Oppmoding om busetjing av flyktningar 2026
Vedtak
1. Kommunestyret vedtek at Fitjar kommune tek imot 4 flyktningar i 2026. Familiesameining kjem utanom.
2. Fitjar kommune har ikkje høve til å ta imot einslege mindreårige flyktningar.
3. Budsjettramma for 2026 vert ikkje endra, men vert nærare vurdert i samband med revidert budsjett i juni.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 19.02.2026
Representanten Rune Helland (KRF) la føre følgjande framlegg:
1. Kommunestyret vedtek at Fitjar kommune tek imot 15 flyktningar i 2026. Familiesameining kjem utanom.
2. Fitjar kommune har ikkje høve til å ta imot einslege mindreårige flyktningar.
3. Budsjettramma for 2026 justeres i henhold til saksutgreiinga.
Ved røysting vart tilråding frå formannskapet og utval for oppvekst og omsorg, sett opp mot framlegget frå representanten Helland (KRF). Tilråding frå formannskap og utval for oppvekst og omsorg fekk 9 røyster (H, FRP og UAVH). Framlegget frå representanten Helland (KRF) fekk 8 røyster (KRF, AP og SP), og fall.
Det ligg etter dette føre slikt vedtak:
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.