått ovanfor fylkeskommunen å lage ein flytande ferjekaimodul, for å få gjort noko med sambandet på kortare sikt. Fylke er administrativt blitt orientert om dette, og me føler saka ligg på fylkeskommunen sin banehalvdel. I samband med ferjemøtet på Varaldsøy, vart det uttalt av politiske representantar at dei håpa å få ei sak på dette så snart som mogleg.
Julie Holmedal Askeland, Sp Inkluderingsdugnaden – Ein veg tilbake til arbeidslivet Kvinnherad kommune har ein høg andel uføretrygda. Ifølgje nasjonale tal frå NAV frå 3.kvartal i 2024, kom omtrent 84 % av dei nye uføretrygda fra arbeidsavklaringspenger (AAP), og talet har auka gjennom året. Dette syner oss at ein stor andel av dei som i dag mottar AAP, til slutt vert uføretrygda. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) var det per oktober -24, 12,3 % av befolkninga i Kvinnherad som mottok uføretrygd, tilsvarande 946 personar. Ein auke som representerer 1,4 % frå året før. Denne utviklinga er bekymringsfull, men det finst håp. Regelverket har heldigvis endra seg, og det er no mogleg å vende tilbake til arbeidslivet dersom livssituasjonen og helsa betrar seg. Fleire opplever ein restkapasitet og eit ynskje om å høyre til eit fellesskap, utføre arbeid og bidra til samfunnet både økonomisk og sosialt. Sjølv om dette kan verke enkelt i teorien, er det diverre ikkje like enkelt i praksis. Dei siste vekene har eg hatt dialog med fagpersonar knytt til Individuell Jobbstøtte (IPS) frå NAV og nokre brukarar av IPS-tiltaket. Gjennom desse samtalane har det kome fram utfordringar knytt til tilsetjingsprosessar for kandidatar som ynskjer å kome tilbake til arbeidslivet, spesielt i offentleg sektor. Sjølv om denne utfordringa også er kjend nasjonalt, må me vurdere kva me kan gjere lokalt for å ivareta våre innbyggjarar, snu trenden og bidra til at denne gruppa kan kome tilbake i arbeid. Det er ein generell positiv haldning til arbeidstrening, men det stoppar ofte opp når det gjeld tilsetjing og varig løna arbeid. I denne samanheng syner forsking til at tradisjonell arbeidstrening ofte har liten eller ingen effekt på langvarig sysselsetting og kan til og med verke demotiverande for deltakarane. Dette understrekar behovet for meir målretta og støttande tiltak som IPS, som fokuserer på å finne og behalde ordinære jobbar for personar med helseutfordringar. Inkluderingsdugnaden er eit nasjonalt initiativ der regjeringa har sett som mål at minst 5 % av dei nytilsette i stat og kommune er personar med funksjonsnedsetting eller hol i CV-en. Det er viktig å sikre at personar som har vore utanfor arbeidslivet i lengre periodar, får høve til å kome tilbake i arbeid. Denne dugnaden må kommunen også ta på alvor. Ved å inkludere desse personane i arbeidslivet, kan me bidra til å redusere stigma, auke mangfaldet og styrke den samfunnsøkonomiske utviklinga. For Kvinnherad kommune er det essensielt å støtte opp om denne. Spørsmål til ordførar:
1. Kor stor andel av tilsetjingsprosessane i Kvinnherad kommune fell inn under målsetjinga i inkluderingsdugnaden, der regjeringa har sett som mål at minst 5 % av dei nytilsette i stat og kommune er personar med funksjonsnedsetting eller hol i CV-en? Kommunedirektør svarar:
Kommunal sektor er pr. dato ikkje ein del av inkluderingsdugnaden som vart innført i statleg sektor av Solberg-regjeringa i 2018. Kommunal sektor, i regi av KS og fagforeningssamanslutningane, har starta opp prosjektarbeid som rettar seg mot til dels same tema, dette arbeidet har fått namn «Inn i jobb». Kvinnherad kommune er ikkje med i dette prøveprosjektet. Den største utfordringa innafor dette tema har vore det ulovfesta kvalifikasjonsprinsippet. Det er relativt strenge regler ved tilsettingsprosessar, og kvalifikasjonsprinsippet har fram til våren 2024 vore det største hinderet for å forfordela ledige stillingar til særskilte grupper i kommunal sektor. I mange tilfelle er det også snakk om heiltidsstillingar, noko som hindrar fleire med nedsett arbeidsevne frå å søkja. Inkluderingsdugnaden i statleg sektor er blitt innarbeidd gjennom lov og forskrift. Tilsvarande er ikkje regulert i lov og forskrift, men gjennom ulovfesta praksis og tariffavtaler. Partane i kommunal sektor har våren 2024 blitt samde om at ein kan nytta same unntakstilfelle frå kvalifikasjonsprinsippet i kommunal sektor som i statleg sektor. Det er semje om at kommunal sektor faktisk kan utøva meir skjøn i desse vurderingane enn det ein kan innanfor statleg sektor. Dette er eit relativt nytt regime og Kvinnherad kommune har ikkje starta implementering av denne moglegheita ennå.
2. I kva grad har personar med tilsetjingsansvar i Kvinnherad kommune kunnskap og kompetanse når det gjeld samarbeid med NAV og høve for mellom anna mellombels tilsetjing, tilskotsordningar og forhandlingsverktøy for denne målgruppa? Kommunedirektør svarar:
Ettersom den felles forståinga mellom KS og forhandlingssammenslutningane er relativt ny, har dette ikkje blitt teke ut i organisasjonen. Det har likevel blitt jobba tett saman med NAV i forhold til arbeidsutprøving og liknande.
