Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028
Vedtak
Kommunestyret vedtek formannskapet sitt framlegg til budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028, med følgjande endringar:
Driftsbudsjett:
Investeringsbudsjett:
Verbale føringar:
KOMMUNALE AVGIFTER Det er frå administrasjonen foreslått ein auke i vassavgift på 20 % og på avløp 4,1 % (kommunal deflator) Det er eit politisk overordna mål at kommunale avgifter og skattar skal haldast på eit lågast mogleg nivå. Budsjettforslaget frå H, FrP og INP vil redusera auken i VA til ein auke på 10 %. Frå 1.5.25 skal MVA reduserast frå 25 % til 15 %. Årsgebyret er frå 1.5.25 vil då bli på same nivå som i 2024 kr. 5150,-(inkl. mva) Ein auke med 10 % vil gi ei auka inntekt på ca. 0,7 mill. til sjølvkostområdet. Ein ynskjer ikkje at ein skal auka opp med eigne stillingar. Det må vurderast kva som kan løysast med eigne ressursar og kva skal løysast via tenestekjøp/rammeavtalar. Viser til sak 86/24 – Vidare arbeid med Fitjar Vassverk.
- Arbeidet med å avdekka og utbetra lekkasjar i vassnettet må intensiverast omgåande. -Dersom reinseanlegget i Juvet kan få auka kapasitet med enkle grep, må dette og prioriterast.
- Hovudplanen for vassforsyning frå 2020 må rullerast med oppdatert kunnskap snarast råd, slik at vidare utvikling av vassverket vert bygd på god fagleg kunnskap og kommunestyret sine prioriteringar.
- Investeringar som skal gjennomførast på grunnlag av den oppdaterte planen skal leggjast fram for kommunestyret som eigne saker.
BLÅ SKULE Kommunestyret ber om at administrasjonen greier ut oppstart av Blå skule, etter modell av Tysnes kommune sitt opplegg med same namn. Utgreiinga skal ha opplysningar om:
1. Innhald
2. Lokalisasjon
3. Kven som skal nytta tilbodet
4. Kven som skal driva tilbodet/personale
5. Kven som har det overordna ansvaret
6. Kostnadar Kommunestyret ynskjer at arbeidet med saka skal starta første halvår 2025.
RIMBAREID SKULE – AREAL OG FUNKSJONSUTFORDRINGAR Klasserom for mellomtrinnet har lite areal og er dårleg lydisolert og lærar-arbeidsplassar ikkje i tråd med gjeldande lovkrav. Det må startast opp eit arbeid som vurderer moglegheiter for ei anna arealnytting og utbetring i høve til bruk. Arbeidet med å finna ei løysing og tiltak innanfor eksisterande areal må starta opp snarast og vera klar til bruk seinast frå skuleåret 2025/2026. Eventuelle kostnader med oppgraderingar/ investeringar må ein koma tilbake til i eiga sak/revidert budsjett. SKULEFRUKT Ber administrasjonen greie ut kostnad og sjå på korleis èin kan tilby skulefrukt i Fitjar kommune. Inntak av frukt og grønnsaker gir betre både psykisk og fysisk helse. Det viser seg at enkelte ungdommar i bygda ikkje får i seg anna grønt enn paprikaen på Grandiosaen. Med gratis skulefrukt i Fitjarskulen, kunne ein bidra til å betre kostholdet til ungdommen i bygda.
