Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Eigarskapsmelding og eigarskapsstrategi for 2023

Sak 83/2024 · Kommunestyret 14. november 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyre tek eigarskapsmeldinga for 2023 til orientering. Kommunedirektøren rettar endringane som er drøfta og som ikkje er av prinsipiell karakter. Kommunedirektøren vert beden om å koma tilbake til formannskapet der kommunen sine posisjon i kystkultur.no vert vurdert. Kommunedirektøren skal førebu ei sak til valnemnda om system for kommunen si oppfølging av utnemnde styremedlemmer og eigarrepresentantar.

1. Ny tekst under omtale av Vann Vest AS:

Føremål og strategisk interesse: Fitjar kommune har stor nytte av å vera med i eit fagleg fellesskap om VA, saman med andre kommunar. Med ein heller liten stab i VA-avdelinga vil kommunen ha lett tilgang til fagleg utvikling og spisskompetanse på området.

2. Kommunestyret ber om at Vest Brann og Redning KO vert omtala i den neste eigarskapsmeldinga.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.11.2024

Representanten Harald Rydland (KRF) la føre følgjande framlegg:

1. Ny tekst under omtale av Vann Vest AS:

Føremål og strategisk interesse: Fitjar kommune har stor nytte av å vera med i eit fagleg fellesskap om VA, saman med andre kommunar. Med ein heller liten stab i VA-avdelinga vil kommunen ha lett tilgang til fagleg utvikling og spisskompetanse på området.

2. Kommunestyret ber om at Vest Brann og Redning KO vert omtala i den neste eigarskapsmeldinga.

Røysting:

Det vart først røysta over framlegget frå formannskapet, dette vart samrøystes vedteke. Det vart deretter røysta over pkt. 1 i framlegget frå Rydland (KRF), dette vart samrøystes vedteke. Det vart til slutt røysta over pkt. 2 i framlegget frå Rydland (KRF), dette vart samrøystes vedteke. Det ligg etter dette føre slikt samrøystes vedtak:

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.