Vedtak - vidare arbeid med Fitjar vassverk
Vedtak
Kommunestyret tek saksutgreiinga til vitande og bed kommunedirektøren om fylgjande:
1. Arbeidet med å avdekka og utbetra lekkasjar i vassnettet må intensiverast omgåande. Dersom reinseanlegget i Juvet kan få auka kapasitet med enkle grep, må dette og prioriterast. Kommunestyret må få melding dersom det må setjast av investeringsmidlar for å utføra desse tiltaka på ein effektiv og god måte.
2. Hovudplanen for vassforsyning frå 2020 må rullerast med oppdatert kunnskap snarast råd, slik at vidare utvikling av vassverket vert bygd på god fagleg kunnskap og kommunestyret sine prioriteringar.
3. Investeringar som skal gjennomførast på grunnlag av den oppdaterte planen skal leggjast fram for kommunestyret som eigne saker.
4. Utval for plan og miljø skal få orientering om oppfølging av dette vedtaket på første møte i 2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.11.2024
Kommunestyret drøfta saka.
Representanten Jo Kjetil Strand (FRP) la føre følgjande felles framlegg til vedtak på vegne av alle parti:
Kommunestyret tek saksutgreiinga til vitande og bed kommunedirektøren om fylgjande:
1. Arbeidet med å avdekka og utbetra lekkasjar i vassnettet må intensiverast omgåande. Dersom reinseanlegget i Juvet kan få auka kapasitet med enkle grep, må dette og prioriterast. Kommunestyret må få melding dersom det må setjast av investeringsmidlar for å utføra desse tiltaka på ein effektiv og god måte.
2. Hovudplanen for vassforsyning frå 2020 må rullerast med oppdatert kunnskap snarast råd, slik at vidare utvikling av vassverket vert bygd på god fagleg kunnskap og kommunestyret sine prioriteringar.
3. Investeringar som skal gjennomførast på grunnlag av den oppdaterte planen skal leggjast fram for kommunestyret som eigne saker.
4. Utval for plan og miljø skal få orientering om oppfølging av dette vedtaket på første møte i 2025.
Ved røysting vart framlegget frå Strand (FRP) samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.