Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Kommunal godkjenning av montering og bruk av kamera på Husnes Stadion.

Sak 18/2024 · Kommunestyret 15. februar 2024 · Behandlet

Vedtak

Kvinnherad kommune godkjenner montering av kamera på Husnes Stadion til filming (live-sending) av fotballkampar 4.divisjon herrer og 2.divisjon kvinner (eller lågare divisjonar) på følgande vilkår:

• NFF er behandlingsansvarleg for filminga og må sjå til at dette skjer etter gjeldande regelverk.

• Kvinnherad kommune skal ikkje under nokon omstende bera kostandar/arbeid knytt til prosjektet. Alle utgifter skal dekkjast av NFF. Dette gjeld også utgifter ved oppgradering av kommunale tekniske anlegg slik at dei oppfyller tekniske krav oppgitt i førespurnaden.

• Kamera skal berre visa banen og avgrensa område rundt banen der ikkje publikum oppheld seg.

• Det må oppnemnast ein person som er fysisk til stades og er ansvarleg for filminga. Filming skal stansast straks det oppstår situasjonar utan tilknyting til spelinga, som til dømes skade/ulykker eller slåssing.

• Det må vera ei ordning der spelarar og andre involverte på banen anonymt kan reservera seg mot filming.

• Før strømming tar til pliktar NFF å setja opp godt synlege informasjonsplakatar om kva område som vert filma, kva tidspunkt/kampar dette gjeld og korleis spelarar går fram for å hindra filming av kampar.

• Kvinnherad kommune kan krevja opphøyr av filming og fjerning av kamera dersom ikkje NFF overheld aktuelle regelverk og vilkår. Live-streamordninga skal evaluerast etter eitt års drift, særleg med tanke på personvernet for dei mindreårige spelarane og den anonyme reservasjonsordninga si fungering i praksis.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 15.02.2024:

Innstillinga frå Levekårsutvalet 30.1.24 vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.