Strukturplan for oppvekst 2025 - 2035
Vedtak
Kommunestyret vel alternativ D for framtidig skulestruktur. Selevik skule består som den er i dag med 1.-7. trinn. Øvrebygda får oppveksttun med barnehage og 1. – 4. trinn og Rimbareid får 5. - 6.trinn frå Øvrebygda skule. (vedtak 20.06.24). Den kommunale drifta av barnehagen i Dåfjorden blir avslutta i samanheng med oppstart av oppveksttunet i Øvrebygda. Dersom private ynskjer å overta drifta av barnehagen blir denne overlatt til desse utan vederlag til kommunen.
Ved dette alternativet har alle krinsane ein skule og alternativet vil kunne vera positivt for utvikling av Dåfjorden. Blir elevtalet i Dåfjorden lågare enn det er i dag med 11 elevar må det i perioden gjerast vurderingar på om det er forsvarleg med skuledrift opp mot sosial, fagleg og økonomisk bærekraft.
Strukturendringa i Øvrebygda med flyttinga av 5. og 6. trinn skal tre i kraft frå skuleåret 2025/2026.
Kommunestyret legg til grunn at omstillingar som følgjer strukturendringar innan oppvekst skal skje utan oppseiingar. Det vert lagt til grunn bemanningstilpassing gjennom naturleg avgang og andre tiltak etter drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane.
Rimbareid skule har areal og funksjonsutfordringar
Klasserom for mellomtrinnet har lite areal og er dårleg lydisolert og lærar- arbeidsplassar ikkje i tråd med gjeldande lovkrav.
Det må startast opp eit arbeid som vurderer moglegheiter for ei anna arealnytting og utbetring i høve til bruk. Dette gjeld både ute- og inneområder.
Arbeidet med å finna ei løysing og tiltak innanfor eksisterande areal må starta opp snarast og vera klar til bruk seinast frå skuleåret 2025/2026. Eventuelle kostnader med oppgraderingar/ investeringar må ein koma tilbake til i eiga sak/revidert budsjett.
Det må startast planlegging for naudsynte større bygningsmessige tiltak for å ivareta eit godt lære- og skulemiljø på Rimbareid Barne og ungdomsskule.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.02.2025
Representanten Rune Helland (KRF) ba kommunestyret vurdera om han er ugild i saka, då han er styreleiar og medeigar i Dåfjorden utvikling. Kommunedirektøren orienterte om habilitetsreglane i forvaltningslova § 6, om særegne forhold. Representanten Helland (KRF) vart samrøystes erklært ugild, Andrè Olsen Aadland (KRF) møtte som vara.
Kommunedirektør Steinar Dalland orienterte om økonomiske konsekvensar for prioriteringar innan oppvekstsektoren.
Representanten Andrè Olsen Aadland (KRF) la på vegne av KRF føre følgjande framlegg til vedtak:
1. Kommunestyret går for alternativ E: Behalde dagens struktur slik den er.
2. Utsetje flytting av 5. og 6. klasse frå Øvrebygda skule til forhold på Rimbareid og opplegg for oppveksttun er avklart, og forhold belyst i innspel til planen er utbetra.
3. Der det er mogleg å samordne ressursar mellom Dåfjorden naturbarnehage og Selevik skule skal dette implementerast.
4. Rimbareid skule må styrkjast med betre uteområde og inneareal, inkludert arbeidsplasser for lærarane. Ein må gå i gang med utredning av plan for gymsal og symjehall.
5. Kommunestyret må justere budsjettet i tråd med vedtaket.
Representanten Jarle Helland (AP) la føre følgjande framlegg til vedtak:
Kommunestyret vel alternativ D for framtidig skulestruktur. Selevik skule består som den er i dag med 1.-7. trinn. Øvrebygda får oppveksttun med barnehage og 1. – 4. trinn og Rimbareid får 5. - 6.trinn frå Øvrebygda skule. (vedtak 20.06.24). Den kommunale drifta av barnehagen i Dåfjorden blir avslutta i samanheng med oppstart av oppveksttunet i Øvrebygda. Dersom private ynskjer å overta drifta av barnehagen blir denne overlatt til desse utan vederlag til kommunen.
