Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.09.2024:
Framsette spørsmål:
Gunnar Helleland, INP Spørsmål:
Korleis kan kommunestyret på enklast mogeleg måte påverka reguleringsplanen for Lundsbakkane PlanID: 20200006 i Dimmelsvik? Ordførar svarar:
Kvinnherad kommune sitt arbeid med detaljregulering for Lundsbakkane har så langt vore i tett dialog med vegeigar Vestland fylkeskommune. Dette med fokus på trafikktryggleik og framtidig drift av veganlegget, men også korleis ein best mogleg kan ivareta dei som vert råka av reguleringsplanen. Kommunen har knytt til seg Norconsult som plankonsulent for arbeidet; eit firma med godt renommé innan vegplanlegging. Arbeidet er organisert etter prosjektplan av 24.06.2020 med plan-, teknikk- og miljøutvalet som styringsgruppe. Prosjektplanen seier mellom anna at det skal utarbeidast plankart og plandokument i samsvar med gjeldande standard og krav. Planforslaget blir utarbeidd i samråd med vegeigar, plankonsulent, og kommunen sine eigne fagfolk, og vert administrasjonen sitt beste råd til politikarane når forslaget er ferdig og vert lagt fram til politisk behandling. Spørsmål om rekkverk har vore løfta fram for vegeigar og vegmynde ved utarbeiding av planforslaget. Det er i utgangspunktet krav om avstand på 1,5 m mellom vegkant og gang- og sykkelveg. Mindre breidde kan nyttast dersom det vert sett opp rekkverk, men det avhenger av kva rekkverk ein nyttar. Ettergivande rekkverk treng til dømes eit rekkverkrom i bakkant. Rekkverk har fleire openberre fordelar. Men det er også negative faktorar som må reknast med; rekkverk i seg sjølv er påkøyringsfarleg, særleg for vegfarande på to hjul, og kan ta sikt i avkøyrsler og ved kryssingspunkt. Rekkverk kan også innby til eit høgare fartsnivå. Ei løysing utan rekkverk har estetiske fordelar. Med slike omsyn haldt saman har ein i planarbeidet konkludert med at breidda på rabatten er ei god løysing for trafikktryggleiken på staden. Politisk leiing i kommunen får planen til behandling i minst to omgangar. Først vert planforslaget lagt fram for plan-, teknikk- og miljøutvalet med sikte på vedtak om høyring og offentleg ettersyn. Etter høyringa vert planforslaget revidert og fram til endeleg vedtak i kommunestyret, men først etter ein ny runde i PTM der utvalet gir innstilling. Viss PTM-utvalet ikkje er nøgd med utgreiingane og løysingane i planforslaget kan dei til dømes vedta å sende planforslaget attende til administrasjonen med ønskje om tilleggsutgreiing eller nye vurderingar. Det same kan kommunestyret gjere når planen kjem dit.
Øyvind Hardeland, Ap Spørsmål:
I forbindelse med PTM møte og synfaring på Hatlestrand tirsdag 10 sept. der Bygdeutvikling og Bygdalag Ølve/Hatlestrand, presenterte sine planar med stort engasjement og framtidsvyer blei det opplyst at tidligare Kvinnherad Energi sin eigedom ( no BKK ) på Hatlestrand er til salgs. Det vart påpeika at dette er indrefileten og inngangspartiet til bygda. Det er derfor eit sterkt ønskje at Kvinnherad kommune sikra eigedomsrett, der bygda og kommunen då i lag, kan styra og utvikla dette området inn mot framtida. Vil ordføraren ta initiativ for ein dialog med bygda og BKK for sikra ei god løysing ? Ordførar svarar:
Ordførar er allereie i dialog med bygda, og planlegg ei synfaring saman med kommunedirektør i starten på neste månad. Det er vidare dialog med BKK, som også har vore i kommunestyret og orientert om at dei har satt i gang eit omfattande arbeid med å sjå på eigedomsporteføljen sin. Det har ikkje vore konkret dialog med BKK etter sommaren. Næringssjef er kontaktperson opp mot dei i dette arbeidet. Per Svindland, FrP Spørsmål:
Kan ordførar sjå på innkortninga av ferjesambandet Gjermundshavn-Skjelnesodden på Varaldsøy – Årsnes? Ordførar svarar:
Ordførar har jobba med ferjeutfordringa på Varaldsøy over lenger tid. Kvinnherad kommune har vidare, over ein lengre periode, spelt inn til fylkeskommunen at dei må sjå på nytt ferjestø på Skjelnesodden. Kvinnherad har, som mange er kjent med, føreslått ovanfor fylkeskommunen å lage ein flytande ferjekaimodul, for å få gjort noko med sambandet på kortare sikt. Fylke er administrativt blitt orientert om dette, og me føler saka ligg på fylkeskommunen sin banehalvdel. I samband med ferjemøtet på Varaldsøy, vart det uttalt av politiske representantar at dei håpa å få ei sak på dette så snart som mogleg. Spørsmål:
