Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 25.04.2024:
Spørsmål og svar:
Veronica Thorsen (Sp) – SFO tilbud i feriar:
Me har fått meldingar frå foreldre som er bekymra over SFO-tilbod i feriar. Der ein får opplyst at fleire har fått svar «at det diverre ikkje er nok søkjarar på nokon av skulane til at det kan vera ferieope, verken i august eller i haustferie». Me stussar over dette svaret, og undrar på om dette vert gjort i tråd med vedtak for SFO som er gjeldande frå 01012024? Vidare er det er fleire som nyttar seg av SFO-tilbod i feriar, men behovet varierer frå år til år på dei ulike skulane. Fleire av dei som søkjer SFO-tilbod i feriar er tilflyttarar til kommunen vår, og har gjerne ikkje familie eller andre som kan ta ungane når dei må arbeide. Desse innbyggjarane våre treng difor ei stabil ordning som dei kan lita på i feriar, ikkje berre i år, men i åra frametter. Me ynskjer, som tidlegare, å peika på behovet for å få på plass ein heilskapleg plan for å få folk til å flytta til Kvinnherad og bli buande her, i tråd med måla i samfunnsdelen. Kva tenkjer ordføraren at me som kommune kan bidra med i denne situasjonen som kan sikre ei føreseieleg og sikker ramme for innbyggjarar som treng eit slikt tilbod? Svar på spørsmål:
Det stemmer at det er sendt ut svar til fleire om at det ikkje var nok søkjarar til ferieope i august eller i haustferien. Søknadsfrist var 01.03.24 og då var søkjartala følgjande:
Det vert spurt om svaret er i tråd med vedtektene for SFO gjeldande frå 01.01.2024. Det er følgjande krav til ferieope i vedtektene: «For å opprette SFO- tilbod i feriane er det krav om 6 elevar ved kvart av tilboda». Det som var nytt i vedtektene for 2024 var at «Dersom det er søkt plass i ferietilbod ved ein skule som ikkje kan opprette tilbod grunna for lavt søkjartal (under 6 elevar), kan eleven få tilbod om plass på ein annan lokasjon dersom det kan gi nok elevtal til å opprette tilbod.»
Dei som hadde søkt ferie-SFO for hausten der det ikkje var nok søkjarar for å opne, vart oppmoda om å nytte seg av tilbodet ved å byte skule ein av feriane i haust, for å på den måten få til ferieopning. Nokre foreldre responderte, men likevel vart det for få til å ha ferieope. Unntaket er Valen skule der det vert ferieope i august med 6 elevar.
Vidare er det er fleire som nyttar seg av SFO-tilbod i feriar, men behovet varierer frå år til år på dei ulike skulane. Fleire av dei som søkjer SFO-tilbod i feriar er tilflyttarar til kommunen vår, og har gjerne ikkje familie eller andre som kan ta ungane når dei må arbeide. Desse innbyggjarane våre treng difor ei stabil ordning som dei kan lita på i feriar, ikkje berre i år, men i åra frametter. Me ynskjer, som tidlegare, å peika på behovet for å få på plass ein heilskapleg plan for å få folk til å flytta til Kvinnherad og bli buande her, i tråd med måla i samfunnsdelen.
Kva tenkjer ordføraren at me som kommune kan bidra med i denne situasjonen som kan sikre ei føreseieleg og sikker ramme for innbyggjarar som treng eit slikt tilbod?
Svar: For å sikre ei føreseieleg og sikker ramme for innbyggjarar som treng SFO-tilbod i feriar kunne kommunen haldt ferieope ved alle barneskulane, uavhengig av tal på søkjarar. Då må skulane ha midlar kvart år til å ha personale til stades i feriane uansett om det er elevar som nyttar seg av tilbodet eller ikkje. Å redusere eller ta bort krav om tal på søkjarar for å opne tilbodet må diskuterast opp mot vurdering av barnets beste, dersom det ved nokon skular kan vere så lite som 1 eller 2 elevar.
I høyringssvar til vedtektene for 2022 kom det innspel frå fleire skular om å samlokalisere ferie-SFO ved dei skulane som hadde flest søkjarar. I vedtekter for 2023 vart tal på skular som kunne ha ope ferie-SFO auka frå 2 til 6, dersom nok søkjarar. I tillegg vart søknadsfrist for ferietilboda endra til nærmare feriar. Dette for å gi meir fleksibilitet for foreldre.