Ved dette alternativet har alle krinsane ein skule og alternativet vil kunne vera positivt for utvikling av Dåfjorden. Blir elevtalet i Dåfjorden lågare enn det er i dag med 11 elevar må det i perioden gjerast vurderingar på om det er forsvarleg med skuledrift opp mot sosial, fagleg og økonomisk bærekraft.
Strukturendringa i Øvrebygda med flyttinga av 5. og 6. trinn skal tre i kraft frå skuleåret 2025/2026.
Kommunestyret legg til grunn at omstillingar som følgjer strukturendringar innan oppvekst skal skje utan oppseiingar. Det vert lagt til grunn bemanningstilpassing gjennom naturleg avgang og andre tiltak etter drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane.
Rimbareid skule har areal og funksjonsutfordringar
Klasserom for mellomtrinnet har lite areal og er dårleg lydisolert og lærar- arbeidsplassar ikkje i tråd med gjeldande lovkrav.
Det må startast opp eit arbeid som vurderer moglegheiter for ei anna arealnytting og utbetring i høve til bruk.
Arbeidet med å finna ei løysing og tiltak innanfor eksisterande areal må starta opp snarast og vera klar til bruk seinast frå skuleåret 2025/2026. Eventuelle kostnader med oppgraderingar/ investeringar må ein koma tilbake til i eiga sak/revidert budsjett. Det må startast planlegging for naudsynte større bygningsmessige tiltak for å ivareta eit godt lære- og skulemiljø på Rimbareid Barne og ungdomsskule.
Kommunestyret drøfta saka.
Møtet vart heva for gruppemøte.
Representanten Bård Inge Sørfonn (KRF) trekte framlegget som var lagt fram på vegne av KRF av representanten Aadland (KRF).
Representanten Jarle Helland (AP) la på vegne av alle parti følgjande felles framlegg til vedtak:
Kommunestyret vel alternativ D for framtidig skulestruktur. Selevik skule består som den er i dag med 1.-7. trinn. Øvrebygda får oppveksttun med barnehage og 1. – 4. trinn og Rimbareid får 5. - 6.trinn frå Øvrebygda skule. (vedtak 20.06.24). Den kommunale drifta av barnehagen i Dåfjorden blir avslutta i samanheng med oppstart av oppveksttunet i Øvrebygda. Dersom private ynskjer å overta drifta av barnehagen blir denne overlatt til desse utan vederlag til kommunen.
Ved dette alternativet har alle krinsane ein skule og alternativet vil kunne vera positivt for utvikling av Dåfjorden. Blir elevtalet i Dåfjorden lågare enn det er i dag med 11 elevar må det i perioden gjerast vurderingar på om det er forsvarleg med skuledrift opp mot sosial, fagleg og økonomisk bærekraft.
Strukturendringa i Øvrebygda med flyttinga av 5. og 6. trinn skal tre i kraft frå skuleåret 2025/2026.
Kommunestyret legg til grunn at omstillingar som følgjer strukturendringar innan oppvekst skal skje utan oppseiingar. Det vert lagt til grunn bemanningstilpassing gjennom naturleg avgang og andre tiltak etter drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane.
Rimbareid skule har areal og funksjonsutfordringar
Klasserom for mellomtrinnet har lite areal og er dårleg lydisolert og lærar- arbeidsplassar ikkje i tråd med gjeldande lovkrav.
Det må startast opp eit arbeid som vurderer moglegheiter for ei anna arealnytting og utbetring i høve til bruk. Dette gjeld både ute- og inneområder.
Arbeidet med å finna ei løysing og tiltak innanfor eksisterande areal må starta opp snarast og vera klar til bruk seinast frå skuleåret 2025/2026. Eventuelle kostnader med oppgraderingar/ investeringar må ein koma tilbake til i eiga sak/revidert budsjett.
Det må startast planlegging for naudsynte større bygningsmessige tiltak for å ivareta eit godt lære- og skulemiljø på Rimbareid Barne og ungdomsskule.
Ved røysting vart formannskapet sitt framlegg sett opp mot felles framlegg lagt føre av representanten Helland (AP). Felles framlegg vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.