Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Delegeringsreglement Fitjar kommune

Sak 53/2025 · Kommunestyret 11. desember 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek følgjande endringar i relevante reglement for delegering av mynde:

Reglement for formannskap § 2:

Det andre strekpunktet vert erstatta med nytt strekpunkt med følgjande formulering:

- Formannskapet har ansvar for kommunale planar for områderegulering

- Formannskapet har ansvar for kommuneplanen sin arealdel

Det vert i tillegg ført inn følgjande nytt strekpunkt om kommunal beredskap:

- Ansvar for kommunal beredskap. Dette omfattar oppgåver, vedtak og planar som er heimla i sivilbeskyttelsesloven, samt kommunale tenester som er avgjerande for etterleving av kommunen sitt beredskapsansvar.

Reglement for utval for oppvekst og omsorg:

Det vert ikkje tilrådd endringar i reglement for oppvekst og omsorg.

Reglement for utval for plan og miljø

• Kommunestyret delegerer saker etter jordlova § 12 til utval for plan og miljø.

• PMU har ansvar for oppfølging av kommunen si landbruksteneste.

• PMU har ansvar for vedtak og oppfølging av ulovlige tiltak. PMU skal ha orienteringssak om uavklarte tiltak før administrasjonen byrjar si faktiske oppfølging av disse sakene

• Saker knytt til bygningsestetikk med vidare og saker der det vert utøvd forvaltnings skjønn i høve til estetiske val for utbygging, skal leggjast fram for utvalet til vedtak i dei tilfella der ordinær sakshandsaming vil gi avslag på byggesøknad

Delegering til ordførar Kommunestyret deleger slikt mynde til ordførar:

Ordførar har delegert mynde til å treffe vedtak som ikkje er av prinsipiell karakter der:

- Kommunedirektøren er ugild og det ikkje vert oppnemnt setjekommunedirektør.

- Det er lenge til neste politiske møte og der saka bør få ei rask avklaring.

- Andre saker som naturleg ligg til ordføraren sine øvrige arbeidsoppgåver

Ordførar kan i dei saker der kommunedirektør er ugild også gjera vedtak om oppnemning av setjekommunedirektør og innstille til politiske utval.

Ordførar er delegert mynde til å treffe hastevedtak etter kommunelova § 11-8. første ledd.

Ordførar kan oppretta utval som skal førebu saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

Andre endringar Kommunestyret erstattar kap. 5 i gjeldande reglement for Delegering til kommunedirektøren med å vise til kommunedirektøren sitt lovfesta ansvar for personalforvaltning etter kommunelova § 13-1-.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 11.12.2025

Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om at det skal røystast over både framlegget frå formannskapet og framlegget frå utval for plan og miljø. Kommunedirektøren oppsummerte saksgangen, og korleis det kom til at det ligg føre to framlegg til vedtak i saka.

Ved røysting vart framlegget frå formannskapet sett opp mot framlegget frå utval for plan og miljø. Framlegget frå utval for plan og miljø vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.