For at fleire skal nytte seg av tilbod om ferie-SFO for å sikre at det vert opna, kunne kommunen bestemt at også ferie-SFO skal vere gratis, som resten av skuleåret. Vi ser at det er fleire elevar som nyttar seg av SFO etter at tilbodet vart gjort gratis.
Marianne Nordhus (Sp)– Jordvern i arealplanen:
Arealplanen vert no arbeida med. Det har kome signal etter eit møte i forbindelse med dette arbeidet, at det vart utvist ei svært defensiv haldning til jordvern. Me er gode på og har i motsetning til mange andre kommunar, ei utvikling i landbruk og matproduksjon i Kvinnherad. Dette skal me vere stolte av. Og me kan kanskje verta eit eksempel til etterfølgelse, i arbeidet mot målet Nasjonen har, med å auke matproduksjonen. Den nasjonale jordvernstrategien er tydeleg. Me har tidlegare vore tydelege på jordvern i Kvinnherad. Nasjonale mål om auka matproduksjon og matsikkerhet er tydelege. Totalberedskapskommisjonen og riksrevisjonen er like tydelege, Me produserar for lite mat i Noreg. Spørsmål:
Jordvern skal vere eit overordna mål i arealforvaltninga. I kva grad vert dette ivareteke i arbeidet med arealplanen? Svar på spørsmål:
Når det gjeld bruk av dyrka mark i arealplanarbeidet legg kommuneadministrasjonen til grunn jordlova og plan- og bygningslova sine overordna føringar om å ta vare på ressursgrunnlaget, fylkeskommunal temaplan for landbruket og kommunen sin eigen landbruksplan.. For utforming av ny arealdel til kommuneplanen er samfunnsdelen til kommuneplanen sine arealstrategiar heilt sentrale. For jordvernet er det vedteke ein strategi som lyder "Dyrka mark og dyrkbar jord skal vernast om. Nydyrking skal prioriterast." Dette er vidare utdjupa slik:
• Der dyrka mark blir omdisponert til andre føremål, bør det leggjast til rette for å dyrka opp nytt areal.
• Kvinnherad kommune vil halde fram med å gi støtte til nydyrking, med mål om fortsett auke i jordbruksarealet, slik det har vore dei siste ti åra.
• Noko bruk av dyrka jord i sentrumsområde kan aksepterast når det er naudsynt Det er lagt opp til sterk politisk deltaking og styring i arealplanarbeidet. Administrasjonen bidreg med kunnskapsgrunnlag, analysar, vurderingar, råd og forslag, men vektlegging av jordvernet blir til sjuande og sist eit uttrykk for det politiske fleirtalet sin vilje.
Svart ut i møtet:
Ove Lemicka (Frp): SVARA UT AV ORDFØRAR I EIGE SAKSFRAMLEGG – LUKKA MØTE Eg vil be Ordføraren gje ei orientering til kommunestyret om kva som har skjedd med
oppfølging av kommunestyrevedtaket i løesaka på Døssland sidan kommunestyret avklarte vidare sa
ksgang i saka, jfr. kommunestyremøte 14. desember 2023.
Slik eg forstår det er ingen tiltak vedtatt av kommunestyret utført, 4 månader etter at
kommunestyret påla administrasjonen å varsla/følgja opp tiltakshavar om oppfølging av ikkje lovleg o ppstarta byggetiltak, ved tilbakeføring eller søknad om godkjenning i samsvar med PBL.
Thomas Eide (Inp): SVARA UT AV ORDFØRAR – SVARA T AV SYNNØVE HANDELAND - LUKKA MØTE
Eg har spørsmål ang sak 2023/22 - 14.12.2023, den såkalla "Løesaka" Underteikna finn ikkje at det har vært noko form for kommunikasjon mellom administrasjonen og tiltakshavar på gnr 129/4 på postlistene etter vedtaket som blei fatta i kommunestyremøtet 14.12.2023. Dersom eg har oversett noko er det fint om eg får tilbakemelding på dette. 1. Er det korrekt at administrasjonen ikkje har kontakta tiltakshavar på gnr 129/4 ang vedtaket som vart fatta ? 2. Viss dette er korrekt stilles det då spørsmål om årsak til dette ?
