Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 23.05.2024:
SPØRSMÅL FRÅ:
• Gunnar Helleland (Inp):
Ordførar! Loddet er kasta seier BKK, mulig dette loddet traff nokon av dei som ivra mest etter å selja Kvinnherad Energi til BKK og ikkje til Haugaland kraft. Èin del av oss andre hadde høyrt om dette loddet, og det viser vel at Høgre politikk ikkje alltid er den beste. Vi har fått litt informasjon om kva som er avtala og underskrevet av Kvinnherad kommune og BKK. Under her er det kopi av litt av erklæringa som BKK og Kvinnherad kommune skreiv under på i 2019. Erklæring:
Denne erklæring er avgitt av BKK AS, org.nr. 880309 102 ("BKK") i forbindelse med overtakelse av deler av virksomheten til Kvinnherad Energi AS, org.nr. 966 309 202 ("Kvinnherad").. BKK garanterer at ordningen med oppmøtested Dimmelsvik og Hatlestrand i Kvinnherad vil bli videreført i 15 år. Det er det berre knappe 5 år siden denne avtalen vart underskrevet, så at BKK / Eviny no kjem med planar om flytting innad i Kvinnherad kommune ser vi på som èin start på avvikling i kommunen vår. Med tanke på beredskap og inngåtte avtalar så er dette noko vi i Kvinnherad INP ikkje kan godta av fleire grunnar!
• Beredskapen er allerede dårlegare enn den var før BKK overtok , I forbindelse med elektrifisering av det meste, bla bussar i 2025, så MÅ vi ha skikkeleg beredskap for kraftnettet i kommunen vår. Ein kan jo gjera seg opp tankar om kor lenge kvar og ein greier seg uten straum i dagens samfunn, og i tillegg beredskapen på institusjonar, industri, betalingssystemer, alt anna som treng straum døgnet rundt.
• Antall ansatte er betydeleg redusert etter at BKK overtok. Stillinger der ansatte går av med pensjon vert ikkje erstatta, og arbeidsplassar forsvinn ut av kommunen, og Kvinnherad sitt igjen som èin tapande part i dette. BKK seier nok på møter at beredskapen er betre i dag pga at det er 24 timers overordna vakt. Dette hadde Kvinnherad energi sida åttitallet, denne tjenesten kjøpte dei hos SKL og fungerte godt. I dag skal ei montørvakt dekka Etne, Tysnes og Kvinnherad, før hadde kvart av desse områda eigen vakt, så kan jo kommunestyret sjølv gjera seg opp tankar kor bra dette er no. Nokon fekk sikkert med seg Lars Enes sitt leserinnlegg om BKK, Eviny og Cesar i lokalavisene tidligare i mai, dette traff vel spikeren midt på hovudet. Spørsmål til Ordførar. Korleis vil Ordføraren jobba framover opp mot BKK / Eviny for å behalda arbeidsplassane i Dimmelsvik og Hatlestrand samsvar med avtale mellom BKK og Kvinnherad Energi? ORDFØRAR SVARAR:
Ordførar var seinast tysdag på eigarmøte og generalforsamling i Eviny, eg snakka også med dagleg leiar av BKK der, hu kunne fortelje at dei ikkje er kome skikkeleg i gang med arbeide, som blei orientert om i vårt kommunestyret 25.april. Men at dette no skal startast opp, og dei hadde ønske om tett dialog med kommunen, og det vil også bli lagt opp til møter med BKK om dette temaet. Ordførar er opptatt av avtalen inngått med Kvinnherad kommune skal bli oppfylt, men og at me skal være ein konstruktiv samarbeidspartner for at dei skal få utvikle selskapet sitt vidare.
• FRÅ SILJE NORDTVEIT OLSEN, SV:
Spørsmål 1) Eg har blitt kontakta av Trio si svømmegruppa. Dei har gitt meg urovekkande opplysningar om tilstanden ved svømmehallen på Husnes. Dei fortel at det ikkje er mogleg å nytta alle dusjane i garderobeanlegget fordi det ikkje kjem vatn ut av alle dusjane. Det er heller ikkje høve til å regulera temperatur i dusjane som gjer at dei enten er iskalde eller veldig varme. Vidare fortel dei at temperaturen i bassenget er redusert med fleire grader på grunn av at anlegget lekk med omlag 4 kubikk med vatn per døgn og at ein stadig må fylla på med nytt vatn. Svømmegruppa opplys at bassenget er så kaldt at barna som deltek på svømmeopplæringa ikkje vil ut i bassenget. Svømmekursa har no låg deltaking kontra tidlegare når det var jamn temperatur. Kan ordførar redgjer for tilstanden ved svømmehallen på Husnes og kva tiltak som må iverksettast for å få både basseng og garderobeanlegget i tilfredsstillande stand? Ordførar svarar:
Bygg og eigedom har god oversikt på kva feil og manglar som er registrert på bygningskroppen og tekniske anlegg for bassenget på Undarheim. Det blei utført ei større tiltakskartlegging i 2020 i samband med skulestruktursaka, men nødvendige utbetringar av bassenget er ikkje med i saka om vedlikehaldsetterslep på skule- og barnehagebygg som vart vedteken i kommunestyret 30.09.2021. Det er vanskeleg å ta ut eksakte kostnadar for berre bassenget, fordi fleire funksjonar er knytt til heile bygget. Ei oversikt etter tilstandskartlegginga som tar for seg bygningsdelane og tekniske anlegg for bassenget syner ei oppgradering på fleire millionar kroner.
