Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Høyring - framlegg om forskrift om tilfluktsstader

Sak 36/2026 · Kommunestyret 10. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Fitjar kommune stiller seg positiv til framlegg til ny forskrift om tilfluktsstader. Fitjar kommune vurderer det som positivt at forskrifta byggjer på eit breiare konsept for tilfluktsstader, der både dekningsrom, krigsutflytting, varsling og eigenberedskap vert sett i samanheng. Forskrifta legg nye oppgåver til kommunane gjennom kartlegging, risiko- og sårbarheitsvurderingar, planarbeid og vurdering av aktuelle dekningsrom. Sjølv om mange av oppgåvene har samanheng med eksisterande beredskapsarbeid, vil dette innebere eit vesentleg meirarbeid, særleg for mindre kommunar med avgrensa fagmiljø og kapasitet. Fitjar kommune meiner at det bør vurderast om Sivilforsvaret skal bere kostnader for naudsynte oppgraderingar av tilfluktsstader. Fitjar kommune vil også peike på at forventningar til kommunal beredskap er auka dei seinare åra. Det er naturleg, og det inga tvil om at kommunane er viktige aktørar i arbeidet med å sikra totalberedskapen. Alle bur i ein kommune og alle er i større og mindre grad avhengig av kommunale tenester. Fitjar kommune vil oppmoda om at stadig større krav til kommunalt beredskapsarbeid vert følgt opp gjennom å tilføra kommunane naudsynte ressursar til å løysa desse oppgåvene.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 10.09.2026

Innstilling frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.