Vermund Wetrhus (Sv):
Risiko og sårbarhetsanalyse for Brann og redning. Utrykningstid jamfør forskrift 20 minutt - Eg har då to spørsmål til ordføraren:
1. Kva er gjennomsnittleg forspenningstid på dei ulike stasjonane for dei siste 20 hendingane eller dei siste 5 åra, dersom det ikkje har vore så mange hendingar?
2. Kva er kravet til utstyr og antal mannskap for stasjonane, og kva er mannskapet og utstyret på dei ulike stasjonane?
Kommunedirektøren svara:
Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta) av 01.03.2022 stiller i §§ 6, 7, 8 og 9 krav om utarbeiding av ROS-analyse, førebyggjande analyse og beredskapsanalyse. Kvinnherad kommune har i likheit med store delar av brannvesena i Vestland fylke valt å nytte eksternt, uavhengig firma til å utføre dette lovpålagte arbeidet. Selskapet er i desse dagar i ferd med å sluttføra ROS-analysane og konsekvensanalyse, og rapport frå dessa analysane vil bli presentert for PTM- utval og kommunestyre straks den er klar. Rapporten tek mellom anna opp organisering, bemanning og utrustning, og kommunestyret vil få høve til å stilla spørsmål til rapporten når den blir presentert. Rapporten vil seinare danna eit godt grunnlag for vidare arbeid knytt til brannstasjonstruktur, og vil bli nytta som grunnlag for ny saksutgreiing til kommunestyret
Silje N Olsen (Sv):
1. Det er tilsett ein dagleg leiar i ein 100 % stilling som prosjektstilling i 2 år. Som ein les i avisa er denne stillinga no slått saman med dagleg leiar av kulturhuset Husnes. Korleis ser ein for seg at denne stillinga vert framover? Vert den implementert som ein fast stilling? Kommunedirektøren svara:
Det er første gang kommunen har ein slik flott arena til rådvelde, og dette året har det vore jobba med å sjå på potensialet for bruk av bygget for å kunna dimensjonera ressursane på ein god måte. Arena har svart til forventningane og etterspørselen er mykje større enn me hadde førestilt oss. Her er plass til idrett, skule og barnehagar, fysio, senior, tv aksjon, first lego, romjulscup, ulike kurs, eliteserie handballkamp, romjulsfest og alpakkautstilling – for å nemna noko. Våren 2024 pågår ein gjennomgang av organiseringa av kulturtenestene med mål om å styrke faget, samstundes som kommunestyret sitt innsparingskrav til sektoren skal ivaretakast. Kvinnherad kultursenter og Kvinnherad Arena har dels overlappande tenester, og når avdelingsleiar for kultursenteret frå sommaren 2024 vert pensjonist vert dagleg leiar i Kvinnherad Arena konstituert som avdelingsleiar for begge områda fram til eventuelle endringar i organiseringa vert klarlagt. I denne perioden er Kvinnherad Arena styrkt med ein 100% mellombels stilling
2. Er det nok reinhaldsressursar og vaktmeistertenester til dagens bruk av bygget? Dersom ikkje, er mangel på ressursar til hinder for å skipa til ulike arrangement på Kvinnherad arena? Kommunedirektøren svara:
Ressursar til reinhald var i utgangspunktet tilpassa oppvekstsektoren sine behov for kroppsøvingslokale på dagtid. Det vart ikkje teke tilstrekkeleg høgd for reinhald før og etter idrettslaga sin ettermiddag- og kveldsbruk, og det er såleis for lite ressursar til å dekka reinhald ved helgearrangement, møtelokale og liknande. Det blir i dag leigd inn ekstra reinhaldsressursar til reinhald på kveld/helg. Når det gjeld vaktmeisterteneste er bygget organisert inn i kommunen si byggdriftarteneste med døgnvakt inkludert. Drifta av Arena skal tilpassast dei økonomiske rammene budsjettet og marknaden gjev. Det er no gjennomført eit innkjøringsår, der inntektene har vore lave. Erfaringane kommunen har gjort syner at det er behov for nokre tilpassingar. Til dømes skal arrangement knytt til vaksne vera inntektsgjevande slik som for andre kommunale bygg. Når desse inntektene kjem på plass kan dette gje eit større handlingsrom til kjøp av tenester.
