Kommunene · Kvinnherad · Saker
Godkjenning og 2. gangsbehandling - Detaljregulering for Husnes kollektivterminal og sentrumsveg, 144/68 m. fl. PlanID 20200011
Vedtak
Saka vert utsett til kommunestyremøtet 14.12.23. Premiss:
Utsett saka sentrumsplan med følgjande tillegg. Første del beheld me:
Til utsettelse.
Nytt forslag:
Kommunestyret ber kommunedirektøren leggja fram alternativ utforming av plankartet for areala ST1, SPP2 og ST2 slik at parkeringskapasiteten vert auka og slik at Solplassen kan vidareførast mest mogeleg i noverande form. Vidare skal planen ha fleksibilitet for bruken av arealet til nytt terminalbygget ( SST i plankart Skal også lagast eit plankart der ein opprettheld eksisterande antall parkeringsplassar.( Eller flest mogeleg) Saka skal opp og vedtakast i des. møte.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 30.11.2023:
Det vart sett fram forslag om utsetjing av saka til kommunestyremøtet 14.12.23. Dette vart samrøystes vedteke. Det vart sett fram 2 ulike forslag til premissa for utsetjing:
1. Øyvind Hardeland:
Utsett saka sentrumsplan med følgjande tillegg. Første del beheld me:
Til utsettelse.
Nytt forslag:
Kommunestyret ber kommunedirektøren leggja fram alternativ utforming av plankartet for areala ST1, SPP2 og ST2 slik at parkeringskapasiteten vert auka og slik at Solplassen kan vidareførast mest mogeleg i noverande form. Vidare skal planen ha fleksibilitet for bruken av arealet til nytt terminalbygget ( SST i plankart Skal også lagast eit plankart der ein opprettheld eksisterande antall parkeringsplassar.( Eller flest mogeleg) Saka skal opp og vedtakast i des. møte.
2. Wermund Vetrhus på vegne av SV:
SV vil fremja forslag om at eksisterande kollektivknutepunkt ved Undarheim skule blir vurdert, at planen blir omarbeida med andre funksjonar i arealet som er satt av til knutepunkt og parkering, slik at èin kan få ei meir fortetta utvikling av regionsenteret Husnes. Med andre ord, at planen blir sendt attende til administrasjonen, og ber om at vurderinga av kollektivknutepunkta blir lagt fram i februarmøtet.
Hardeland sine premiss for utsetjing vart sett opp mot Vetrhus sine premiss og vart vedteke med 26 røyster. Desse røysta imot: Jostein Rødland, INP, Gunnar Helleland, INP, Heidi Bolette Jakobsen, INP, Kjell Åge Ekeland, INP, Ivar Berge-Soldal, INP, Matthias Zimmermann, MDG, Silje Nordtveit Olsen, SV, Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV og Wermund Vetrhus, SV.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.