Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 30.11.2023:
Spørsmål frå Hildegunn Hanstvedt Tofte (SV)
Den 18.11.23 publiserte Kvinnheringen ei sak om at kommunen vil slå i saman einingsleiarane av heimeteneste nord og heimeteneste sør. Prosjektstillinga blir beskriven som ein spydspiss i arbeidet om å optimalisere heimetenestene. Me kan lesa at det er planar om ei omfattande omorganisering som krev ein veldig spesifikk og omfattande kompetanse.
Å slå saman leiarstillingar er i tråd med tidlegare vedtak om å sjå på leiarstillingar og redusere dei der ein kan. Det som uroar oss i SV er at det i saka også står at det kan hende dette vert reversert når prosjektperioden er over. Dersom det er behov for to leiarar om to år kan ein undra seg for korleis det vil vere i dei to åra ein ikkje har same tilgang på ressursar.
Ordførar, når vil kommunestyret bli gjort kjend med prosessen kring omorgansieringa? Er det slik at kommunestyret har delegert vekk mynde til å utføra ei så omfattande omorganisering som vi no les om i lokalmedia?
Spørsmål frå Stein Olav Ølvestveit (Sp)
PTM hadde møte den 14.11. I dette møte hadde me oppe sak PS37/2023 Ferjekai Varaldsøy-vurdering av flytande ferjekaimodul. Dette er ei sak som me meiner det hastar med å få på sakskartet, for me veit at fylke både vil og skal bruka penger på den gamle kaien på Varaldsøy. Og som de alle veit, så har det den siste tida vore alt for mangen driftsstansar i dette sambandet. Så spørsmålet mitt er; Kva tid kjem denne saka vidare til kommunestyret?
Spørsmål frå Ove Lemicka (Frp)
For ei tid tilbake vart det etter ein rettsprosess og seinare aksjeoverføring avklara at Kvinnherad kommune sin eigarskap av Kvinnherad Breiband AS som er gjennom Kvinnherad Energi AS vart auka til 100%.
Det er då fleire gode grunnar til å gjera ein strategisk gjennomgang av kva kommunen vil gjera med denne eigarskapen.
På eine sida kan ein tenkja seg at det er rett å eiga selskapet i overskuelig tid framover slik ein gjer no.
På andre sida kan det henda at ei verdivurdering og ei strategisk vurdering tilseier at det er rett for kommunen å overføra denne eigarskapen til ein annan aktør som har sin aktivitet innan denne sektoren. Dette kan og utløysa inntil fleire hundre millionar kroner for Kvinnherad kommune.
Grunnlag for ei slik vurdering kan vera at no når fiberutbygginga i Kvinnherad er fullført kan andre eller ei større eining drifta dette nettet betre og tryggare enn Kvinnherad kommune. Det kan og hende at utvikling av nye mobile løysingar gjer at verdiane i nettbasert breiband er på sitt høgaste nå og at det å realisera verdiane kan vera rett for Kvinnherad kommune og satsing på kommunen sine primæroppgaver.
Kan Ordføraren følgja opp å få gjennomført ei slik vurdering.
Spørsmåla vert svara ut i sak nr 2023/3840 og ettersendt kommunestyrerepresentantane og referert i neste møte.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.