E39 Ådland - Svegatjørn - Reguleringsplan til høyring
Vedtak
Fitjar kommune er positive til at reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn no er lagt ut på høyring. Fitjar kommune vil oppmoda om at vidare handsaming av planen vert gjeve prioritet slik at vegen kan realiserast så snart som mogleg.
Fitjar kommune aksepterer at Agdestein vert nærmaste kryss for tilkopling til ny E39 for Fitjar samfunnet. Det er positivt at dagens E39 vert nytta som tilføringsveg for Fitjar. Det er også positivt at det vert lagt til rette for kollektiv transport frå krysset både i nordleg og sørleg retning.
Det vil vera avgjerande for Fitjar at det vert lagt til rette for meir offentleg parkering Fitjar kommune vil oppmode om at det vert lagt til rette for meir offentleg parkeringsareal ved krysset. I framlegget som no ligg føre er det berre lagt opp til 8-10 offentlege parkeringsplassar. Det betyr at det vil bli veldig vanskeleg å få effektive overgangar frå privat bil til kollektiv transport. Når det er avsett så lite areal til innfartsparkering vil potensialet for kollektivreiser stort sett vera knytt til dei som er nærbuande til krysset. Fitjar kommune vil såleis på det sterkaste oppmode om at det vert lagt til rette for fleire offentlege parkeringsplassar.
Fitjar kommune er framleis positive til å drøfte handtering av masseoverskot og samarbeid om eventuelle riggplassar for prosjektet.
Viss behovet melder seg for å kutte kostnader i prosjektet ber me om at nordlegare kryssing vert vurdert.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 10.09.2026
Innstilling frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.