Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Kulturmidlar i Fitjar kommune - framlegg til kriteria for tilskot.

Sak 23/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1.Fitjar kommune vedtek kriteria for tildeling av kulturmidlar slik dei ligg føre i saka. 2.Kulturmidlane skal frå og med 2026 fordelast som prosjektmidlar i tråd med vedtak i sak 23/26. 3.Ordninga vert kunngjort på kommunen si heimeside, og det vert opna for løpande søknader gjennom året.

4. Oversikt over tildelte midlar kunngjerast på kommunen si heimeside seinast når alle midlene er tildelt, eller ved årsskiftet.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 18.06.2026

Representanten Rune Helland (KRF) la føre framlegg til pkt. 4 i vedtaket:

Oversikt over tildelte midlar kunngjerast på kommunen si heimeside seinast når alle midlene er tildelt, eller ved årsskiftet. Det vart først røysta over innstillinga frå formannskapet. Denne vart samrøystes vedteke. Det vart deretter røysta over framlegget frå Helland (KRF). Dette vart samrøystes vedteke.

Det ligg etter dette føre slikt samrøystes vedtak:

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.