Kommunene · Kvinnherad · Saker
Tiltak for å betre likviditeten
Vedtak
1. Kommunestyret vedtek ei tidsavgrensa auke i ramme for kassekreditt til 50 millionar kroner fram til nedsal frå Kraftfondet. 2. Kommunedirektør skal leggja fram ei ny sak om nødvendig nedsal frå Kraftfondet i starten av 2024.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 30.11.2023:
NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ KOMMUNEDIREKTØREN:
I statsråd fredag 24. november blei det vedteke å reversere ordninga med trekk i rammetilskot til kommunar med høge konsesjonskraftinntekter. Dette inneber at Kvinnherad kommune skal få utbetalt 43,2 millionar kroner i rammetilskot utover budsjettert nivå. Dette vil i første omgang forbetre likviditeten til kommunen tilsvarande. Kvinnherad kommune har ikkje motteke informasjon om kva tid rammetilskotet vert utbetalt. Økonomisjef legg til grunn at dette vert gjort seinast i starten av januar, som ein del av første terminutbetaling av rammetilskotet for 2024. Det er viktig å poengtere at sjølv om denne utbetalinga vil forbetre likviditeten, vil det framleis vere behov for nedsal frå Kraftfondet. Utbetalinga vil likevel kunne forskyve på tidspunktet for naudsynt nedsal, som kan vere positivt av fleire årsaker. Grunngjeving:
- I PS 121/2023 er innstillinga å selje mellom 60-80 millionar frå Kraftfondet for å forbetre likviditeten i dag. I kommunedirektør sitt forslag til budsjett for 2024 vil det vere eit ytterlegare behov for nedsal på 52 millionar kroner. Ved å avvente nedsal vil ein kunne vente på kommunestyret sitt vedtak til budsjett 2024 for å få klarheit i faktisk likviditetsbehov frå Kraftfondet i 2024. Dette vil gje Investeringsutvalet høve til å leggje ein heilskapleg, langsiktig strategi for nedsal for heile 2024. - Investeringsutvalet har sitt første møte 29.11.2023. Før nyheita om auka rammetilskot var det planlagt at Investeringsutvalet måtte gjere sitt vedtak om nedsal i møte 13.12.2023, eller i eit ekstraordinært møte veka før. Ved å avvente nedsal vil det gje nye medlemmar av Investeringsutvalet tid til å gjere seg betre kjent med Kraftfondet sine investeringar før vedtak om nedsal. - Ved å gjere nedsal i 2023 vil Investeringsutvalet bryte med investeringsmandatet i finansreglementet grunna for høg del Private Equity. Ved å avvente nedsal vil meir av utbytet frå Private equity kunne nyttast som del av nedsalet. Dette vil føre til at Investeringsutvalet vil kunne jobbe seg raskare fram til vedteke investeringsmandat. PÅ dette grunnlaget vil kommunedirektør føreslå å avvente nedsal i Kraftfondet. Kommunedirektør vil leggja fram ny sak i starten av 2024 med nye prognosar for likviditeten og nye prognosar for størrelsen på nedsal. Størrelsen på framtidig nedsal vil avhenge av fleire forhold, mellom anna:
- Skatteinngang i 2023 - Vedteke netto driftsresultat i 2024 - Vedteke eigenfinansering av investeringar i 2024 Dersom rammetilskotet ikkje vert utbetalt i desember vil likviditeten vere anstrengt resten av 2023. For å sikra nok tilgjengelege midlar til lønsutbetaling for desember vil kommunedirektør rå til å auke ramma for kassekreditt til 50 millionar kroner i ein tidsavgrensa periode. Moglegheita for dette er avklara med banken, men det er kommunestyret som har mynde til og må vedta dette. På dette grunnlaget vil kommunedirektør føreslå følgjande innstilling til PS 121/2023:
1. Kommunestyret vedtek ei tidsavgrensa auke i ramme for kassekreditt til 50 millionar kroner fram til nedsal frå Kraftfondet. 2. Kommunedirektør skal leggja fram ei ny sak om nødvendig nedsal frå Kraftfondet i starten av 2024.
Ny innstilling frå Kommunedirektøren vart sett opp mot innstillinga frå formannskapet i deira møte 23.11.23. Ny innstilling frå Kommunedirektøren vart einstemmig vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.