Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Ymse

Sak 76/2024 · Kommunestyret 12. september 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 12.09.2024

Representanten Rune Helland (KRF) hadde sendt inn følgjande spørsmål:

Viser til sak PS 16/24 i kommunestyret om busetnad av flyktninger der Likestillings- og diskrimineringsombudet har kontakta Fitjar Kommune (brev av 3/5) der dei ber om svar på nokre punkt. Dette er besvart frå Fitjar Kommune ved konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm i brev med dato 10/6. I brev av 3/7 melder Likestillings- og diskrimineringsombudet at dei ynskjer å innhenta meir informasjon i saka og melder at dei vil ta kontakt etter ferien.

Kvar står saka no? Har det vore kontakt etter ferien jamfør det som er meldt i brevet?

Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om at Fitjar kommune ikkje har høyrt noko frå Likestillings- og diskrimineringsombudet etter 3. juli.

Representanten Sigurd Andrè Maraas (FRP) hadde spørsmål om kantklypping, spesielt langs vegar utan fortau der elevar går til skulen.

Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om at det er utført kantklypping langs kommunale vegar. Det går føre seg kantklypping langs fylkeskommunale vegar, desse har frist til 15. september å bli ferdig.

Representanten Sigurd Andrè Maraas (FRP) kommenterte at det bør leggjast ut informasjon på kommunen si heimeside om korleis ordninga med fastlege i nordsjøturnus fungerer i praksis.

Kommunedirektør Steinar Dalland svara at administrasjonen vil syta for at nettsida vert oppdatert om dette.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.