VURDERINGAR VEDR. ULIKE BUDSJETTPOSTAR Nokre budsjettpostar viser stor ulikskap frå på skulane. Rimbareid skule er budsjettert ein god del lågare enn krinsskulane. Viser til budsjettpostar for Mat og helse, forming, kopiering og fritt skulemateriell. Me ber om at desse ulike postane blir omdisponert slik det ligg på om lag same nivå for alle elevane i Fitjar kommune. Eksempelvis så har ein i Mat & Helse kr. 664,- pr. elev på Rimbareid, kr. 1417,- i Øvrebygda og kr. 5250,- i Sælevik. (Rekna ut etter antal elevar som har Mat & Helse pr. år)
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 18.12.2024
Det vart tildelt rekkefølgje for budsjettalar slik:
Ordførar Wenche Tislevoll (H) Varaordførar Sigurd Andrè Maraas (FRP) Leiar i utval for oppvekst og omsorg Ragnhild Prestbø (H) Leiar i utval for plan og miljø, og gruppeleiar Jo Kjetil Strand (FRP) Gruppeleiar Rune Helland (KRF) Gruppeleiar Jarle Helland (AP) Gruppeleiar Geir Arne Isdahl (INP) Gruppeleiar Kristian Skumsnes (SP) Gruppeleiar Gisle Levåg (H)
Representanten Sigurd Andrè Maraas (FRP) la føre følgjande framlegg til endringar ut frå formannskapet sitt budsjett, på vegne av H, FRP og INP, og gjekk gjennom endringspunkta:
Driftsbudsjett:
Investeringsbudsjett:
Verbale føringar:
Representanten Ragnhild Prestbø (H) la føre følgjande verbal føring, på vegne av H, FRP og INP:
KOMMUNALE AVGIFTER Det er frå administrasjonen foreslått ein auke i vassavgift på 20 % og på avløp 4,1 % (kommunal deflator) Det er eit politisk overordna mål at kommunale avgifter og skattar skal haldast på eit lågast mogleg nivå. Budsjettforslaget frå H, FrP og INP vil redusera auken i VA til ein auke på 10 %. Frå 1.5.25 skal MVA reduserast frå 25 % til 15 %. Årsgebyret er frå 1.5.25 vil då bli på same nivå som i 2024 kr. 5150,-(inkl. mva) Ein auke med 10 % vil gi ei auka inntekt på ca. 0,7 mill. til sjølvkostområdet. Ein ynskjer ikkje at ein skal auka opp med eigne stillingar. Det må vurderast kva som kan løysast med eigne ressursar og kva skal løysast via tenestekjøp/rammeavtalar. Viser til sak 86/24 – Vidare arbeid med Fitjar Vassverk.
- Arbeidet med å avdekka og utbetra lekkasjar i vassnettet må intensiverast omgåande. -Dersom reinseanlegget i Juvet kan få auka kapasitet med enkle grep, må dette og prioriterast.
- Hovudplanen for vassforsyning frå 2020 må rullerast med oppdatert kunnskap snarast råd, slik at vidare utvikling av vassverket vert bygd på god fagleg kunnskap og kommunestyret sine prioriteringar.
- Investeringar som skal gjennomførast på grunnlag av den oppdaterte planen skal leggjast fram for kommunestyret som eigne saker. Representanten Gisle Levåg (H) la føre følgjande verbale føringar, på vegne av H, FRP og INP:
BLÅ SKULE Kommunestyret ber om at administrasjonen greier ut oppstart av Blå skule, etter modell av Tysnes kommune sitt opplegg med same namn. Utgreiinga skal ha opplysningar om:
1. Innhald
2. Lokalisasjon
3. Kven som skal nytta tilbodet
4. Kven som skal driva tilbodet/personale
5. Kven som har det overordna ansvaret
6. Kostnadar Kommunestyret ynskjer at arbeidet med saka skal starta første halvår 2025.
RIMBAREID SKULE – AREAL OG FUNKSJONSUTFORDRINGAR Klasserom for mellomtrinnet har lite areal og er dårleg lydisolert og lærar-arbeidsplassar ikkje i tråd med gjeldande lovkrav. Det må startast opp eit arbeid som vurderer moglegheiter for ei anna arealnytting og utbetring i høve til bruk. Arbeidet med å finna ei løysing og tiltak innanfor eksisterande areal må starta opp snarast og vera klar til bruk seinast frå skuleåret 2025/2026. Eventuelle kostnader med oppgraderingar/ investeringar må ein koma tilbake til i eiga sak/revidert budsjett.