3. Korleis planlegg kommunen å arbeide framover for å auke medvitet kring utfordringsbiletet og leggje til rette for at denne befolkningsgruppa kan kome tilbake til arbeidslivet? Har Kvinnherad kommune ein strategi for inkludering og vegen tilbake til arbeidslivet Kommunedirektør svarar:
For å inkludera fleire må kommunar tenkja nytt, og ha en felles overordna strategi. Dagens arbeidsmarknad er prega av lav ledigheit og mangel på kvalifiserte søkjarar. Kommunen må nyttiggjere seg alle gode ressursar som den har. Eit godt eksempel på dette er dialogen mellom institusjonstenesta i Kvinnherad og Nav. Institusjonane har over år god erfaring med å inkludera personar som mottar uføretrygd, eller som treng språkpraksis og/eller arbeidspraksis med tilpassa arbeidsoppgåver på dei ulike arbeidsplassane. Arbeidsgjevar tilpassar her stillingsprosent til arbeidsevne/restarbeidsevne. Dette skjer i dialog og tett samarbeid med Nav. Vil til sist nemna at kommunen deltar i 2024/25 i eit KS-initiert læringsnettverk - flyktningar i jobb - saman med andre kommunar. Gjennom dette arbeidet håper ein å skapa eit meir inkluderande arbeidsliv .
Kristoffer Tufta, H Statistisk sentralbyrå (SSB) spår at folketalet i mange distriktskommunar vil gå ned i åra framover, og det er venta ei eldrebølge og fråflytting i store delar av Distrikts-Noreg. Likevel har vi lokalpolitikarar i Kvinnherad sett oss eit ambisiøst mål: Vi skal auka folketalet til 15 000 innbyggjarar – ein historisk høg prognose. Per i dag er det registrert 13 157 innbyggjarar i kommunen. Dette inneber ein nødvendig vekst på nærare 2 000 nye innbyggjarar på relativt kort tid. Korleis skal vi oppnå dette? Å utvikla nye bustadområde for å imøtekoma denne veksten vil krevja store investeringar, både økonomisk og i form av verdifulle naturressursar. I tillegg vil reguleringsprosessar ta tid. Men kva om vi kunne utnytta eksisterande areal meir effektivt? Det er eit paradoks at folketalsutviklinga i Kvinnherad i stor grad er flat, samtidig som kommunen aldri før har hatt fleire bustadar. For å forstå korleis vi kan få betre sirkulasjon og utnytting av eksisterande bustadar, har eg følgjande spørsmål:
1 Har kommunen oversikt over kor mange bustadar som står tomme heile eller delar av året i Kvinnherad?
Ordførar svarar:
Så langt ordførar/administrasjon veit finst det ingen oversikt over tomme bustadar. Det er gjerne eit spørsmål i seg sjølv kva som skal reknast som tom bustad, sidan me har fleire typar bustadar og grensene mellom fast bustad og fritidsbustad, og primærbustad og sekundærbustad, vil verke inn saman med måten folk flest nyttar dei på. Ein måte å finna nokre svar på kunne kanskje vera å kopla saman bygningsregisteret og folkeregisteret, men om dette praktisk eller formelt let seg gjere må i så fall undersøkast.
2 Korleis fordeler desse “tomme husa” seg geografisk i dei ulike krinsane?
Ordførar svarar:
Viser til svar på spørsmål 1 3 Kva verkemiddel har kommunen til rådvelde for å få auka sirkulasjonen av tomme bustadar?
Ordførar svarar:
Kvinnherad kommune er i seg sjølv ein stor kjøpar av husleigetenester, og bidreg såleis til å fylla ein del private husvære med folk. Ein kan også tenkja seg at kommunen initierer eller deltek i kampanjar og ordningar for marknadsføring eller kopling av huseigarar og potensielle leigetakarar eller kjøparar. Det er ikkje noko som administrasjonen har fått oppdrag på no, men som bør vurderast i arbeidet med å nå kommuneplanmåla.
4 Er det aktuelt å vurdera buplikt – anten personleg eller upersonleg – i dei bygdene der behovet for sirkulasjon er størst?
Ordførar svarar:
Buplikt er eit politisk spørsmål som ikkje administrasjonen har noko bestilling på no.
Eg meiner dette er viktige spørsmål å løfta, både for å sikra ei berekraftig utvikling og for å nå våre folketalsmål. 15 000 kjem ikkje av seg sjølv.
Bjørn Olav Tveit, Ap:
Korleis sørgjer Kvinnherad kommune for at skulane har tilgang på vikar ved vanleg og venta fråvær, jmfr Oppl.lov §17_7?
Kommunedirektør svarar:
I ei tid med mangel på arbeidskraft og auka fråvær er det ei utfordring å ha tilstrekkeleg tilgang på vikarar. Dette gjeld tilgang på vikarar ved forventa og kortvarig fråvær, i tillegg handlar det om å få tak i vikarar ved til dømes lengre sjukemeldingar og fødselspermisjonar, som gjerne kjem midt i året. Skulane har i stor grad eigne avtalar med vikarar, i tillegg til å nytta tilsette i eiga eining. Dette kan vera til dømes tilsette som har rett på auka stilling jamfør heiltidskultur.
For ei tid sidan vart innkjøp av Vikar-app (Jelpr-app) gjort. Appen er mellom anna ein plattform for å dela vikarar mellom ulike einingar. Per i dag er det berre Undarheim barnehage som nyttar dette systemet, men det blir vurdert om ein skal utvida bruken. I hovudrunden for 2025-2026 vil kommunen vurdera eventuelle nye tiltak, til dømes vikar-pool. Dette kan vera ein måte å sikra tilgang på vikarar - i ei tid der mangel på arbeidskraft er ein realitet.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.