Avslutting av mobilitetsprosjekt
Vedtak
Fitjar kommunestyre ser at Skyss ikkje finn økonomisk rom for å delta i eit prosjekt for berekraftig mobilitet i Fitjar no. Kommunestyret set likevel pris på at Skyss vil arbeida for å få til ei bestillingsteneste i Fitjar med oppstart i juni 2026. Fitjar kommune vil gjerne bidra med lokal kunnskap når rutetilbod og anna skal planleggjast.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.06.2024
Representanten Harald Rydland (KRF) la føre følgjande framlegg til vedtak:
Fitjar kommunestyre ser at Skyss ikkje finn økonomisk rom for å delta i eit prosjekt for berekraftig mobilitet i Fitjar no.
Kommunestyret set likevel pris på at Skyss vil arbeida for å få til ei bestillingsteneste i Fitjar med oppstart i juni 2026. Fitjar kommune vil gjerne bidra med lokal kunnskap når rutetilbod og anna skal planleggjast.
Framlegget frå representanten Rydland (KRF) vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.