1. Status temperatur i bassenget: Det vert gjennomført målingar dagleg. Måleresultata syner stabil temperatur i bassengvatnet gjennom heile dagen. Dette er også kopla opp mot SD-anlegget (sentral driftskontroll) som loggar temperaturen kontinuerleg.
2. Tilstand dusjar i garderobar: Dusjane i symjegarderobane har eigen termostat
med trykknapp for start. Bygg og eigedom har ikkje mottatt nokon feilmelding
på dusjane frå verken skulen eller Trio idrettslag.
3. Lekkasje frå bassenget: Det har vore større lekkasjar frå bassenget
etter sprengingsarbeid ved Kvendabekken. Desse vart tetta sommaren 2023,
det er ennå ein del mindre lekkasjar frå bassenget, men dette påverkar ikkje
temperaturen i bassenget. Bygg og eigedom driftar bassenget på Undarheim etter beste evne innanfor dei lovbestemte krava med dei midlane som et tilgjengelege i driftsbudsjetta. Spørsmål 2) Tradisjonen med vennskapsbyar oppstod etter andre verdskrig som ein måte å forsona folk på og støtta internasjonalt arbeid, samt utveksla kultur og knytta menneskelege band. I nyare tid ser vi at vennskapsbyar fungerer som brubyggjarar mellom ulike land og avtalane er ein måte å fremja solidaritet mellom byar, kommunar og land. No er det fleire kommunar som har utarbeida initiativ til å få i stand nye vennskapsbyavtalar med byar i Ukraina og Palestina. Fleire norske byar har etablert vennskapsbyavtalar med palestinske byar. Til dømes har Trondheim med Ramallah, Stavanger med Nablus, Hamar med Khan Younis, Tromsø med Gaza, Sarpsborg med Betlehem og Lærdal med Jeriko. Andre norske byar har etablert vennskapsavtalar med ulike byar i Ukraina. Kvinnherad kommune har fleire vennskapsbyar. Det er ikkje lett å få oversikt over kva vennskapsbyar vi har og kva forpliktelsar vi allereie har som vennskapsby. Kan ordførar orientera om kva vennskapsbyar vi har og dette betyr for Kvinnherad kommune? Kan ordførar ta initiativ til å utarbeida ei sak der ein ser på moglegheiten for å få til ein vennskapsbyavtale med ein by i Palestina og ein i Ukraina? Ordførar svarar:
Ordførar kjenner til følgande vennskapskommunar: Østeråker kommune, Story city, Iowa, USA og San Lucas Toliman, Guatemala. Østeråker har ikkje kommunen hatt dialog eller finn oversikt over samarbeid på nesten 20 år. Story City, iowa der har kommunen hatt samarbeid med Iowa university om utveksling av lærarstudentar, som har vore kjent og orientert om for kommunestyret tidligare. San lucas toliman og samarbeidet der er godt kjent for kommunesyret, der fekk me også ei utfyllandes orientering før jul. Eg har bedt administrasjonen om å komme tilbake med ei sak der me får ei full oversikt viss det kan være andre vennskapskommunar som me ikkje har oversikt over lenger, eg har fått beskjed om at det i forkant må gjerast ein jobb med å gå igjennom gamle arkiver og å få kartlagt dette grundig. Slik at me får full oversikt. Når saka kjem, kan me i kommunestyret få ein brei debatt på temaet og eventuelt bestemme oss for å ta inn nye vennskapskommunar, eller avsluttar tidligare samarbeid, som me ikkje har vidare kontakt med. Ordførar sine tankar om venskapssamarbeid er litt todelt, og eg er usikker på om kommunen er rette instansen til å ta initiativ eller være pådrivaren for slike samarbeid. På ei annan side, så er eg veldig for internasjonalt samarbeid, og med verdens bilde som me har nå, så er det mange som trenger hjelp, og eg er heilt sikker på at Kvinnherad kommune kan bidra i mange samanhengar i positiv forstand.
• FRÅ HANNE KRISTENSEN, H :
Å bruke lokala på sjukeheimane har vore èin lang tradisjon i Kvinnherad. I seinere tid har det vore ulike tilbakemeldingar når det gjeld restriksjonar angåande leige av lokaler ved Halsnøytunet sine gamle Dill-lokaler. Spm.1 Kan Ordførar gjere greie for om det framleis er høve til at dei eldre som i dag bur på Halsnøytunet kan bruk det gamle Dill lokale til store feiringar som bursdag eller til minnestund? Spm.2 Kan Ordførar gjere greie for om det er nye restriksjonar når det gjeld lån av lokaler ved alle sjukeheimar i Kvinnherad Kommune? ORDFØRAR SVARAR:
1. Eining bygg og eigedom som eigar av kommunale bygg skal overta ansvar for utleie av lokala på Halsnøytunet (gamle lokalane som Dill nytta, minus produksjonskjøkendelen). Det vil som tidlegare vere mogleg for bebuar i omsorgsbustadane og pasientane på sjukeheimen å leige lokala til å feire bursdag. Det kan også leigast til minnestund. Bestilling av lokala vil skje gjennom bestillingsordning som for andre kommunale bygg. 2. Det er noko ulik praksis for utleie av lokalar i sjukeheimane. Dette for at det er ulik bruk av lokala i sjukeheimane, og det er ulikt kven som har ansvar for utleie. På Rosendalstunet er det ikkje mogleg å leige lokal på dagtid måndag- fredag, då lokala er i bruk for dagpasientar. Lokala vert berre nytta til utleige for pasientar og bebuar ved Rosendalstunet. På Husnestunet er det eining for mathandtering som står for utleie av lokala, då det er dei som driftar kantina. På Halsnøytunet vil det som nemnt over vere eining for bygg og eigedom som skal ha ansvar for utleie av lokala.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.