Kommunene · Kvinnherad · Saker
2. gongsbehandling - Godkjenning - Detaljregulering for Pollen næringsområde - Sunde - 154/32, 154/17 med fleire - PlanID 20220008
Vedtak
Kvinnherad kommunestyre godkjenner med medhald i plan- og bygningslova (pbl) § 12-2 Detaljregulering for Pollen næringsområde – Sunde – 154/32, 154/17 med fleire – PlanID 20220008.
Planen vil erstatte delar av følgjande plan:
1.Rv 544 Halsnøysambandet – Halsnøy (PlanID 19980012).
Vilkår:
Det er ikkje tillate med næringsverksemnd som fell under tiltak §§ 6 b) for tiltak i vedlegg I og 8 a) for tiltak i vedlegg II jf. Forskrift om konsekvensutredning av 2017. Næringsverksemnd skal ikkje påføre nærliggjande område lukt- og støvproblematikk. Støv i anleggsfase skal også vurderast. Tidsavgrensing for anleggsarbeid i anleggsperioden skal angis. Kommunen skal ikkje overta køyrevegar i planområdet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 30.11.2023:
Plan, teknikk og miljøutvalet si innstilling til kommunestyret vart einstemmig vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.