Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Debatthefte 2025 Del I - Fra forventing til virkelighet

Sak 8/2025 · Kommunestyret 20. februar 2025 · Behandlet

Vedtak

Fitjar kommune gjev slik uttale til debatthefte – Frå forventning til virkelighet:

Korleis kan folkevalde redusere og handtere forventningsgapet i det politiske arbeidet og opp mot administrasjonen? I høve til dette er det viktig at folkevalde klarer å balansere rolla som styringsorgan og ombodsorgan. I stor grad fungerer dette godt i kommunane. Det er viktig at delegering av mynde mellom politikk og administrasjon vert gjort slik at den politiske styringa skjer på eit overordna strategisk nivå. Det er samstundes viktig at politisk nivå også får rett styringsinformasjon. I dag er det lagt særskilte føringar på styringsinformasjon gjennom særlover, mellom anna er det lovkrav knytt til framlegging av tilstandsrapport for barnevern og grunnskule. Ei slik rapportering sikrar at politisk nivå får ein djupare innsikt i desse områda og såleis har betre grunnlag for å gjera gode strategiske val. Andre tenesteområde har ikkje slik lovpålagt rapportering, men her kan kommunestyre sjølv gjera vurderingar om det også bør gjennomførast slik rapportering på andre tenesteområde.

Politikk handlar om prioriteringar og det er viktig at folkevalde både får og nyttiggjer seg av rett styringsinformasjon. Å gjera seg nytte av slik informasjon inneber å gjera vurderingar der ein alltid ser den samla kommunale drifta under eitt og både har fokus på det ein prioriterer opp og at det også har som konsekvens at eit anna område vert prioritert ned.

Korleis kan KS hjelpa til i dette arbeidet i den einskilde kommune? KS bidreg til omstilling og utvikling av kommunane mellom anna gjennom felles ordningar for digitalisering og gjennom konkret prosjektarbeid slik som mellom anna TØRN.

KS kan i ennå større grad driva FOU arbeid med fokus på datainnsamling og tilgjengeleggjering av samanliknbare data. KS kan også medverka til kommunane sitt arbeid gjennom sine dialogmøte med staten. Å skapa ei forståing for kommunane sin situasjon og å vera ei felles røyst for kommunane i nasjonale medium vil sikra betre rammer for naudsynt lokal forventningsstyring.

Korleis kan de som folkevalde medverka til å skapa forståing hjå innbyggjarane for at det er trong for å prioritera innanfor avgrensa ressursar? Som folkevalde møter de innbyggjarane på mange ulike arenaer dette gjev også moglegheit til å styre forventningar. Det er viktig at innbyggjarane sine bekymringar vert teke på alvor og at dei vert løfta opp gjennom spørsmål i ulike politiske fora. Ein open debatt er i seg sjølv viktig for å skape forståing for naudsynte prioriteringar.

Det er også viktig at det er godt samarbeid mellom politikk og administrasjon. Politisk styring bør vera klar, konsistent og byggja på at det er mogleg å gjennomføra innanfor dei ressursmessige, faglege og administrative rammene som ligg føre. Det er også viktig at administrasjonen gir tilstrekkeleg informasjon om desse rammene og effektane av den vedtekne politikken.

Kva er viktigast når KS har sin dialog med nasjonale myndigheiter for at kommunane skal ha større lokalt handlingsrom innanfor velferdsområde? I dag er mykje av den økonomiske styringa av kommunane basert på rammefinansiering, det kan opplevast som at ulike statlege sektorområder prøver å omgå dette gjennom å stilla stadig meir detaljerte lovkrav til korleis kommunane skal løysa ulike oppgåver. Den styringa er litt ulik mellom ulike sektorområder. Innanfor skular og barnehagar skjer dette mellom anna gjennom bemanningsnormer, medan det innan helse og omsorg skjer gjennom å lovfeste individuelle rettar.

Styring gjennom bemanningsnormer kan vera litt utfordrande og gje dårleg rom for kommunale prioriteringar. Til dømes synes bemanningsnorm for pedagogar i barnehage å vera for rigid ved at eit barn utover pedagognorm utløyser krav om full pedagogstilling. Det vert altså ikkje lagt opp til ei forholdsmessig styrking av pedagogtettleik. Bemanningsnorm innanfor grunnskule legg også sterke avgrensingar på kommunane sin moglegheit til å nytta ressursar med basis i lokalt skjønn. Per i dag er situasjonen slik at ein av tre kommunar ikkje fyller krava til lærarnorm, samstundes fyller 90 % av skulane krava.

Krav om bemanningsnorm verkar i stor grad til å låse kommunane i ein bestemt måte å løyse kommunale velferdsoppgåver på og motverkar på mange måtar nytenking og omstilling. Ein effektiv kommunal tenesteproduksjon handlar i større grad om å tilpassa seg desse krava enn å tenkja nytt med utgangspunkt i lokal kunnskap og brukarane sine behov.

Innanfor helse og omsorgstenester er kommunane gjerne låst til individuelle rettar som i seg sjølv kan vera positive, men som ofte ikkje opnar for ein effektiv ressursdisponering.

Kompetansekrav er ein tredje måte å detaljstyre kommunal organisering på. I ei tid der tilgang på personell vil vera ein avgjerande knappleiksfaktor er det viktig at krav til kompetanse tar utgangspunkt i ei vurdering av tilstrekkeleg kompetanse framfor ideell kompetanse. Ved overgang til krav om masterutdanning innanfor ulike fagfelt mister kommunane årskull som helst skulle vore i arbeid. Tilsvarande førte nye krav i akuttmedisinforskrifta til at kommunelegar må nytta meir tid til etterutdanning. Dette er sjølvsagt positivt, men det må også tas omsyn til at den demografiske utviklinga stiller krav om at den einskilde må stå lenger i arbeid. Skal den einskilde stå lenger i arbeidet er det truleg naudsynt å arbeide for høgare pensjonsalder, men også tidlegare introduksjon til arbeidslivet.

Det viktigaste i KS sin dialog med nasjonale myndigheiter er å sikra at statlege sektormynde må sjå det heilskaplege utfordringsbilete kommunane står i. Det er vidare viktig å skape forståing for at statleg detaljstyring kan vera ei bremse for kommunane sitt naudsynte omstillingsarbeid.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.02.2025

Tilråding frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.