Tiltak for lesing 0 - 16 år - Fitjar kommune
Vedtak
Fitjar kommune vedtek leseplan for barn og unge 0–16 år, slik han ligg ved saka, som overordna styringsdokument for kommunen sitt arbeid med lesing i barnehage, skule, SFO og bibliotek.
Leseplanen skal leggje ei tydeleg og felles retning for leseopplæringa i kommunen, samstundes som barnehagar, skular og bibliotek har rom for pedagogisk skjønn og lokal tilpassing innanfor planen sine faglege rammer.
Kommunedirektøren rår til at tiltaket med overgangssekk i overgangen mellom barnehage og skule blir prioritert vidareført, og at det blir vurdert korleis ordninga kan fullfinansierast slik at alle barnehagar og skular kan ta ho i bruk.
Økonomiske konsekvensar av planen må vurderast nærare i samband med åreleg handsaming av budsjett- og økonomiplan. Det vert lagt til grunn at planen bør implementerast trinnvis og innanfor den samla ramma lagt i gjeldande økonomiplan.
Leseplanen skal blir evaluert jamleg, første gang innan 2 år etter iverksetjing.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 18.06.2026
Innstilling frå utval for oppvekst og omsorg vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.