54/1, 55/1, 56/1 - Avgjerd - nedlegging av kommunal veg - Sæterbøvegen
Vedtak
1. Øvre delen av den kommunale vegen Sæterbø vegen vert nedlagt som kommunal veg, jf. § 7 veglova gjeldande frå 01.01.2025.
2. Investeringspost for trafikksikringstiltak (kr. 300 000) vert omdisponert til å gjennomføra oppgraderingstiltak på øvste 820 m av Sæterbø vegen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 12.09.2024
Representanten Sigurd Andrè Maraas (FRP) ba kommunestyret vurdera om han er ugild i saka, då han er grunneigar i vegen. Maraas (FRP) vart samrøystes erklært ugild, og gjekk får møtet. Det var ikkje kalla inn vara.
Representantane Karen Elisabet Rydland Sæbø (SP) og Julian Helland (FRP) la føre følgjande framlegg til vedtak:
1. Øvre delen av den kommunale vegen Sæterbø vegen vert nedlagt som kommunal veg, jf. § 7 veglova gjeldande frå 01.01.2025.
2. Investeringspost for trafikksikringstiltak (kr. 300 000) vert omdisponert til å gjennomføra oppgraderingstiltak på øvste 820 m av Sæterbø vegen.
Ved røysting vart framlegget frå Sæbø (SP) og Helland (FRP) sett opp mot framlegget frå utval for plan og miljø. Framlegget frå SP og FRP vart samrøystes vedteke (16 røyster).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.