3. Kor mykje straum produserer solcelleanlegget? Er det nok til at Kvinnherad arena er sjølvforsytt med straum? Kommunedirektøren svara:
Det totale energibehovet på bygget har vore vel 275 tusen kWh det første driftsåret. Registrering av solcelleproduksjon kom først i gang i november 2023. Ut frå dei tala kommunen har fram til no ser
det ut til at solcelleanlegget står for om lag 30 – 40 % av energibehovet til bygget. Kommunen
si målsetjing er at solcelleproduksjonen etter kvart skal bidra med 50 % av det totale energibehovet på Kvinnherad arena. Dette skal det vere mogleg å gi eksakte tal for i årsmeldinga for 2024.
Trekt spørsmål Heidi Bolette Jacobsen: SVARA UT I EIGE SAKSFRAMLEGG 2024/53 Det føreligg no ei høyring i Vestland fylkeskommune om korleis skuletilbodet i Vestland skal vera. Høyringsfrist er sett til 20.mai 2024. Kvinnherad INP meiner det vert viktig å gje eit høyringssvar. Dersom planen vert vedtatt slik den føreligg, vil dette gå ut over tilbodet ungdommane i kommunen vår har i dag. Det er ingen klassar og tilbod ved Kvinnherad vidaregåande som står i fare i dag, men det vert signalisert at det er behov for å ta ned tilbod og klassar etter kvart. Her må me ikkje sova i timen for å klara å halde på dei linjene me treng og samstundes klare å få nye linjer, linjer som kanskje vil bidra til at folk flyttar til kommunen og ikkje frå, for å gå på skule. Framlegget som føreligg, føreslår å leggja ned YSK ved Fusa vidaregåande skule, Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign ved Fitjar vidaregåande skule, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Sal, service og reiseliv ved Stord vidaregåande skule. Er dette noko Kvinnherad kommune kjem til å gje eit høyringssvar på ? Dersom ikkje, kan Kvinnherad kommune skrive eit høyringssvar som sikrar vidare variert skulegang i regionen?
Trekt spørsmål Bjørn Olav Tveit: SVARA UT AV ORDFØRAR - SVARA UT I EIGE SAKSFRAMLEGG 2024/53 Spørsmål til Ordførar: Det føregår for tida ei høyring som gjeld tilbodsstrukturen i Vestland fylkeskommune. Forslaget frå fylkeskommunen inneber ingen direkte endringar for Kvinnherad vidaregåande, men forslaget vil likevel få konsekvensar for mange ungdomar frå Kvinnherad som søkjer seg til linjer på andre skular i vår geografiske nærleik.
• Fitjar vgs: leggjast ned når Stord vgs er ferdig bygd ut gjennom byggetrinn 2.
• Stord vgs: musikk, dans og drama og medium og kommunikasjon vert lagt ned.
• Fusa: Alle linjer med Yrkes og studiekompetanse (YSK) vert lagd ned, i tillegg til Kunst, design og arkitektur YSK er eit 4-årig dobbelkompetanseløp som kombinerar yrkesfagleg kompetanse med fag-og svennebrev med studiekompetanse. Fleire element i denne høyringa er relevante for ungdomane våre:
1. Ungdomane frå Kvinnherad vil miste eit viktig mangfald i sitt studietilbod. Det er eit gjennomgåande mønster i utgreiinga at kreative linjer i distriktet vert bygd ned, td musikk, dans, drama og kunst, arkitektur og design. Forslaget frå fylkesdirektøren vil såleis gjere det litt mindre fargerikt og spanande å vekse opp i distriktet i Vestland fylke.
2. YSK-linjene har vore svært verdifulle for mange ungdomar frå Kvinnherad, og dei gjev kompetanse som er relevant og etterspurt i det lokale næringslivet.
3. Fleire ungdomar frå distriktet, heriblant Kvinnherad, kan bli pressa til å flytte på hybel før dei er klare for det. Vi veit at fråfall er høgare blant hybelbuarar enn blant ungdom som kan bu heime nokre år til. Kostnaden ved fråfall er høg både for den einskilde og for samfunnet.
4. Sjølv om Kvinnherad vidaregåande ikkje er direkte berørt i denne runden, vil det vere naturleg å sjå etter moment som kan styrke Kvinnherad vidaregåande sin posisjon på sikt. Spørsmål: 1. Vil Ordføraren ta initiativ til at Kvinnherad kommune hentar innspel frå relevante aktørar, herunder Kvinnherad vidaregåande, og gjev uttrykk for sitt syn på saka til fylkeskommunen innan svarfristen 20.5.?
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.