Representanten Erlend Dalen (H) la føre følgjande verbal føring, på vegne av H, FRP og INP:
SKULEFRUKT Ber administrasjonen greie ut kostnad og sjå på korleis èin kan tilby skulefrukt i Fitjar kommune. Inntak av frukt og grønnsaker gir betre både psykisk og fysisk helse. Det viser seg at enkelte ungdommar i bygda ikkje får i seg anna grønt enn paprikaen på Grandiosaen. Med gratis skulefrukt i Fitjarskulen, kunne ein bidra til å betre kostholdet til ungdommen i bygda.
Representanten Gisle Levåg (H) la føre følgjande verbal føring, på vegne av H, FRP og INP:
VURDERINGAR VEDR. ULIKE BUDSJETTPOSTAR Nokre budsjettpostar viser stor ulikskap frå på skulane. Rimbareid skule er budsjettert ein god del lågare enn krinsskulane. Viser til budsjettpostar for Mat og helse, forming, kopiering og fritt skulemateriell. Me ber om at desse ulike postane blir omdisponert slik det ligg på om lag same nivå for alle elevane i Fitjar kommune. Eksempelvis så har ein i Mat & Helse kr. 664,- pr. elev på Rimbareid, kr. 1417,- i Øvrebygda og kr. 5250,- i Sælevik. (Rekna ut etter antal elevar som har Mat & Helse pr. år)
Representanten Rune Helland (KRF) la føre følgjande framlegg til endringar ut frå kommunedirektøren sitt budsjett, på vegne av KRF, AP og SP, og gjekk gjennom endringspunkta:
Driftsbudsjett:
Investeringsbudsjett:
Verbale føringar:
- Kommunestyret ber om at det igangsettes et arbeid for å etablere et tilstrekkelig og tilpasset avlastningstilbud til barn og unge i familier med høyt omsorgsbehov. Arbeidet skal starte i kommende år med mål om å få på plass konkrete løsninger innen rimelig tid.
- Kommunestyret ber om at det vert reist sak for å sjå om det kan etablerast eit aktivitetstilbod på museumsgarden i Årskog. Målet med eit slikt tiltak er å ha aktivitetar som kan førebyggja ungt utaforskap og gje meiningsfulle opplevingar for andre grupper som kan ha nytte av eit slikt tilbod som for eksempel elevar i grunnskulen. Utval for oppvekst og omsorg skal ha det politiske ansvaret for saka. NAV-Fitjar og aktuelle brukarrepresentantar bør vera viktige medspelarar undervegs. Kommunestyret ynskjer at arbeidet med saka skal starta første halvår 2025.
Møtet vart heva for gruppemøte.
Røysting:
Det vart først røysta over verbale føringar frå frå H, FRP og INP. ‘Kommunale avgifter’ fekk 9 røyster (H, FRP og INP). ‘Blå skule’ fekk 10 røyster (H, FRP, INP og SP) ‘Rimbareid skule – areal og funksjonsutfordringar’ vart samrøystes vedteke. ‘Vurderingar vedr. ulike budsjettpostar’ fekk 9 røyster (H, FRP og INP) ‘Skulefrukt’ vart samrøystes vedteke. Det vart deretter røysta over verbale føringar frå KRF, AP og SP ‘Avlastingstilbod til barn og unge’ fekk 8 røyster (KRF, AP og SP), og fall. ‘Aktivitetstilbod i Årskog’ fekk 7 røyster (KRF og AP), og fall.
Representanten Rune Helland (KRF) la på nytt føre framlegg til budsjett på vegne av KRF, AP og SP, med tillegg av verbale føringar ‘Rimbareid skule-areal og funksjonsutfordingar’ og ‘Skulefrukt’.
Ved røysting over budsjettet, vart det først røysta over framlegget frå formannskapet. Dette fekk 0 røyster, og fall. Deretter vart framlegget frå H, FRP og INP sett opp mot framlegget frå KRF, AP og SP. Framlegget frå H, FRP og INP fekk 9 røyster (H, FRP og INP), framlegget frå KRF, AP og SP fekk 8 røyster (KRF, AP og SP), og fall. Det ligg etter dette føre slikt vedtak:
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.