Kan ordførar arbeida for å få ferjene Sildafjord og Lærdal til å korrespondere med kvarandre? Sildafjord går til dømes kl 20.40 fra Årsnes, og er på Gjermundshamn kl 20.55. Ferja Lærdal, går fra Gjermundshavn til Varaldsøy kl 20.55. Det burde vore korrespondering mellom Sildafjord og Lærdal, slik at reisende kan komme til Varaldsøy uten å måtte stå igjen på Gjermundshamn i ein time til neste ferje. Sildafjord kan til dømes gå kl 20.35, altså 5 minutt før, og Lærdal 21 05. Då får alle reisande til Varaldsøy vere med, og kortar reisetida ned med 1 time. Ordførar svarar:
Ordførar har så langt erfart at det er krevjande å få gjort endringar i rutetabellen i ferjesambandet innafor ein gjeldande kontraktsperiode. Vi skal likevel ikkje gi opp å jobbe for forbetringar. Ordførar vil be kommunedirektøren vidareformidle forslaget frå representanten Svindland til Skyss, og elles ta dette med som innspel til vurdering når Skyss inviterer til eventuelle ruteendringsprosessar. Silvia Tofte, Høgre Spørsmål:
Me har gjennom dette året blitt kontakta av pårørande som har fortalt om at pasienter vert liggande på overliggedøgn på sjukehus, samt at det er svært vanskelig å få ØH plass ved Husnestunet grunna det ikkje er sirkulasjon på desse plassane. Korleis er institusjonskapasiteten i kommunen per i dag? Kommunedirektør svarar:
Det er god flyt i Øyeblikkelig hjelp( ØH)-senger. Vi får flytta pasientar raskt over til korttidssenger når det skal skje, og eventuelt utskriving til heim om det er vurdert forsvarleg. I juli og august har det vore nokre få tilfelle der pasientar har lege opp til 7 dagar i ØH-seng. Dette er ikkje vanleg. Det har og vore døgn der ØH-seng ikkje har vore i bruk. Det er fleire og samansette årsakar til at pasientar ligger på overliggedøgn. Pasientar er sjukare i dag enn tidlegare, dei blir tidlegare utskriven frå sjukehuset og blir ferdig behandla i korttidsopphald. Av den grunn kan det oppstå kapasitetsutfordringar og pasientar vert lengre på sjukehus før dei får tildelt korttidsopphald i kommunen.
Overliggedøgn så langt i år skuldast også kapasitetsproblem i tenestene. Når kommunen ikkje har
personell til å gje nødvendige og forsvarlege tenester i heimen eller på institusjon,
må pasientar nokre gonger verta liggjande på overliggjedøgn på sjukehus til kommunen har fått
på plass det som trengs for å ivareta pasientane. Overliggedøgn statistikk for 2024 er som følger t.o.m. august:
Januar 0, februar 2, mars 36, april 2, mai 1, juni 22, juli 12, august 19 Kapasiteten er å rekna som tilfredsstillande og normal. Variasjonar og toppar vil førekomme gjennom året. Det er tenestene vante med og skal kunne handtere. I framtida må ein som kommune planlegge for å styrke heimeomsorg, og gjerne fleire buløysingar sentralt. Spørsmål:
Høgre har blitt kontakta av innbyggjarar som fortel at dei har blitt flytta frå Rosendal Helsesenter til Hatlestrand Helsesenter, der dei har fått fastlege. Dette er pasientar som det siste året har hatt vikarlegar etter at fastlegen deira gjekk av med pensjon. Det er menneske som er sjuke som no må reise lengre for å komma til legen. Kva kan ein gjere for å auke opp kapasiteten ved Rosendal Helsesenter? Kommunedirektør svarar:
Kvinnherad kommune har nyleg rekruttert nyutdanna legar. Etter oppstart av praksis skal dei ha fem år under spesialisering før dei får tittelen spesialist i allmennmedisin. I spesialiseringa går legane 100% som fastlegar, legevakt kvar 14. dag (i tillegg til 100%) samstundes som dei er under eit krevjande utdanningsløp. Av den grunn kan ein ikkje forvente tilsvarande lister per fastlege som sjølvstendig næringsdrivande hadde tidlegare. Dei listene som tidlegare vart følgt opp av ein godt erfaren lege må no delast på kring halvanna legestilling. Dette er ikkje unikt for Kvinnherad. Rosendal legesenter har behov for ytterlegare eitt legekontor. Legekapasiteten ved tenestene må styrkast, men utan å løysa kontorutfordringane kan ein ikkje tilsette ny lege. Dette blir det arbeidd med å løysa, og det er venta ei snarleg løysing. Fram til me får auka kapasitet på Rosendal helsesenter vil det ikkje vera mogleg å reversera det som er no tredd i kraft (58 pasientar er flytta til Hatlestrand helsesenter, og 200 skal flyttast til Halsnøy helsesenter i løpet av november). Det er HELFO som endrar på fastlegetildelinga, og ein forstår at det er tilfeldige tildelingar.
