Evaluering/vidareføring av ferieopen SFO
Vedtak
1. Fitjar kommune vidarefører tilbodet om ferieopen SFO.
2. Ordninga med minst tre faste tilsette per dag vidareførast for å sikre god planlegging og drift.
3. Kommunen held fram med praksisen der barn med særskilde behov får besøke ferie-SFO på førehand for å bli kjende med tilbodet.
4. Kvar skule har ansvar for å sikre at barn med særskilde behov får med seg kjende vaksne til ferie-SFO.
5. Administrasjonen gjennomgår og vurderer rutinar for påmelding med mål om å auke deltakinga og sikre betre økonomisk berekraft.
6. Det vert gjort ei vidare vurdering av bemanningssituasjonen, spesielt knytt til barn med særskilde behov, for å sikre tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet.
7. Kommunedirektøren kjem tilbake med ei ny evaluering av ferieopen SFO innan utgangen av neste skuleår, der ein vurderer om eventuelle endringar i organisering og påmeldingsrutinar har gitt ønskt effekt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 23.04.2025
Tilråding frå utval for oppvekst og omsorg vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.