Knut Johannes Helvik, Høgre Spørsmål:
Områdeplan Rosendal - Idrettshall. Viser til K-styremøte 27.10.23. Eg kan ikkje sjå at planleggjarane i kommunen har omsynteke dette gjeldende vedtaket ved framlegging av planen i PTM. Viser også til nyleg uttale/ope brev frå Rosendal Turnlag. Eg ber Ordføraren leggja fram sak for Kontrollutvalet, for ikkje å ha gjennomførd/omsynteke dette vedtaket i planforslaget. Kommunedirektør svarar:
Kommunedirektøren deler ikkje representanten sitt syn om at administrasjonen ikkje har teke omsyn til det aktuelle kommunestyrevedtaket. Administrasjonen er i prosess med å oppfylle vedtaket. Kommunestyret sitt vedtak frå oktober 2022 lyder:
1. Kvinnherad kommunestyre vedtek at det skal regulerast for å plassera ein fleirbrukshall langs og sør for bassenget i Rosendal. Takhøgda skal vera romsleg nok til å opna for fleksibel bruk av hallen. Areal til dette føremålet skal vera stort nok til å kunna planlegga for stor fleirbrukshall, samt kunne innehalda parkering og nødvendig anna infrastruktur med uteopphaldsareal. Idrettshallen kan vurderast bygd saman med eksisterande skulebygg.
2. Innhald og funksjonar må kartleggast, og leggast fram for kommunestyret i samband med vedtak om storleik. Parallelt med utarbeiding av områdereguleringsplan for Rosendal har administrasjonen arbeidd med behovsundersøking og førebelse grovvurderingar av kostnadar. Det vert i spørsmålet vist til ope brev frå Rosendal Turnlag (RTL), som ein legg til grunn er lesarbrev publisert i Grenda den 19. september 2024. Lesarbrevet er signert styret i RTL. RTL skriv der at dei ønskjer dialog med kommunen og kommunepolitikarane for å kome vidare og løyse behovet for hallplass i Rosendal. Det er etablert slik dialog mellom RTL og administrasjonen. Forutan tidleg sporadisk kontakt kring temaet, vart det halde møte i høve saka den 3. mai 2024 med ny fleirbrukshall i Rosendal som einaste tema. Det var eit godt møte som i referatet vart oppsummert slik:
Kommuneadministrasjonen jobbar vidare med reguleringsplanforslag tilpassa stor fleirbrukshall rundt 12 meter høg, men med høve til å etablere nødvendige tekniske installasjonar noko høgare enn dette på delar av arealet. Av arealmessige og økonomiske grunnar blir det truleg utan 200 m. løpebane. RTL si forventning er at kommunen dreg prosessen for byggeprosjektet vidare, og at RTL får ei rolle i dette. Grunna dei økonomiske realitetane i saka er det ikkje naudsynt med hastverk. RTL tek initiativ til synfaring av samanliknbare hallar, og Erlend (Bøyum)og Kristian (Helgesen) blir med frå kommunen. Referatet har vore til gjennomlesing og har full tilslutnad frå møtedeltakarane. Referatet er å finna på postlista i sak 2022/2774. Omgrepet "stor fleirbrukshall" er nytta av kommunestyret, men dette er ikkje ein definert storleik. Det er difor gjort grov kostnadsvurdering av tre alternativ (enkelthall, dobbelhall og friidrettshall med 200 m. løpebane) for å få nokre konkrete funksjons- og kostnadsintervall. Dette er halde opp mot dei funksjonar og ønskje som brukarundersøkinga avdekka. Saka er per dags dato ikkje tilstrekkeleg utgreidd til at den bør leggjast fram for kommunestyret med omsyn til innhald og storleik, jf. pkt. 2 i vedtaket. Kontrollutvalet er orientert om spørsmålet og svaret gjennom denne protokollen.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.